– Har nokon blitt innlagde med coronaviruset på Oslo universitetssjukehus?
– Nei. Dette stemmer altså ikkje.
Det seier pressevakt ved Oslo universitetssjukehus, Anders Bayer.
NRK har sett fleire tilfelle av manipulerte bilete der det går fram at nokon skal ha coronaviruset her i Noreg, men ifølgje sjukehuset er dette ikkje sant.
Skapar frustrasjon på akuttmottaket
Når vi først snakkar med pressevakta, seier han at han nyleg kom frå akuttmottaket. Då hadde han allereie fått fleire førespurnadar frå andre riksmedium, og hadde for kort tid sidan sett ein slik post sjølv.
– På akuttmottaket blir det ein god del irritasjon, og vi blir triste over at nokon synest det er god underhaldning å spreie falske rykte. Stemninga blei litt ilter, over at nokon synest det er festleg. For det synest ikkje vi, seier Bayer.
Vil ikkje bli forstyrra
– Våre førebuingar mot dette nye coronaviruset medfører jo ein ganske stor innsats, og det siste vi treng no er distraksjon i forhold til det arbeidet vi må gjere for å vere best mogleg førebudde.
Det seier Arne Broch Brantsæter, som er overlege ved infeksjonsmedisinsk avdeling ved Oslo universitetssjukehus.
– Påverkar falske nyheiter dykk mykje i kvardagen, no?
– Beredskapsarbeidet opptek mykje tid for mange menneske. Heldigvis har vi vore skåna mot «fake news» fram til no, men det er veldig uheldig at vi opplever det no, seier han.
Er førebudde om viruset kjem
Brantsæter seier kva som vil skje dersom det blir bekrefta tilfelle av viruset i Noreg.
– Det viktige er at eit tilfelle blir oppdaga snarast råd, slik at pasienten kan isolerast, og hindrar smitte til andre. Så lenge dette ikkje får eit stort omfang, som vi håpar det ikkje vil få, så er vi godt førebudde på å handtere enkelttilfelle ved alle landets sjukehus.
- Les også:
Han seier han har sett fleire saker på nettsidene til NRK der han ser at nokre meiner at det vil kunne kome mange tilfelle av viruset i Noreg. Dersom viruset kjem til landet, må ambisjonane vere høge, seier overlegen.
– Eg meiner at vi framleis må ha som ambisjon å jobbe mot at dette ikkje skal spreiast i den generelle befolkninga i Noreg, og at dette berre skal vere enkeltståande tilfelle som vi må takle på ein proff måte.
- Les også:
Seier nordmenn ikkje burde vere bekymra
– Burde den vanlege nordmannen på gata vere bekymra for viruset?
– Nei, eg meiner ikkje det per i dag. Helsevesenet rustar seg på ein god måte for å kunne identifisere tilfelle tidleg. Vi må isolere personane å gje dei god behandling slik at det vil ta lang tid før vi ser ein generell spreiing i samfunnet får vi håpe.
– I så måte er det heller ingen grunn for den vanlege nordmannen å frykte denne sjukdommen i dag, seier Brantsæter heilt til slutt.