Hopp til innhold

Då Torstein skulle isolere seg, flytta assistentane med han til fjells

– Eg blir rørt av dugnadsånda, seier den fysisk funksjonshemma Torstein Lerhol.

Torstein Lerhol og assistenten på påsketur

SOLVEGG: Torstein Lerhol har flytta heim for å unngå smitte. Assistentar frå Oslo vart med på lasset og har feira påske saman med Lerhol-familien i Vang.

Foto: Privat

Lerhol bur til vanleg i Oslo. Han jobbar i Asker, der han er avdelingsleiar i Stendi med ansvar for 700 personar.

Då koronaviruset kom til Noreg rømte han og søstera heim til Vang i Valdres. Dei har begge spinal muskelatrofi (SMA), som er ein sjukdom som svekker muskel- og leddfunksjonen. Det kan bety at dei er ekstra sårbare om dei får covid-19.

Torstein Lerhol har assistentar som er armar og bein for han heile døgnet. Då han ville heim til garden vart fleire av dei med på flyttelasset.

Isolerer seg

Gunvor Ådnøy Eriksen (22) og Jogeir Daae Mæland (29) bur begge i Oslo og jobbar deltid for valdrisen.

Då Lerhol ville flytte kom dei seg raskt ut av storbyen. No treffer dei så få som mogleg, og isolerer seg også på fritida.

– Skrekken er å vere den som tar med seg smitte til nokon i risikogruppa, fortel Gunvor Ådnøy Eriksen.

Ho har jobba som tilkallingsvikar for Lerhol i litt over halvanna år ved sidan av psykologistudia. No når undervisninga går over nettet, har ho vore på jobben samstundes.

Torstein Lerhol på heimekontor i Vang i Valdres.

HEIMEKONTOR: Jogeir Daae Mæland er med Lerhol på jobb på heimekontoret. Lerhol planlegg heimekontor på garden i Valdres til ut juni minst, for å unngå å bli smitta.

Foto: Privat

Daae Mæland, som har jobba tre år for Lerhol, er opphavleg frå Vang og reiste til familien sitt hus der. Han beskriv seg sjølv som ein sindig fyr, men kjende også på redselen for å smitte sjefen.

– Eg var veldig redd for å vere «patient zero» i Vang og spesielt for den gruppa. Om Torstein får det ille har han mindre odds for å overleve. Så eg var nok meir stressa enn eg trudde, seier han.

Assistentane får overtidsbetalt når dei jobbar meir enn vanleg. Når dei bur i Vang har dei også fått diettpengar og dei som treng det får dekt leigebil for å unngå å reise kollektivt.

– Vi er heldige

Assistentane har levd i Vang fleire veker i strekk og jobbar mange fleire dagar etter kvarandre enn dei brukar. Påskeferien feira dei saman med Lerhol-familien i staden for sin eigen.

Likevel er dei glade for å vere akkurat der i denne tida.

Torstein Lerhol på stølen i Vang

PÅSKETUR: Gunvor Ådnøy Eriksen, som er assistenten til Lerhol seier ho har blitt som ein del av familien av å vere isolert med dei i fleire veker. Ho feira påske med dei på familie-setra som ligg i heimkommunen deira.

Foto: Privat

– Når venner har sagt «oi, skal du ofre tid av livet for å vere der oppe og jobbe», har dei ikkje heilt skjønt, trur eg. Det er kjempefint i Vang med naturen tett på. Og eg ser på Torstein som ein god venn, seier Gunvor Ådnøy Eriksen.

Daae Mæland skulle spelt konsertar denne våren, som alle er avlyste. I staden har han rigga til studio i Vang og speler inn plate når han ikkje er på jobben.

– Eg kjenner fleire som planla verdsturné no, men som sender klager til Nav i staden. Eg er takksam for å ha ein jobb som betyr noko, seier han.

Sosialt

Heile storfamilien Lerhol har isolert seg saman på garden. Med påskequiz, middagar og spelekveldar seier assistentane at dei får meir sosial omgang enn veldig mange andre i denne tida.

– Eg har følt meg som ein del av familien Lerhol dei siste vekene. Det har vore så herleg å få vere med heile familien og assistentar rundt bordet, seier Ådnøy Eriksen.

Torstein Lerhol og assistent Jogeir Daae Mæland

SOSIALT: Jogeir Daae Mæland føler seg heldig som kan vere på jobb i desse tider, i staden for å isolere seg i ei lita leilegheit i Oslo.

Foto: Privat

Daae Mæland, som elles berre møter kjærasten og broren er einig.

– Det er mange som har følt på det når ein er i isolasjon i ei leilegheit, men eg får dosane mine på jobb hos Torstein. Det er nok sosialt liv for meg, seier han.

Mange isolerer seg

Fleire av medlemmane i Noregs Handikapforbund har isolert seg no. Det fortel Monica Haugen som er interessepolitisk rådgjevar i forbundet.

Monica Haugen i Norges Handikapforbund

FLEIRE GJER DET SAME: Monica Haugen i Norges Handikapforbund seier mange medlemmar har isolert seg for å unngå smitte.

Foto: Privat

– Mange som har assistanse sit i rullestol og mange har også luftvegsproblematikk. Så det er utruleg mange som er i risikogruppa, seier Haugen.

Dette endra arbeidskvardagen for fleire av dei personlege assistentane. Dei jobbar gjerne lengre turnusar og lever som om dei var i karantene.

– Assistentane ønsker å verne om sjefen sin. Så også i fritida si oppsøker dei i mykje mindre grad situasjonar der dei blir utsett for smitte. Vi ser at mange gjer sitt aller beste, seier ho.

– Litt som ei sekt

Torstein Lerhol har allereie innstilt seg på å ha heimekontor frå garden i lang tid framover.

– Eg har førebudd meg på at eg ikkje kjem på jobben før etter sommarferien. Fortsett det etter sommarferien må vi ta ein dag av gongen, seier han.

No er han glad for å leve eit liv i heimkommunen med heile storfamilien. Der har både mor, far, søsken og onkelborn isolert seg i lag med han. Lerhol seier dei er litt som ein liten sekt.

– Veldig mange blir einsame i desse tider. Vi er heldige at vi kan ha menneskeleg kontakt utan at det er utrygt, seier 33-åringen.