Hopp til innhold

Datatilsynet opnar gransking etter mobilsporing

Datatilsynet skal undersøke eit britisk selskap sitt sal av nordmenn sine posisjonsdata på den opne marknaden. Arbeidarpartiet ber fleire statsrådar om å forklare seg.

Mobiltelefon lyser opp i mørket.

– UAKSEPTABELT: Datatilsynet og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland reagerer begge på avsløringane om sal av nordmenn sine posisjonsdata på den opne marknaden.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Datatilsynet har valt å starte gransking av selskapet Tamoco etter NRK sine avsløringar av kor enkelt det er å kjøpe informasjon om kor folk oppheld seg.

Det stadfestar Tobias Judin, seksjonssjef i Datatilsynet.

– Vi vel å sjå på denne saka sidan vi meiner den er svært alvorleg, det som har skjedd her verkar svært grovt og er i alle fall krenkande for den det gjeld, seier han.

Han fortel til NRK at dei har hatt mistankar om nordmenn sine posisjonsdata vert selt på den opne marknaden, men at dei ikkje har sett konkrete bevis på det før NRK si avsløring.

– Vi har hatt mistankar om at dette skjer, men vi har ikkje hatt nokon klare bevis på det. Vi har ikkje sett det i praksis før, seier han.

Tobias Judin, datatilsynet

HAR HATT MISTANKAR: Seksjonssjef i Datatilsynet, Tobias Judin, fortel at dei har hatt mistankar om at det har gått føre seg sal av nordmenn sine posisjonsdata på den opne marknaden.

Foto: Martin Gundersen / NRK

Vil samarbeide med britiske kollegaer

– Det her er rett og slett heilt uakseptabelt, om det er ulovleg eller ikkje skal tilsynet finne ut av, men uansett er det etisk heilt uakseptabelt, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Helleland seier ho vil kontakte sin britiske kollega, for å sjå på korleis dei saman kan handtere selskapa som set saman og sel posisjonsdata om nordmenn.

Sidan Tamoco held til i Storbritannia må også Datatilsynet ha hjelp av det britiske datatilsynet for å granske dei.

Judin seier dei er villige til å bruke dei ressursane saka krev.

– Vi er forberedt på å bruke dei ressursane som trengst. Men det vil nok krevje mykje meir av det britiske datatilsynet, om dei vel å samarbeide med oss i denne saka, seier han.

Stavanger

KARTLA NORDMENN: NRK brukte posisjonsdata vi kjøpte av Tamoco for å vise kor lett det er å spore nordmenn gjennom mobilar. No granskar Datatilsynet det britiske selskapet.

Foto: Kart: Norge i bilder, illustrasjon: Harald K. Jansson/NRK

Tidleg i prosessen hadde NRK hyppig dialog med Tamoco via telefon og e-post med representantar frå selskapet. Etter at NRK opplyste om at vi jobba med ein kritisk sak om selskapet si handtering av data, har dei ikkje svart på våre spørsmål og gjentatte forsøk på intervju.

NRK har på nytt prøvd å få kommentarar frå Tamoco etter at Datatilsynet varsla gransking.

Tamoco

TAMOCO: Bak denne døra i Holborn, sentralt i London, held selskapet Tamoco til. På heimesida si skriv dei at dei gjer data tilgjengeleg for alle.

Foto: Johan Bull/NRK

Helleland: – Etisk heilt uakseptabelt

– Sjølv om du og eg aksepterer at denne informasjonen kan bli brukt, så aksepterer vi ikkje at informasjonen skal settast saman i eit bilete for å følgje deg og meg sine bevegelsesmønster i detalj, seier digitaliseringsminister Helleland.

Du seier at det er uakseptabelt, kvifor har du ikkje stansa det?

– Det her er ei rivande utvikling innan digitalisering og korleis store selskap kan tene store pengar på min og din bevegelse, seier Helleland.

wO0SX1GCr58

– Uakseptabelt: Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland reagerer kraftig på NRK-avsløringa om kjøp og sal av norske posisjonsdata.  

Foto: Terje Bendiksby / scanpix

Ap ber om svar

Reaksjonane let ikkje vente på seg på Stortinget heller. Stortingsrepresentant Lene Vågslid har sjølv skrudd av posisjonstilgangen til fleire appar.

– Du som forbruker er forsvarslaus, at posisjonsdata om deg som du ikkje har gått med på å gje vekk, vert gjeve vekk på denne måten, det er heilt uakseptabelt, seier Lene Vågslid (Ap).

Guide: Slik begrenser du sporing av din mobil

Vågslid ber no justisminister Monica Mæland (H), distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland og barne- og familieministeren Kjell Ingolf Ropstad om å kome til Stortinget.

Leiaren i justiskomiteen vil og klargjere kven av statsrådane som har det faktiske ansvaret for dette feltet.

– Eg vil ha svar på kva norske styresmakter gjer og kva regjeringa har gjort dei siste to åra for å følgje opp og handheve dette regelverket på best mogleg vis, seier Vågslid.

Vågslid ønskjer svar på korleis Regjeringa handhevar personvernforordninga som vart innført i 2018 (GDPR).

Vågslid erfarer at straffetiltaka forordninga opna for framleis vert lite brukt:

– No kan vi gje mykje saftigare bøter, men gjennom min dialog med Forbrukarrådet og andre, erfarer eg at sanksjonane i liten grad har blitt brukt til no, seier Vågslid.

Lene Vågslid

VIL VITE: Leiaren i justiskomiteen på Stortinget, Lene Vågslid (Ap), ber Regjeringa forklare kva sanksjonar dei har brukt for å handheve det europeiske personvernlovene (GDPR) som kom i 2018.

Foto: JON PETRUSSON / NRK

Ap etterlyser informasjon om korleis dette vert handheva?

– Vi kjem med ein årleg rapport, og då håpar eg Ap viser like stort engasjement. Vi har og eit forslag om ein personvernkommisjon som skal gå gjennom nettopp slike saker som denne, seier Helleland, før ho understrekar alvoret:

– Vi må sørgje for at vi har eit lovverk som sikrar personvernet vårt, seier Helleland.

Tobias Judin

HAR IKKJE BØTELAGT I SLIKE SAKER FØR: Tobias Judin fortel at Datatilsynet har bøtelagt fleire statlege verksemder og private selskap etter dei nye GDPR-reglane kom, men ikkje i saker som gjeld sal av nordmenn sine posisjonsdata på den opne marknaden.

Foto: Martin Gundersen / NRK

Fleire verksemder har fått bøter

Det er også krevjande å granske selskap som opererer i fleire land, fortel Judin i Datatilsynet.

Han viser til at det allereie har vore fleire avskrekkande bøter i Europa som følgje av GDPR, mellom anna mot Google.

– Datatilsynet har og gjeve fleire bøter, først og fremst til offentlege verksemder så langt, men vi har og saker mot private verksemder, seier Judin.

Men dei har ikkje bøtelagt selskap som sel nordmenn sine posisjonsdata på den opne marknaden tidlegare:

– Når det kjem til det denne saka handlar om, så opererer selskapa ofte utanfor Noreg, og det er derfor vi ikkje har gjeve bøter i denne typen saker før.

AKTUELT NÅ