Hopp til innhold

Skaderekord i påska: – Ein dramatisk auke

Røde Kors har behandla dobbelt så mange skader denne påska enn i fjor. Før dei aller siste tala kjem inn nærmar ein seg toppåret 2013.

Lyngen Røde Kors Hjelpekorps

Det var ekstreme forhold da ein person blei redda ned frå Kavringtiden i Lyngen onsdag.

Foto: Lyngen Røde Kors Hjelpekorps

– Det har vore ein dramatisk auke i forhold til dei to siste åra, seier Kjetil Frydenlund, leiar i Buskerud Røde Kors hjelpekorps.

Han leiar eit av hjelpekorpsa som har hatt det aller mest travelt denne påska.

Finvêret er hovudårsaka

Berre i Buskerud har dei vore ute på 41 oppdrag på vegner av AMK og Hovudredningssentralen (HRS), mot 26 i fjor og 31 i 2016.

På landsbasis har det vore heile 937 skader, mot 455 i fjor. 982 er rekorden tilbake i 2013.

Norsk folkehjelp har også opplevd ei stor auke frå fjoråret, med totalt 95 oppdrag denne påska. Det er nesten ein dobling sammenligna med 2017.

Sjølv om utviklinga er dramatisk, meiner Røde Kors det finst ei enkel forklaring.

– Det er nok litt med at det er så mange ute i alpinbakkane og i langrennsløypene. Til fleire som er ute på fjellet, jo større sjanse er det for at uhell kan oppstå, seier Frydenlund.

Store redningsaksjonar i nord

Det gode vêret på fjellet i Sør-Norge har nok også gjort sitt til at det har vore få redningsaksjonar, som denne på Hovden der ei 19-år gamal kvinne fall opp mot 50 meter frå ein fjelltopp.

Hjelpekorpsa melder om at det er cirka like mange skader i alpinbakkane som i langrennsløypene. På Hovden måtte blei ein skiløpar henta med helikopter etter å ha køyrd utfor eit stup.

Lenger nord har situasjonen vore ein heilt annan. I Lyngen blei det sett i gang ein stor redningsaksjon etter eit følge på åtte utanlandske fjellturistar.

Det var orkan i kasta på toppen av Kavringtinden og aksjonen var av det ekstreme slaget.

Et Sea King-helikopter henter ut mannen som ble tatt av raset ved Holmvatnet i Tana i Finnmark fredag ettermiddag. Raset er ca. 100 meter bredt og ble utløst av scooterkjøring. To snøscootere og to personer var involvert. Mannen som ble tatt av raset og hentet ut var ved bevissthet hele tiden. Video: 330-skvadronen.

I Tana henta eit Sea King-helikopter ut ein mann som blei tatt av eit snøskred ved Holmvatnet på langfredag.

I Nordreisa i Troms døydde ein snøskuterførar etter å ha blitt tatt av snøskred torsdag.

I går kom påskas foreløpige siste dødsfall i fjellet, da ein mann omkom i eit snøskred ved Kleppstad i Lofoten.

– Dårleg folkeskikk

I Sør-Norge var ulukka der ein kabel sleit seg i skitrekket på Haukelifjell i Telemark og to personar blei skadd ein av dei mest alvorlege.

Stian Michelsen

Vakta i Telemark fortel om ei hektisk høytid. For tredje gong på ti år har Røde Kors behandla over 900 skader i påska, viser førebelse tal for 2018 i heile landet.

Foto: Privat

Stian Michelsen i Telemark Røde Kors Hjelpekorps har sjølv vore ute på mange oppdrag og fortel at det ikkje alltid er lett å hjelpe folk.

Det var det heller ikkje på Haukeli i går.

– Hjelpemannskapa våre synest det var veldig guffent å jobbe der. Det kom mange folk for å kikke på og ville stå heilt oppi. Det er ein generell utfordring me ofte møter, seier Michelsen som har vore vakthavande i påska.

To kvinner skadd i skiheisulykke.

På Haukelifjell blei ei kvinne alvorleg skadd etter ei ulukke i skiheisen

Foto: Tone Lutcherath/haugesunds Avis / NTB scanpix

– Mange respekterer ikkje at me står og jobbar i skiløypene, og traskar rett igjennom skadestaden og kjem med slengkommentarar. Men i det store og heile oppfører folk seg greitt.

Fleire skader når påska er tidleg

Røde Kors har hatt 21 søkeoppdrag og 12 oppdrag i forbindelse med skred. I statistikken deira ser dei tydeleg at tidleg påske alltid fører til fleire skader.

– Når det er så fint vêr og kaldt om natta som det har vore nå, blir det veldig hardt både i skianlegga og i løypene. Me har hatt mange brot- og forstuingsskader. Det er ikkje alle som har like god kontroll når det blir hardt i svingane, seier Michelsen.

Flere nyheter fra NRK Buskerud