Hopp til innhold

Kvinne alvorleg skadd i bilulukke i Ål

Ei kvinne i 70-åra har alvorlege skader etter ei bilulukke på riksveg 7 i Ål. Vegen kjem til å vere stengt i fleire timar.

Ulukke Ål

To bilar var involvert i ulukka ved Satakroken i Ål.

Foto: Ole Edvin Tangen / Frilans

– Den eine bilen skal ha kome over i feil køyrebane, opplyser operasjonsleiar i Sør-Aust politidistrikt Knut Larsen.

Ifølgje fotografen på staden tok det rundt ein time å få personen ut av bilen før personen blei sendt med luftambulanse til Ullevaal.

Hallingdølen skriv torsdag ettermiddag at tilstanden til kvinna er kritisk og uavklart.

Ulukka skjedde på riksveg 7 ved Satakroken i Ål i føremiddag. Tynge køyretøy er bedne om å køyre fylkesveg 40 mellom Nesbyen og Geilo.

Ulukke Satakroken Ål

Det tok ein time å få ut den eine personen av den øydelagde bilen.

Foto: Ole Edvin Tangen / Frilans

Etterlyser Toyota Hiace

Det var ein person i begge dei to bilane. Den andre sjåføren er sendt med ambulanse til Ringerike sjukehus med lettare skader.

Krimteknikarar er på staden og vegen kjem til å bli stengt i ein god stund framover seier politiet til NRK.

Dei etterlyser ein sjåfør av ein Toyota Hiace som truleg skal ha blitt forbikøyrd av den eine bilen før ulukka.

– Bilen er blitt observert og skal ha snudd og køyrt tilbake til Ål, men har truleg ikkje fått med seg ulukka, seier Larsen.

Flere nyheter fra NRK Buskerud