Hopp til innhold

Han skal ta Bjørndalen-namnet vidare

Dag Sander Bjørndalen (20) er nevøen til Ole Einar Bjørndalen og mannen som nå må føre skiskyttararven vidare. Det er ei langt frå takknemleg oppgåve.

Dag Sander Bjørndalen

I fjor deltok Dag Sander Bjørndalen i junior-VM i Slovakia og fekk med seg eit sølv på stafetten. Det gav stor motivasjon til vidare satsing.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

– Det blir jo litt press. Det er litt sånn at folk forventar at ein skal vere god når ein heiter Bjørndalen.

Ein har gitt seg, mens ein annan Bjørndalen knapt har begynt.

Stort førebilete

Samtidig som Ole Einar Bjørndalen gjorde sine siste intervju som toppidrettsutøvar inne på klubbhuset til Simostranda IL førre veke, gjorde Dag Sander Bjørndalen (20) seg klar til hardøkt i det topp moderne skiskyttaranlegget utanfor.

Dag Sander Bjørndalen på ski på Simostranda

20-åringen begynte å satse for fullt på skiskyting da han starta på toppidrettsgymnaset på Geilo og fortel at han ikkje var noko barnestjerne i oppveksten som onkelen var.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

Han bør ha genane i orden.

Faren er Dag Bjørndalen som lenge var på landslaget og fekk med seg eit OL-sølv, VM-sølv og VM-bronse på stafett.

Om Onkel Ole Einar er nok det meste sagt dei siste dagane.

Kan ikkje forvente å bli like god

20-åringen har rusla ut av klubbhuset lenge før det store pressekorpset var ferdige med onkelen.

Dag Sander har trening han må gjennomføre. Det er ein del hundre timar han må gjennom skal han klare målet om å ta opp familiearven.

– Det er ein stor arv å ta vidare. Eg må prøve å gjere mitt eige. Eg kan ikkje forvente at eg kan bli like god som han.

Fordelen er å ha tidenes skiskyttar som rådgjevar og treningspartnar.

Dei har ofte besøkt han heime i Mellom-Europa, og Ole Einar har alltid vore på Simostranda om sommaren.

OL L21 101 SOELVLAGET

Dag Sander Bjørndalen blei fødd tre månader etter at pappa Dag og onkel Ole Einar tok OL-sølv på stafetten i Nagano i 1998.

Foto: PER LØCHEN / NTB scanpix

Råda er mange og gode, men det er far Dag som er den daglege trenaren.

– Det er klart det er eit press, men det er noko ein må lære seg å takle og snu til ein fordel. Det skal jo vere ein fordel meir enn noko anna, seier Dag Bjørndalen.

Kan det bli ein ny Bjørndalen i verdstoppen om nokre år?

– Ja, det er klart det er moglegheit for det, smiler eldstebror Bjørndalen.

Må vere tolmodig

For det er ingen tvil om at nevøen har mål og ambisjonar som strekk seg langt. I fjor var han på stafettlaget som tok sølv i junior-VM.

I vinter har det gått tyngre, men 20-åringen brukar det viktigaste rådet frå 24-år eldre Ole Einar som motivasjon.

Dag Sander Bjørndalen på pressekonferanse

– Han er både eit stort førebilete og ein morosam type som onkel. Han har alltid ein spøk på lur, seier Dag Sander om Ole Einar Bjørndalen som onkel.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

– Han seier eg må vere tolmodig og tørre å bruke tid på å bli god. Dei fleste brukar tid på å bli god i skiskyting, og blir ikkje så fort god som han.

Dag Sander er tydeleg på at han ikkje kan samanlikne seg sjølv med onkelen som deltok i sitt fyrste OL på Lillehammer da han var like gammal.

– Eg trur det er litt for brutalt å prøve å etterlikne det han har gjort. Men eg har lyst til å bli så god at eg blir landslagsløpar. Kome på det nivået at eg kan kjempe i VM og verdscup.

Flere nyheter fra NRK Buskerud