Hopp til innhold

Kjempar om Bjørndalens medaljesamling

Heimkommunen vil ha Ole Einar Bjørndalens 54 VM og OL-medaljar heim til Simostranda. Men fleire museum meiner medaljane høyrer til hos dei.

Bjørndalen med OL-gull

OL i Salt Lake City i 2002 var Bjørndalens mest suksessrike meisterskap. OL-museet på Lillehammer vil svært gjerne låne og vise fram dei fire gulla han tok der.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Det er jo litt trist om me ikkje skal få nokon av OL-medaljane hans hit. Han er jo ein av dei største i OL-historia vår.

Mari Stakston, museumskonsulent på OL-museet på Lillehammer er klar over at dei må hive seg rundt. Nå har skiskyttarkongen gått inn i historiebøkene og sjølvsagt vil eit kvart museum med fokus på ski presentere den utrulege historia.

Vil laga Bjørndalen-senter

Som Bygdeposten omtalte fyrst jobbar Modum kommune hardt for å medaljesamlinga til Bjørndalens heimkommune og heimbygd Simostranda.

– Me har hatt eit møte med Ole Einar. Møtet var konstruktivt, men tilbakemeldinga er at han ikkje ynskjer å forhaste seg. Slik eg forstår han ynskjer han å ha full råderett over medaljane også i framtida. Han har jo trass alt lagt ned utruleg mykje arbeid for å samle så mykje edelt metall, seier ordføraren til avisa.

Det betyr at han vil ha eigarskapet til samlinga, men at dei gjerne kan stå utstilt andre plassar enn i premieskapet hans.

Modum kommune har nå innleia eit samarbeid med fylkeskommunen og Simostranda IL for å byggje opp eit konsept som kan heidre bygdas store son.

Ole Einar Bjørndalen Sotsji

I Sotsji vann han sine to siste OL-gull. På sprinten og mixed-stafetten.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Høyrer heime hos oss

Men på Lillehammer er dei svært interesserte i å vise fram hans 13 medaljar frå OL på det nasjonale olympiske museet.

– Sjølvsagt er me interesserte i samlinga til ein av tidas vinterolympiarar. Nå må me på banen og gå inn i forhandlingar. Me forstår at dei gjerne vil ha dei i heimkommunen, men frå vårt perspektiv høyrer OL-medaljane heime på det nasjonale OL-museet. Om han vil det sjølv så klart, seier Stakston.

Førebur utstilling om Bjørgen og Bjørndalen

I Oslo jobbar skimuseet med ei utstilling om dei to store som gav seg nærmast samtidig i vår. Marit Bjørgen og Ole Einar Bjørndalen.

Ole Einar Bjørndalen med alle VM-medaljene fra 2016

Under VM på heimebane i 2016 tok Ole Einar Bjørndalen tre medaljar. Gull på stafetten, og sølv både på sprinten og jaktstarten.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Dei har lagt inn ynskje om ein dialog med Bjørndalen, men medaljane er nødvendigvis ikkje det viktigaste.

– Me er veldig interesserte i gjenstandar som kan vere med å fortelje historia til Bjørndalen. Det må ikkje vere medaljar, men for eksempel gevær eller skidressar som kan vere med på å fortelje om utviklinga som skjedde i karrieren hans, seier dagleg leiar, Birgitte Espeland og legg til.

– Men så klart er me veldig interesserte i medaljane han vann her under VM her Holmenkollen i 2016.