Hopp til innhold

Nyfrelst hobbyarkeolog fann vikingskatt frå 800-talet

HOLE (NRK): Ole Johan Fuglerud hadde berre drive med sin nye hobby i to og ei halv veke. Så fann han ein vikingskatt frå 800-talet.

Ole Johan fann vikingskatt

Ole Johan Fuglerud har familie i Hole og spurde dei om å få lov til å leite etter gamle gjenstandar.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Da me skjønte det var frå vikingtida blei me litt skjelvne.

Barndomskompisane Ole Johan Fuglerud og Joakim Gulbæk viser fram skattane dei fann i helga. Dei hadde eit håp om å finne myntar frå 1700-talet. Draumen var å finne noko frå vikingtida.

Vikingfunn

Fylkesarkeologen fortalde dei fort at dette var eit kjempe funn.

Foto: Privat

Hekta på «Vikings»

Kompisane er hekta på TV-serien «Vikings» og visste at det var mykje gamalt og spennande å finne i Hole.

– Plutseleg peip det noko skikkeleg i metalldetektoren. Me skjønte ikkje fyrst at det var myntar, men eg ringde kompisen min som fekk meg inn på det her. Han sa me berre måtte stoppe og at dette var eit viktig historisk funn, seier Fuglerud.

Vikingmynt

Denne mynten kan vere ein av Danmarks fyrste.

Foto: Privat

Han har berre leita etter historiske gjenstandar med metalldetektor i dryge to veker, kompis Joakim Gulbæk har to år bak seg.

Det var åtte myntar, to skålspenner og fleire perler i funna til dei to kameratane. Gjenstandane som ein kan datere heilt tilbake til tidleg 800-tal.

Viktig bidrag

Historikar og vikingbok-forfattar Kim Hjardar synest funnet er svært spennande.

– Eg må seie at dette var overraskande. Desse myntane er ganske verdifulle og kan vere eit viktig bidrag til forståinga av kultur og kontaktflaten vikingane hadde, seier Hjardar.

Han fortel at dette er frankiske myntar som truleg har kome til Skandinavia gjennom handelsstaden Doorstad i dagens Nederland, som var eit viktig handelssenter for skandinaviske produkt.

Perler og brosjer

Skålspenner og fleire perler var også ein del av funna som nå er trygt overlevert til fylkesarkeologen.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Det var også på denne tida at vikingane intensiverte angripa sine på Frankrike, så det er heller ikkje umogleg at dette kan vere plyndringsgods dei tok med heim, seier viking-eksperten.

Større enn andre funn

Kameratane overrakk måndag funna til fylkesarkeologen i Buskerud som skal undersøkje myntane nærmare. Ole Johan har fått ein rekordstart på sin karriere som hobbyarkeolog.

– Det var jo vikingskattar me ville finne. Det handlar om interesse for norsk historie og røtene våre. I tillegg til at me er heilt hekta på serien «Vikings», ler Ole Johan.

Hobbyarkeologar

Det blir nok ikkje siste gongen desse to kameratane tek med metalldetektorane sine på jakt etter historiske gjenstandar.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Me googla tilsvarande funn og fann ut at dette var enda større. Da kom det eit stort smil om munnen, flirer Joakim.