Hopp til innhold

– Det er ei form for temperaturdoping

Det skal stillast strengare krav til kva målestasjonar som kan setja rekordar. Vestfold, Østfold og Buskerud har alle mista sine.

Målestasjonen på Gulsvik

IKKJE GODKJEND: Her ligg grushaugar og tre for tett på målestasjonen.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

– Når me skal telja rekordar for høg temperatur eller tropedagar so må me vere pinleg nøyaktige, fortel statsmeteorolog Jon Smith.

Ein dag eller to etter vêrdata blir måla får dei namnet klimadata.

– For vêrmeldinga i morgon er ikkje ein halv grad for mykje, eller for lite, so viktig. Men når me skal samanlikne klimadata med tidlegare temperaturar so må me setja strenge krav til kvaliteten på målaren.

Laster Twitter-innhold
Statsmeterolog John Smits framfor arbeidsplassen

NYTT KLASSESYSTEM: Målarar i for låg klasse kjem ikkje inn i rekordlistene.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Ein av målarane som ikkje held høg nok kvalitet i år er Gulsvik i Flå kommune. Der var dei godt på veg til ny troperekord på 31 dagar med temperaturar over 30 grader. Men området rundt målaren var ikkje godt nok for å godkjenne rekorden.

– Grushaugar, bygg og tett skog i nærleiken gjer at det blir eit magasin med varme der, som gir nokre tidelar ekstra. Det blir ei form for temperaturdoping, fortel Smith.

To andre mista rekorden

I Østfold og Vestfold mista dei og varmerekordar grunna dårleg kvalitet på målestasjonane.

Målestasjonen står i Rygge og held i fylgje statsmeteorologen ikkje høg nok standar for måling av rekordtemperaturar. Den gamle rekorden frå 1982 på 34,2 gradar står då framleis.

I Vestfold var det målaren på Nøtterøy som viste rekordtemperaturar. Men denne stasjonen måler for høge temperaturar og kan ikkje brukast i rekordmålingar ifylgje Meteorologisk institutt. Rekorden er då framleis på 33,3 grader i Sande.

Målestasjon Kykkelsrud

FOR TETT PÅ GRUSVEG: Målestasjonen i Kykkelsrud vart tidlegare i år sett i karantene då den låg for tett opp til ein grusveg.

Foto: Tor René Stryger/NRK

Skal lage nye kategoriar

Meteorologisk institutt jobbar no for å lage eit nytt klassesystem for målarar med ulik kvalitet på dataa dei leverer.

– Då kjem det til å bli slik at om stasjonen hamnar i ein for låg klasse so kjem den ikkje med på lista over høgaste temperatur i landet i dag og den kjem ikkje med på rekordlista over tal tropedagar, fortel Smith.

Flere nyheter fra NRK Buskerud