Hopp til innhold

Tagga ned 92 gravstøtter: – Gjer vondt i hjartet

DRAMMEN (NRK): Nokon har måla bokstavar og tal med raudmåling på nesten 100 graver på kyrkjegarden på Åssiden i Drammen. Kyrkjeverja fryktar at gravsteinane er umogleg å redde.

Gravstøtteskjending

Det var vondt å sjå gravsteinen til mannen sin for Steinor Sørensen og onkelen for Torunn Larsen. Da dei kom til kyrkjegarden tysdag var støtta tagga ned med raud måling.

Foto: Bjørn Torleiv Wahl / NRK

Det var vondt å gå inn på kyrkjegarden for dei mange pårørande som strøymde til tysdag føremiddag.

Gravsteinen til onkelen til Torunn Larsen var ei av gravsteinane som blei skjenda.

Gjer vondt

– Eg blir oppriktig lei meg. At folk får seg til å gjere noko slikt. Det er så mange familiar rundt oss nå som er lei seg. Me kjenner mange av dei avdøde rundt her, og det gjer vondt i hjartet å sjå at dei har blitt tagga ned, seier Larsen.

Det var ein tilsett ved kyrkjegarden som oppdaga hærverket tidleg tysdag morgon.

Over store delar av kyrkjegarden var det klattar med raud måling på gravstøttene. Tal og bokstavar om kvarandre. Også kapellet har blitt tilgrisa.

Drammens Tidende omtalte saka fyrst.

Gravstøtter

Det kan bli dyrt å fjerne raudmålinga frå dei 92 gravstøttene.

Foto: Bjørn Torleiv Wahl / NRK

– Aldri opplevd liknande

Kyrkjeverje i Drammen, Ivar Nygård har aldri opplevd eit så omfattande hærverk på ein kyrkjegard. Han fryktar det vil bli vanskeleg å redde gravstøttene.

– Det blir ein vanskeleg jobb å fjerne målinga utan at det blir skade på inngraveringa. Me har ekspertar som ser på det nå, om det er mogleg å fjerne målinga på staden eller ikkje, seier Nygård.

Dei jobbar nå med å ta kontakt med dei pårørande.

Gravplass
Foto: Bjørn Torleiv Wahl / NRK

Skreiv namn på eit firma

Etter undersøkingar på gravplassen tysdag føremiddag har politiet ein mistenkt i saka. Det skal vere ein kjenning av politiet.

– Me mistenkjer at det kan vere ein kar som me har vore borte i litt frå før, og som ikkje har fått jobb ein stad. Det er skrive tal og namn på eit firma på gravstøttene, seier operasjonsleiar i politiet i Sør-Aust, Marianne Mørk.

Hærverket vil føre til store kostnadar.

– Det kjem til å bli kostbart, dette er ganske så omfattande. Me har ikkje opplevd noko liknande i det her omfanget før, seier Mørk.

Politiet held fram med etterforsking og hovudoppgåva er nå å få tak i den mistenkte mannen.

Flere nyheter fra NRK Buskerud