«Kjære Karine. Takk for alle gode minner jeg har fått med deg. Himmelen har fått en nydelig engel. Hvil i fred.»
Det skriv ein av personane som har nytta seg av sjansen til å skrive ei siste helsing til Karine Emilie Negård.
På Hammerfest videregående skole er det sett opp ei minnebok der folk kan skrive helsingar til Karine Emilie Negård. Mange har nytta seg av sjansen. I ei av dei andre helsingane står det:
«Hvil i fred gode, snille og vakre Karine. Du er dypt savnet av oss alle og høyt elsket. Sov godt, fine Karine.»
– Gjer noko med alle
Negård var frå Rypefjord i Hammerfest kommune. Ho var elev ved Hammerfest videregående skole. Dødsulykka skjedde i Olderfjord i Porsanger kommune.
Ulykka har sett djupe spor i dei råka lokalsamfunna. Karine Emilie Negård blir skildra som ein blid og omgjengeleg person med eit stort nettverk av venner.
– Dette er eit lite samfunn. Veldig mange kjende Karine godt. Karine hadde eit stort nettverk, seier rektor Daniel Randolph.
Han legg til:
– Nokre av elevane her kjende henne veldig godt. Dei er særleg råka. Men det gjer noko med oss alle saman når ein ungdom går vekk.
– Må ta vare på kvarandre
Då det søndag vart kjent at det hadde skjedde ei ulykke, sette Hammerfest kommune ned eit eige kriseteam.
– Etter kvart opna vi også opp ungdomshuset der venner og familie vart invitert. Det er svært viktig når slike ting skjer at ein kan stå saman og dele på sorga. Vi må snakke om det som er skjedd og ta vare på kvarandre, seier varaordførar Marianne Sivertsen Næss.
Det er snakk om små lokalsamfunn som er råka av denne ulykka, der dei fleste kjenner til kvarandre direkte eller indirekte. Derfor blir alle prega av ulykka, fortel Næss.
Kan ha vore ruspåverka
Det er ein mann på 20 år som er sikta for uaktsamt drap. Politiet har tidlegare uttala at dei trur mannen var ruspåverka under ulykka, men dei kan ikkje bekrefte dette før svara frå blodprøvane er klare. Elles er politiet sparsame med opplysingar rundt ulykka.
– Vi driv framleis med både teknisk og taktisk etterforsking. Vi ønskjer å danne oss eit bilete av kva som er skjedd, både i forkant og under ulykka, seier Øyvind Lorentzen, lensmann i Alta, Loppa og Kautokeino – som har ansvaret for denne saka.
Politiet har heller ikkje avhøyrt alle potensielle vitne i saka.