Hopp til innhold

Ung kvinne påkøyrd og drepen av skuter – mann arrestert

Ei ung kvinne vart påkøyrd og drepen av ein skuter i umerka løype i Olderfjord natt til sundag. Politiet har arrestert føraren – som mellombels er mistenkt for promillekøyring.

Olderfjord

Ei ung kvinne er stadfesta omkomen etter at ho vart påkøyrt av ein skuter natt til sundag.

Mistenkt for promillekøyring

Lensmann Øyvind Lorentzen

Øyvind Lorentzen, leiar i driftseining Finnmark

Foto: Liv Inger Somby / NRK

Ulukka skjedde i Olderfjord i Porsanger kommune i Finnmark. Politiet stadfestar at ulukka skjedde i eit skuterspor, men utanfor det som er lovlege og merka løyper.

– Ein mann er arrestert og er mellombels mistenkt for promillekøyring. Me har ingen andre mistenkte i saka. Den vidare etterforskinga vil vise om me eventuelt vil utvide siktinga, seier Øyvind Lorentzen, leiar i driftseining Finnmark.

Gjekk i sporet

Politiet opplyser at to unge kvinner gjekk til fots i eit skuterspor rundt klokka 02:00 natt til sundag då dei vart påkøyrt.

Lorentzen vil av omsyn den vidare etterforskinga ikkje opplyse om det var andre personar til stades under ulukka, enn dei to kvinnene og den mannlege skuterføraren.

Både politiet, ambulanse og redningshelikopter rykka ut til staden då dei vart varsla om ulukka, men livet til den unge kvinna stod ikkje til å redde.

Den andre kvinna vart ikkje fysisk skadd. Politiet er no i gang med både taktisk og tekniske undersøkingar, og vil avhøyre fleire vitne.