– Eg blir trist når vi no må avlyse denne gudstenesta på fjellet. Kristne menneske samlar seg for å feire påske og Jesu oppstode, men dette betyr at Samemisjonen heller vel at kyrkja skal stå tom første påskedag, seier Jon Arne Tandberg til NRK.
I mange år har kapellanen i Hammerfest arrangert gudsteneste i Áisaroaivi i Kvalsund kommune i Finnmark første påskedag. Det er Tandberg sjølv som er initiativtakar, og gudstenesta har hatt auka oppslutning.
Men det er Norges samemisjon som eig kyrkja i Áisaroaivi. Og no har dei sett ned foten for at kvinnelege prestar eller prestar som aksepterer homofili får forrette i kyrkja deira.
– Eg har kvart år ringt Samemisjonen på førehand for lån av kapellet. Det gjorde eg også i år. Men no fekk vi til svar at Samemisjonen har innskrenka moglegheita for lån av kapellet, forklarer Tandberg.
– Tek valet sjølv
Dagleg leiar i Norges samemisjon, Roald Gundersen, fortel at dei ikkje har nekta Jon Arne Tandberg å forrette i kyrkja i Áisaroaivi. Men dei sende i dag ein e-post til kyrkjelyden i Hammerfest der dei fastslo at berre prestar som har eit homofilisyn som er på linje med Norges samemisjon kan forrette i deira kyrkjehus.
– Så han er ikkje slik sett nekta å forrette. Eg synest det er rart at denne saka kjem i media før vi har fått svar på denne e-posten, seier Gundersen.
– Men om Tandberg les i e-posten om eit syn på homofili som ikkje liknar hans eige, så er det vel ikkje rart at han tolkar dette som at han blir nekta å forrette i kapellet dykkar?
– Ja, men då er det han sjølv som har tatt det valet.
Det er eit vedtak frå 2016 i Norges samemisjon som gjer at prestar med Tandberg sitt syn på homofili ikkje kan forrette i deira gudshus.
– Trist
Ben Løvlien har hatt stor glede av å vere med på gudstenestene i Áisaroaivi første påskedag. Han synest det er leit at årets påskegudsteneste blir avlyst.
– Dette er utruleg trist. Eg ser på Facebook at mange er triste og skuffa fordi det ikkje blir påskegudsteneste i år, seier Løvlien.
Heller ikkje Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald (FRI) ser med blide auge på vedtaket til Norges samemisjon.
– Det er trist at dei ikkje forstår signala som blir sendt ut. Dette er utan tvil å stengje dørene for ein minoritet, seier leiar Ingvild Endestad.
– Skeive samar er ei spesielt utsatt gruppe, og dei bør oppleve ei tydeleg openheit i kretsane som retter seg mot dei. Men eg har framleis stor tru på at det er mange gode og rause krefter i det samiske miljøet og på Sametinget som vil halde fram med å skape rørsle.