Hopp til innhold

Mann funnen død etter fall frå stor høgde

FYLLINGSDALEN (NRK): Politiet har sikta ein mann i 20-åra for vald mot avdøde før fallet, men framstiller han ikkje for varetektsfengsling laurdag.

Mistenkelig dødsfall Fyllingsdalen

FUNNEN DØD HER: Det var ved denne bustadblokka i Fyllingsdalen at ein mann i 20-åra vart funnen død fredag morgon.

Foto: Bjørn Erik Larsen / Bergens Tidende / NTB scanpix

Det var like før klokka fem fredag morgon at ein mann i 20-åra blei funnen død utanfor ei bustadblokk i Fyllingsdalen. Den døde hadde skader etter det som såg ut til å vera eit fall frå stor høgde, opplyser Vest politidistrikt.

– Vi kan ikkje gå i detaljar om kor han har fått skadane frå. Avdøde er sendt til obduksjon, så vi har ikkje dødsårsaka klar endå, seier politiadvokat Inger-Lise Høyland.

Ein mann er arrestert i samband med politiet si etterforsking. Vedkommande, som også er i 20-åra, er sikta for kroppskrenking mot avdøde i forkant av fallet.

– Førebels kan vi ikkje seie om dette har samanheng med dødsfallet. Vi har også ein teori om at det kan vere eit uhell, seier Høyland.

Ikkje kjenningar av politiet

Omstenda rundt dødsfallet er førebels uavklarte. Politiet stadfestar at dei to mennene var saman natt til fredag, men vil ikkje seie noko om relasjonen mellom dei. Politiet vil ikkje omtale verken den sikta eller avdøde som kjenningar av politiet.

– Vi er tidleg i etterforskinga endå, men planlegg ei rekke avhøyr, seier Høyland.

Den sikta blei avhøyrt i fire timar fredag kveld. Laurdag morgon kunne Høyland stadfeste at politiet førebels ikkje ber om varetektsfengsling av mannen. Han blir heller ikkje lauslaten.

Inger-Lise Høyland

TIDLEG I ETTERFORSKINGA: Politiadvokat Inger-Lise Høyland er førebels sparsam med detaljar rundt dødsfallet.

Foto: Christian Lura / NRK

– Det kan eg stadfeste. Men eg kan ikkje seie noko meir om saka no, seier Høyland.

Dermed blir mannen tidlegast framstilt for varetektsfengsling måndag. Viss ikkje, må politiet sleppe han fri.

Nye avhøyr laurdag

Den sikta sin forsvarar, advokat Bjarte Aarlie, vil laurdag ikkje seie noko om korleis klienten hans stiller seg til siktinga om kroppskrenking. Det Aarlie kan seie er at den sikta skal i nye avhøyr i løpet av laurdagen.

Bjarte Aarlie

NYE AVHØYR: Den sikta sin forsvarar, Bjarte Aarlie reknar med klienten hans blir kalla inn til nye avhøyr laurdag.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

– Klienten min er sikta for kroppskrenking, noko som då må ha skjedd før fallet. Det er opp til politiet å finne ut av dette. Eg antar politiet skal gjere nokre tekniske undersøkingar i dag også, før det blir nye avhøyr, fortel Aarlie, laurdag føremiddag.

Sjokkerte naboar

Bygget der mannen i 20-åra blei funnen død er under rehabilitering. Naboar NRK har prata med har uttrykt bekymring for dei midlertidige sikringane som er sett opp.

Styremedlem i burettslaget, Jan Arthur Pedersen, seier til BA at gjerda som er sett opp under oppussinga er høgare enn dei originale.

– Tryggleiken er varetatt og godkjent, seier han til avisa.

Fleire fortel at dei er sjokkerte etter å ha fått beskjed om at ein mann vart funnen død fredag.