Hopp til innhold

Har henta ut minst 20 døde og fleire hundre skadde på «dødsvegen»

E16 BERGEN-VOSS (NRK): Brannsjefen på Voss har rykka ut til ulukker på E16 i 20 år. – Eg har hatt mange grufulle opplevingar her.

Brannsjef på Voss, David Skjerven.

BRANNSJEF: David Skjerven har hatt mange forferdelege opplevingar på vegen som er råka av både ras og ulukker.

Foto: Arne Hofseth

– Denne vegen har kravd mykje.

Brannsjef i Voss kommune, David Skjerven, står i vegkanten på E16 mellom Voss og Bergen.

Få kjenner vegstrekninga like godt som han. Skjerven har sjølv vore med på å hente ut mellom 20 og 25 omkomne og fleire hundre skadde etter ulukker.

– Når alarmen går og ein får vite at det er ei ulukke på E16, får ein ei vond kjensle. Eg har hatt mange grufulle opplevingar der.

Det har han god grunn til. Ifølgje Vegvesenet har 41 menneske mista livet på E16 mellom Indre Arna og Voss sidan 1991. Det er nesten to i året.

E16 er den viktigaste stamvegen mellom aust og vest. Likevel må dei som køyrer her leve i frykt for særleg tre ting:

  • Vegen er svært smal fleire stader, og har hatt mange fatale frontkollisjonar der dei siste åra.
  • Vegen strekker seg langs bratte fjellsider og er difor svært rasutsett.
  • Det er svært mykje trafikk på vegen, mellom anna fordi tungtransport mellom Bergen og hovudstaden køyrer her.

No er vegen ein av ti finalistar i NRK si kåring av Noregs verste veg.

Ras ved Stanghelle E16

RAS: I 2013 vart opninga på Stanghelletunnelen på E16 knust av ras. På denne staden aleine har vegen blitt stengd fleire gongar.

Foto: Karl Martin Valestrand

Gamle tunnelar

– Eg hugsar ein gong eg måtte hente ut ein ung, omkomen gut. Far hans kom køyrande nokre bilar bak og var i sjokk. Det var heilt forferdeleg, fortel Skjerven.

Han har sett ein nedgang i ulukker sidan 2011.

Vegen har nemleg blitt utbetra med rumlefelt og fartsgrensa er sett ned. I tillegg er det laga fleire forbikøyringslommer.

Likevel er det ikkje berre kollisjonar brannsjefen fryktar. Dei siste 17 åra har det gått langt over 300 ras på strekninga.

– Det aller verste er rasfaren. Den kan krevje heilt uskuldige menneskeliv, seier Skjerven.

Han fortel at mange av tunnelane på strekninga har blitt så gamle at det ramlar steinar ned frå taket.

– Eg kvir meg for å køyre på denne vegen. Har vi så dårleg råd at vi må ha det på denne måten?

Buss mot vogntog på E16

FRONTKOLLISJON: Den siste dødsulukka på E16: Ein lastebil og bussjåfør frontkolliderte i oktober 2017. Sjåføren i bussen mista livet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Livsfarleg arbeidsplass

Ein som nyttar vegen ofte er Kjartan Kronstad. Han er sjåfør for Posten og brukar mange timar i veka på E16.

– Eg har ein livsfarleg arbeidsplass. Vegen er monoton og søvndyssande, og veldig smal på enkelte område. Så kjem rasfaren i tillegg.

Han har fleire gongar tenkt på å byte arbeid.

– Men eg trivst godt i jobben, og eg får mykje tid til refleksjon, seier Kronstad.

Kjartan Kronstad

JOBBAR PÅ «DØDSVEGEN»: Kjartan Kronstad er sjåfør i Bring og brukar mange timar i veka på E16.

Foto: Elise Angell / NRK

«Spegelstrekket»

Den røynde sjåføren er trygg på seg sjølv, men uroa for kva han kan møte på vegen.

– Ein veit aldri kva ein får imot seg. Mange køyrer for fort og kuttar svingane. Eg køyrer ein lastebil på 2,96 meter frå spegel til spegel og vegen er tre meter brei. På desse vegane er det få stader med vegskulder, noko som betyr at eg har fire centimeter å gå på dersom noko skjer.

Ifølgje Kronstad er vegen mest utfordrande på det tolv kilometer lange strekket mellom Trengereid i Bergen og nabokommunen Vaksdal.

– Vi kallar det berre for «spegelstrekket». Mange sjåførar har mista spegelen i møte med andre akkurat der. Ofte er det berre tilfeldig at det går bra. Det er rett og slett risikosport å køyre på denne vegen.

Stort press for ny veg og bane

På same strekninga svingar Vossebanen seg. I eit felles prosjekt har det i fleire år vore eit ønske om å oppgradere og bygge ut både E16 og togbanen til fleire titals milliardar kroner.

Vegvesenet og Bane Nor samarbeider om planlegginga (ekstern lenke). Ei opprusting av veg og bane betyr fleire nye og lange tunnelar på strekninga, samt ei stor redusering i reisetid mellom Voss og Bergen.

Men i fjor fekk regjeringa mykje kritikk for å i NTP utsette byggestarten på opprustinga til 2024. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) sa seinare at det var mogleg å framskunde byggestarten.

Helikopterbilder fra rasområdet på E16 ved Bolstad

ENORMT: Dette raset gjekk over E16 ved Bolstad i 2016. Eit vogntog vart tatt av skredet, men sjåføren slapp frå det.

Les fleire av NRK sine saker om E16 her: