Hopp til innhold

Bygde sjukehus der psykisk sjuke kunne skada seg sjølve

HAUKELAND SJUKEHUS (NRK): Leiinga vedgår byggeglipp på det nye barnesjukehuset. Avdeling for psykisk sjuke var innreidd slik at pasientane kunne få tak i skarpe metalldelar.

Lars-Petter Smidt viser kor tilsette kunne få tak i spiler i taket på nytt sjukehus

RISIKO: – Ein utagerande pasient klarte å riva ned takplater og metallspiler, fortel prosjektleiar for Barne- og ungdomssjukehuset i Bergen, Lars-Petter Smidt.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ved sida av den massive, betonggrå sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus står det flunkande nye Barne- og ungdomssjukehuset i Bergen. Funklande gjennomsiktig, med nesten alle yttervegger av glas.

Helse Bergen opna prestisjebygget for eitt år sidan. Det husar mellom anna Klinikk for psykisk helsevern for barn og unge.

Eit viktig mål er at pasientane skal ha det lyst og ope.

Men NRK fortalde i mars at det måtte opp mange gardiner, elektriske rullegardiner og persienner fordi pasientar og pårørande har reagert på for mykje innsyn på sengeposten.

– Filosofien er å opna opp og ta ned stigma, men gjennomsiktige vegger gav også utfordringar, sa seksjonsleiar Sture Larsen på barneposten for psykisk helsevern.

– Svært farleg

No viser det seg også at det nybygde sjukehuset har hatt fleire feil og manglar som gav for dårleg fysisk tryggleik. Misnøye og utfordringar knytt til sjølve bygget blir ofte diskutert blant dei tilsette.

Dei mest alvorlege problema har vore:

  • Pasientar kunna riva ut elektriske brytarar og klatra i hyller og skåp.
  • Det var mogleg å fjerna takplater og hylleplater og finna metall å stikka og slå med eller festa tau rundt.

Dette kunne vera farleg for psykotiske eller akutt suicidale pasientar, og for andre pasientar, pårørande og tilsette.

Nina Auro, Helse Bergen

UROA FOR TRYGGLEIKEN: Seksjonsleiar Nina Auro seier at dei har fleire gonger har måtta bemanna opp for å vareta sikkerheita på det nye barne- og ungdomssjukehuset.

Foto: Helse Bergen

Seksjonsleiar Nina Auro på akuttposten stadfestar at det har vore stor frustrasjon blant dei tilsette.

– Byggtekniske utfordringar har bydd på mange problem for oss tilsette, skriv ho til NRK.

Seksjonsleiar Astrid Bjorøy ved ungdomsposten seier ikkje alt vart bygd slik dei hadde sett føre seg.

– Me var med og planla tryggleiken i detalj, men så vart ein del ting bygd annleis enn planlagd. Me fekk nokre overraskingar då me flytta inn, seier ho.

Barne- og ungdomssjukehuset Haukeland

GLASSJUKEHUSET: Barne- og ungdomssjukehuset er prestisjebygget til Helse Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Metallspiler

Då sjukehuset opna, var det hyller og skåp i vindaugspostane på alle pasientromma.

– Då var vegen opp til taket kort,» skriv Auro.

Dermed kunne pasientar lett klatra opp og få tak i takkonstruksjonen.

Ein pasient innlagt på ungdomsposten klatra opp og klarte å riva ned takplater og metallstengene som platene hang i.

– Det var ein veldig utagerande ungdom, seier Lars-Petter Smidt.

Han er prosjektleiar for det ferdigstilte første byggetrinnet av Barne- og ungdomssjukehuset i Bergen (BUS 1).

– Då det kom ned to himlingsplater, kom det også ned to metallspiler. Det er sjølvsagt ikkje gunstig at slikt skjer.

Lars-Petter Smidt, prosjektleiar Helse Bergen

ETTERPÅKLOK: – Me prøver å læra av utfordringane, og fjernar desse tinga for å gjera det endå betre, seier prosjektleiar Lars-Petter Smidt.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det gjekk jo bra

Etter den hendinga blei innreiinga på dei ti sengeromma på ungdomsposten endra.

– Eg gav beskjed om at alle hyller skulle fjernast, seier seksjonsleiar Bjorøy.

Smidt seier det blei gjort raskt.

– Me har sørga for at det ikkje kan skje igjen. Det må ikkje stå noko i rommet som gjer at pasientar kan komma opp til taket. Og så gjekk det jo bra denne gongen.

Rett før påske blei det bestemt å fjerna heile hylleskåpa også på akuttposten, fordi dei kan brukast som «stige».

– Om ein kan klatra i skåpa, kan ein rekka opp i taket, så me tok dei vekk, seier Smidt.

Lars-Petter Smidt viser hyller på det nye sjukehuset i Bergen

SKJULT: – Heldigvis oppdaga me før pasientane at det var mogleg å riva laus skjulte metallspiler bak hylleplatene, seier Lars-Petter Smidt, prosjektleiar for nybygget.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Etterpåklok

Dessutan hadde også skåphyllene metall som gav tryggleiksrisiko.

– Inne bak kvar hylleplate var det skjult metallspiler. Me oppdaga – heldigvis før pasientane kom inn – at ein kunne trekka ut hyllene og få laus metallspilene som held hyllene oppe. Me har fått vekk problemet ved å skru platene fast i skapveggen, seier Smidt.

– Psykiatrien har mange tiårs erfaring med utagerande pasientar. Kunne de ha tenkt på desse problema før de bygde?

– Eg er bygningsingeniør, så det skal eg vera forsiktig med å seia, men det er jo alltid lett å vera etterpåklok.

– Me har vore i dette bygget i over eitt år, og har hatt éin episode oppe i taket. Me prøver å læra av det, og fjernar desse tinga for å gjera det endå betre.

For å unngå uønskte situasjonar har han også fått flytta nokre elektriske brytarar og brannvarslarar.

– Me har oppdaga at pasientar plukka på ting, og det har ikkje vore bra. Det skal vera trygt og godt for alle heilt frå dag éin.

– Visse utfordringar

Liv Kleve, klinikkdirektør for psykisk helsevern og barn og unge, er glad for det nye barne- og ungdomssjukehuset (BUS), sjølv om ho har bestilt mange betringar.

– Me har flytta inn i eit fantastisk bygg. Det meste fungerer veldig bra, men det er klart at når ein flyttar inn i eit nytt bygg er det visse utfordringar. Me har meldt inn ganske mykje me ønsker å få betra. Ting me oppdaga etter at me flytta inn eller i forkant.

Liv Kleve, Helse Bergen

TRYGT: Assisterande klinikkdirektør Liv Kleve seier at pasientane er trygge på det nye barnesjukehuset. – Alle situasjonane har blitt handtert heilt bra.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Har det oppstått farlege situasjonar?

– Nei, alle situasjonane har blitt handtert heilt bra. Me har tilsette som er godt opplært til det.

– Har det altså ikkje vore risiko eller fare?

– Jo, det har vore utfordrande situasjonar som me har fått hjelp til å løysa, vedgår Kleve.

Ho seier at ein vurderer kor det er naudsynt å gjera tiltak.

– Dei aller fleste stadene er ikkje takplatene eit problem. Der det kan vera det, har me meldt det inn.

Måtte ha fleire på jobb

For å kompensera for tryggleiksrisiko, har Klinikk for psykisk helsevern på den nye barnesjukehuset i periodar auka bemanninga.

«Me har vurdert personalbemanninga kontinuerleg og har fleire gonger måtta bemanna opp for å vareta tryggleiken,» skriv seksjonsleiar Auro på akuttposten til NRK.

Kleve seier dei har risikovurdert alt dei har ansvar for og varsla om alt som kunne bli hendingar.

– Då har me til dømes løyst problemet mellombels ved å setja inn fleire folk på vakt medan me venta på at det skulle bli utbetra.

Liv Kleve forsikrar at tryggleiken er god for barn og ungdommar som er pasientar der.

– Det er trygt, det som er her i dag. Me må berre løysa ting på andre måtar.

Seksjonsleiar Auro understrekar det same, men held fast ved kritikken sin. Ho skriv:

«Med tiltaka som er gjort er det no trygt for pasientane og det blir jobba vidare med betre løysingar. Utfordringane krev mykje ressursar og kjennest frustrerande. Gleda ved å flytta i nytt hus er blitt noko amputert.»

Bad for psykisk syke ved nytt barnesykehus i Bergen

TRYGT: Baderomma på skjermingsavdelinga er konstruert for å minimera risiko for at pasientar kan skada seg sjølve eller andre.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Ikkje glattcelle

I tillegg til innsynsproblema på dei vanlege sengepostane som NRK har fortalt om tidlegare, er det store glasvegger også på dei to særskilde skjermingsromma for akutt psykisk sjuke barn og unge.

– Me ønsker ikkje å putta pasientane inn i noko som kunne likna på ei glattcelle. Det er ikkje filosofien til sjukehuset, seier prosjektleiar Lars-Petter Smidt.

Sture Larsen, Helse Bergen

OPENHEIT – Filosofien er å opna opp og ta ned stigma i høve til psykisk helsevern, seier seksjonsleiar Sture Larsen på barneposten.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Han understrekar at glasveggene på skjermingsromma har blitt dekka heilt med plastfolie for at ingen skal kunna sjå ut, eller eksponera seg sjølv i vindauga.

Dårleg lydisolert

Tilsette har også reagert på dårleg lydisolering. Det har vore mykje støy i heile huset og mange rom har kunne høyra godt frå andre rom.

– Skjerming mot støy og innsyn hadde me rekna som sjølvsagt, seier Bjorøy.

Smidt stadfestar problemet.

– Me har mellom anna hatt litt for dårleg lydisolering i vegger nokre stader. Det er jo noko ein lettast oppdagar når ein byrjar å bruka bygget. Me har betra det no.

Han viser også NRK badet på skjermingsrommet, der inventaret er av reine stålflater: Eit ståltoalett, ein stålvask, og ein innebygd dusj utan slangar.

– Me har valt å ha spegel her, men den er solid festa til veggen, så ein ikkje kan knusa den, skada seg på spegelglaset eller bruka det som våpen.

Sjukehusleiinga føler seg trygge på at dei har fiksa opp i dei alvorlege tryggleiksproblema som har vore oppdaga det første året.

– No er bygget bra, seier seksjonsleiar Astrid Bjorøy.

– Det har vore utfordringar, og ei tilvenning å vera i eit gjennomsiktig hus, men me ser òg alt det fantastiske me har fått med lyse, fine lokale.