Hopp til innhold

Forskere meiner omega-3 gir barn skarpare hjerne

Når mamma et omega-3, blir barnet ein betre problemløysar, meiner forskarar. – Fisk har ein positiv påverknad på hjernen.

Oliver fisk

FEKK FISK: Svigermor sørga for at Emmeline Heide fekk i seg fisk då ho gjekk gravid med Oliver (fem veker).

Foto: NRK

Det har vore reist spørsmål ved om fisk, og særleg feit fisk, er bra for gravide. Miljøgifter i fisken kan vera skadeleg for fostera, trur kritikarar som lege og professor emeritus Bjørn Bolann.

– Vi veit for lite om kor skadelege desse miljøgiftene er for dei minste av barna. Alt staten seier, er at fisk er sunt uansett. Eg saknar ei sterkare føre var-haldning, seier Bolann.

Men forskar Maria Wik Markhus, meiner at fordelane ved å eta fisk i svangerskapet er mykje større enn dei potensielle farane.

– Vi har aldri målt miljøgifter i fisk her på Havforskingsinstituttet over grenseverdiane som er sette, seier ho.

Omega-3 er alfa og omega

I ti år har psykologen og ernæringsfysiologen forska på samanhengen mellom feittsyra DHA, som er ein del av samleomgrepet omega-3, og hjerneutviklinga til barn.

– Vi finn at jo meir DHA mora hadde ete i svangerskapet, jo betre skåra barna på kognitive testar i eittårsalderen, fortel Stormark, som til dagleg jobbar ved Uni Research.

Forskarane målte DHA-nivået i svangerskapsveke 28. Eitt år etter fødselen blei mødrene spurd om barnas evner til problemløysing; om dei kunne slå to leiker mot kvarandre, om dei byrja å leita etter vekkgøymde leiker, og liknande standardiserte spørsmål.

Forskarane meiner dei har stadfesta kor viktig denne feittsyra er som byggjestein i utviklinga til små barn.

– Rett nok er gruppa vi forska på lita, men resultata var eintydige. No håpar vi det blir forska meir på denne samanhengen. Engelske studiar tyder på at effekten av DHA òg verkar inn på barn i skulealder, seier Stormark.

DHA

LANGT LØP: Kjell Morten Stormark og Maria Wik Markhus har forska i ti år på samanhengen mellom DHA-feittsyra og hjerneutviklinga til små barn.

Foto: Christian Lura / NRK

Tilrår tre fiskemåltid

– DHA kjem frå havet. For å få i seg DHA, må du anten eta fisk eller ta omega 3-tilskot, seier Markhus som jobbar ved Havforskingsinstituttet.

Ho tilrår dei same mengdene fisk som statlege matråd: Tre fiskemiddagar i veka til gravide, der halvparten bør vera feit fisk.

– Tilrådinga er 200 milligram DHA pr. dag. Et du til dømes ei skive med makrell i tomat, inneheld den heile 800 milligram DHA, seier Markhus.

Fisk to gonger i veka

Emmeline Heide er mor til Oliver på fem veker. Ho har ete fisk to gonger i veken under heile svangerskapet.

– Eg følgde råda om å eta folat og meir fisk, fortel Emmeline Heide.

Vesle Oliver og ho stiller på første møtet i barselgruppa ved Ravnanger helsestasjon på Askøy.

– Heldigvis hadde eg svigermor som serverte fiskemåltid minst to gonger i veka, seier Heide.

Ber fiskeriministeren svare om oppdrettslaks