Hopp til innhold

Her spaserer oksen inn i kulturhuset

Ingen kulturuke, men kuruke då lokal okse kom på storfe-fint besøk.

BRAUTANDE TYPE: Oksen tok seg inn i kulturhuset på Fitjar.

– Oksen gjekk rett og slett inn i foajeen og dreit før han gjekk ut att, fortel Silje Marie Særvold Kloster.

15-åringen var ute med venene sine då dei fekk auge på ein flokk med lause oksar utanfor kulturhuset på Fitjar i Sunnhordland.

Men då resten av oksane forsvann bak huset, bestemte ein av dei seg for å sjekke ut kulturtilbodet.

Filma episoden

Kloster, som sjølv kjem frå gard, skjøna fort at dette var noko utanom det vanlege. Ho fiska opp telefonen og fanga heile episoden på film.

I filmen kan ein sjå at dei automatiske dørene har opna seg, og at oksen spankulerer inn i kulturhuset.

– Nei, nei, nei, ropar vennegjengen før dei følgjer etter oksen inn i kulturhuset.

Deretter tek oksen seg ein liten runde i foajeen, før han gjer frå seg og spaserer ut att.

Att på golvet låg ei svær, blaut kuruke.

– Eg lurte på kva i huleste det var som skjedde. Og så synest eg litt synd på dei som måtte vaske opp, seier Kloster.

Det var Fitjarposten som først fortalde historia om det uvanlege besøket. Det er ukjent for NRK kven som eig den kulturinteresserte oksen.

– Uhøfleg

Dagleg leiar ved Fitjar Kultur og Idrettsbygg AS, Ole Bergesen, var på ferie då han fekk den høgst oppsiktsvekkande telefonen.

– Eg har vore borti mange problemstillingar i livet, men ein okse på besøk i foajeen var noko nytt.

Bergesen kan ikkje gjere anna enn å le av episoden.

– Eg synest jo det var litt uhøfleg. Vi har 17 toalett på huset, men likevel gjorde han dette, fleiper Bergesen.

No spekulerer Bergesen i om oksen kan ha høyrt om fôrkrisa som råkar Noreg for tida.

– Det kan jo hende han var desperat og ville sjekke ut kiosktilbodet, spøkar han.