Hopp til innhold

Kommunen gjer ingenting med ulovleg «hotellutleige» i bustadblokker

DAMSGÅRD (NRK): Sterke reaksjonar på at profesjonell korttidsutleige i nabolaget ikkje blir stoppa. – Ville fått konsekvensar for alle som driv med Airbnb, svarar utleigar.

Damsgård

"HOTELLUTLEIGE": Det er i desse blokkene i Damsgårdssundet i Bergen bebuarane meiner det blir drive hotellutleige.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

I november i fjor fortalde NRK om nabolaget i Damsgård.

Her driv selskapet Bjørvika Apartments profesjonell utleige av 37 leilegheiter. Det skjer mellom anna via hotellsider som hotels.com, for periodar heilt ned til to dagar.

– Det er litt spesielt å møta hotelltilsette i gangane, folk som vaskar og kjem med handdukar, sa Ellen Liljedahl Stavseth, ein av naboane i bustadblokkene.

No har kommunen undersøkt drifta nærare etter NRK si sak, og slår fast:

– Bruken er ulovleg. Ei slik korttidsutleige er søknadspliktig. Men me meiner saka er mindre alvorleg og ikkje naudsynt å følga opp med sanksjonar.

Det seier plandirektør Mette Svanes i Bergen kommune.

– Prioriterer liv og helse

Saka er prinsipielt interessant, då den problematiserer i kva grad ein i Noreg kan tena pengar på overnatting i bygg som kommunen har bestemt skal vera til bustadføremål.

– Sender de dermed eit signal om at de ser mellom fingrane med det?

– Me har veldig mange ulovlegheitssaker. Me må prioritera dei som utgjer fare for liv og helse og er ein risiko for samfunnet.

Hotellutleie Damsgård

ULOVLEG: Det er ulovleg utleige i bustadblokkene i Damsgårdssundet, meiner planetaten i kommunen. Dei tek likevel ikkje grep for å stansa det.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Selskapet opplyser at cirka 90 prosent av dagane dei har utleige gjennom året har vore leigeforhold på 30 dagar eller lengre.

Det gjeld leilegheiter dei disponerer både Bergen og Oslo.

No har Bergen kommune bede selskapet gjera greie for utleigeverksemda si dei elleve første månadane sidan oppstarten i Bergen i fjor vinter.

110 av dei 156 leigekontraktane i mars 2017-februar 2018 var på to veker eller mindre, ikkje over ein månad.

– Det er i stor grad korttidsutleige, men Bjørvika Apartments disponerer berre om lag seks prosent av leilegheitene i dei sju sameiga, seier Svanes.

Ho vil derfor ikkje krevja at selskapet avsluttar utleiga eller søker om løyve.

«Det må legges avgjørende vekt på at korttidsutleien utgjør en særdeles liten andel av den totale bruken av byggene,» skriv etaten.

Mette Svanes

LAR GÅ: – Me har veldig mange ulovlegheitssaker. Me må prioritera dei som utgjer fare for liv og helse og er ein risiko for samfunnet, seier plansjef Mette Svanes i Bergen kommune.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Skuffande

Konklusjonen forargar dei fastbuande huseigarane i nabolaget. Dei oppfattar utleiga som hotelldrift.

– Det er skuffande at dei ikkje vil gjera noko med det. Selskapet planlegg å veksa på utleigemarknaden. Etaten bør ta tak i dette, seier Erik Wilberg i Damsgårdsundet velforeining.

– Det er ille at kommunen godtar at ein næringsaktør får ta seg til rette i eit bumiljø, meiner nabo Andreas Hellebø.

Anders Hellebø

– DET ER ILLE: Andreas Hellebø bur i eitt av sameiga og meiner kommunen godtar at ein næringsaktør får ta seg til rette i eit bumiljø.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Etaten hevdar at dei ikkje har mottatt klager:

«Det må derfor kunne oppfattes som at utleievirksomheten ikke anses som noen særlig ulempe for naboer», skriv dei i eitt svar til NRK.

– Ulempene våre har kome tydeleg fram. Men klager skal dei få no! seier Wilberg.

Dei får støtte av SV.

– Det er heilt skandaløst viss Bergen kommune ikkje følgjer opp ulovleg utleige. Dei kan ikkje berre føysa denne saka til sides. Då seier dei at det ikkje er så nøye med lov og rett. Dessutan treng me bustadar i byen vår, meiner gruppeleiar Oddny Miljeteig.

Leiar Erik Wilberg i Damsgårdsundet velforening

SKUFFANDE: Eirik Wilberg i Damsgårdssundet velforeining er skuffa over kommunen si handtering av saka.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Utleigaren: – Kommunen manglar lovgrunnlag

Dagleg leiar Ole Henrik Engen i Bjørvika Apartments meiner etaten legg saka vekk fordi dei innser at lovverket er uklart.

Verken lova eller forskrifta har «noen spesifisert nedre grense for antall døgn som er lov å leie ut en eiendom regulert til boligformål,» skriv han i ein e-post til NRK.

«Plan- og bygningsetaten er sikkert klar over at de har manglende lovmessig grunnlag for å konkludere i slike saker. Mer enn 28.000 Airbnb-utleiere i Norge driver i så fall ulovlig.»

Dessutan skriv han at leigekontraktane i Bergen har blitt stadig lenger. Han held fast ved at «korttidsutleie under 14 dager utgjør en liten del av vår virksomhet.»

I mai føreslo regjeringa ei lovendring som avgrensar høvet til korttidsutleige til 90 dagar årleg.