Etter å ha vore gateprostituert i halvanna år, skal nigerianske «Esther» denne veka kastast ut av Noreg.
Det skjer etter at ho har samarbeidd med politiet og namngjeve personar ho meiner tvang henne til å selja sex.
– Saker om menneske som Esther forargar meg, seier stortingsrepresentant Kjell Inge Ropstad (KrF).
- Kampen for å bli:
– Uakseptabelt at dei blir sendt tilbake
Fleire parti vil no gå gjennom regelverket på nytt.
26 år gamle Esther ville fått opphald dersom ho hadde fått vitna i retten.
Men fordi politiet legg bort dei fleste sakene, får offera sjeldan vitna. Difor blir mange sende ut, sjølv om dei har samarbeidd med politiet.
– Det er heilt uakseptabelt at menneske som blir utsette for menneskehandel, og som i lang tid har blitt utnytta på det grovaste, blir sende tilbake til sine bakmenn, seier Ropstad.
Har bede om endring to gongar
To gongar har Stortinget bede regjeringa om å greia ut eit nytt lovforslag.
Men så langt er ikkje nye reglar på plass. Seinast i vinter bad Justiskomiteen departementet om å sjå på saka på ny.
– Skal offera tora å anmelda og søka hjelp er det helt avgjerande at opphaldsløyvet ikkje heng saman med straffesaka.
Ropstad sende måndag eit skriftleg spørsmål til justisminister Tor Mikkel Wara (Frp), der han etterlyser svar på korleis regjeringa vil følgja opp vedtaket.
Vil ha fleirtalet på banen i Stortinget
SVs Karin Andersen har fleire gongar refsa regjeringa for manglande oppfølging av offer for menneskehandel. Ho meiner eit betre rettsvern no hastar.
– Eg forventar at regjeringa straks kjem med eit nytt lovforslag, som sikrar dei rettane som trengst. At det ikkje er gjort til no er heilt uakseptabelt, seier den innvandringspolitiske talspersonen.
Andersen tok måndag kontakt med Ap, Sp og KrF for å drøfta å lansera eit eige lovforslag i Stortinget.
– Me har fleirtal i Stortinget og kanskje må me fremja forslaget sjølve. Det skulle ikkje vera naudsynt, men det kan vera eit alternativ, seier SV-representanten. Ho torer ikkje spå når eit slikt forslag eventuelt kan leggast fram.
– Offera har godt rettsvern i Noreg
Leiar i justiskomiteen, Lene Vågslid (Ap), varslar at ho vil ta opp regjeringa sin manglande respons på justiskomiteen sine vedtak i Stortinget tysdag.
– Rettstryggleiken for desse kvinnene er ikkje god nok. Eg forventar at justisministeren tar grep og at han tar dette langt meir på alvor enn sine forgjengarar, seier Vågslid.
Kommunikasjonsavdelinga i Justisdepartementet skriv i ein e-post til NRK at departementet er i gang med ei nærare utgreiing av regelverket og praksis for opphald for offer for menneskehandel.
– Det er krevjande å finna ei hensiktsmessig avgrensing som tar vare på dei kryssande omsyn, men offer for menneskehandel har eit godt utvikla rettsvern i Noreg.
- Les også: