Hopp til innhold

Møter staten i retten etter å ha tysta på bakmenn

BERGEN (NRK): Politiet la bort saka mot bakmennene som tvang ho til sexsal. No kjempar menneskehandel-offeret i retten for å unngå utkasting.

Nigeriansk offer for menneskehandel saksøker staten

TIL SAK: Kvinna frå Nigeria har selt sex til hundrevis av menn i Noreg. Ho namngav tre bakmenn til politiet, men saka blei lagt bort. No har ho og bistandsadvokat Kristine Aarre Hånes stemna staten.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Kvinna i 20-åra frå Nigeria blei lokka med jobb som frisør i Europa. Dagen etter at ho kom til Oslo via Italia og Sverige, selde ho sex til norske menn for første gong.

To år seinare gjekk kvinna i 20-åra til politiet med namn på tre bakmenn. Men saka blei lagt bort.

Denne veka møter ho den norske stat i ei sivil tvistesak i Oslo tingrett.

Der skal retten for første gong på prinsipielt grunnlag ta stilling til om offer for menneskehandel har krav på opphald, sjølv om dei ikkje får vitna i ei straffesak.

– Eg ber berre om vern. Bakmennene veit at eg har snakka med politiet. No er eg i større fare enn før eg snakka med politiet, seier kvinna, som no bur ulovleg ein stad på Vestlandet.

Saka lagt bort – rettane forsvann

Det finst heile spesielle reglar for opphald i Noreg og offer for menneskehandel (sjå faktaboks).

Hadde kvinna fått vitna i retten, ville ho etter norsk lov hatt krav på fast opphald i Noreg.

I staden blir ho kasta ut.

Utlendingsnemnda (UNE) har slått fast at ho er eit offer for menneskehandel. Men dei meiner likevel det er trygt for henne å reisa heim til Nigeria.

Offer for menneskehandel stevner staten

SKJULT: Kvinna er i dag ulovleg i Noreg. Ho bur ein stad på Vestlandet medan ho ventar på utfallet av rettssaka.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Å gå til sak mot staten for å få omgjort UNE sitt avslag, er kvinna sitt siste forsøk på å bli verande.

– Eg meiner heilt klart at min klient burde fått opphald basert på den informasjonen ho har gitt politiet, og den faren ho har sete seg i ved å namngi bakmennene, seier bistandsadvokat Kristine Aarre Hånes.

Få søker om opphald

15 år etter at Noreg fekk eit forbod mot menneskehandel har berre 45 saker enda med fellande dom, ifølge Koordineringsenheten for ofre for menneskehandel (KOM).

Til samanlikning blei det i 2016 meldt inn 46 saker om menneskehandel til norske politidistrikt.

Med andre ord er det svært få saker som når rettssystemet.

– Når politiet klarar å identifisera bakmenn på grunn av offera sine forklaringar, meiner eg desse må få opphald. I dag mister kvinnene alle rettar i det saka blir lagt bort, seier Hånes.

Kristine Aarre Hånes med sin nigerianske klient

BISTANDSADVOKAT: Kristine Aarre Hånes har representert fleire offer for menneskehandel. Ho seier det er første gong retten må ta prinsipielt stilling til om offer som har samarbeidd, men ikkje fått vitna, likevel kan få opphald.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

UNE: Låg risiko for represaliar

Bistandsadvokaten har kalla inn den fornærma sin far som vitne. Han skal over telefon fortelja om trugslane han og familien har fått.

– Min klient har namngitt fleire i bakmannsapparatet. I verste fall blir ho drepen, meiner Hånes.

UNE skriv i sitt endelege avslagsvedtak at risikoen for represaliar for kvinner som returnerer til Nigeria, generelt er låg.

– I denne saka har me ikkje funne at det er fare forbunde med retur til Nigeria, seier seksjonssjef Terje Østraat ved Afrika-seksjonen i asylavdelinga til UNE.

Fryktar effekten

Heller ikkje etter spesialreglane for menneskehandel-offer har UNE funne det naudsynt å gi kvinna varig opphald.

Dermed skal tingretten vurdera om UNE sitt endelege avslag er gyldig.

Hausten 2015 vedtok eit samrøystes Stortinget at regjeringa skulle vurdera å gi opphaldsløyve til menneske som ein meiner er offer for menneskehandel. Framleis jobbar regjeringa med ein ny handlingsplan.

– Dette er ei prinsipiell sak. Skulle UNE få medhald, blir det vanskelegare å få offer til å samarbeida med politiet. Då vil ein ikkje oppnå målet om å overvinna menneskehandel i Noreg, seier Hånes.

Prostituerte i Oslo sentrum

PÅ GATA: I over eitt år gjekk den nigerianske kvinna på gata i Oslo. Ho blei slått, utnytta og truga.

Foto: Jane Rasmussen / NRK