Hopp til innhold

Kvinne låg død i kommunal utleigebustad i sju månader

BERGEN (NRK): Politiet kopla inn etter at kvinne i 50-åra døydde utan at nokon visste det.

Omsorgsbustader i Dreggen i Bergen

KOMMUNALE BUSTADER: Det var i ein av desse bustadane i Dreggen i Bergen at kvinna vart funnen. Då hadde ho vore død i sju månader.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Kvinna i starten av 50-åra skulle på ein seks månader lang ferietur til heimlandet Brasil. Avreisedato vart sett til 12. desember i fjor, og ho hadde fått hjelp av ei venninne til å bestille billettar.

Men slik vart det ikkje.

For nokre veker sidan fatta kommunen og pårørande mistanke, og politiet ble kopla inn.

13. juli i år vart kvinna funnen død i leilegheita. Etter alt å døme har ho vore død i sju månader før politiet fann henne.

– Det er ingenting som tyder på at kvinna reiste av garde til Brasil, fortel Sigrid Sverdrup, fungerande leiar for valds- og sedelegheitsavsnittet i Vest politidistrikt.

Fekk hjelp i fleire år

Kvinna skulle etter planen returnere frå det seks månader lange utanlandsopphaldet i midten av juni i år.

Ho har i fleire år vore mottakar av kommunale helsetenester, og budde i ein kommunal utleigebustad i Dreggen ved Bryggen i Bergen.

Avtala var at omsorgstenestene skulle bli stansa i tidsrommet medan kvinna var på ferie og halde fram når ho kom tilbake. Men då kommunen forsøkte å kontakte henne i juni, viste det seg å vere umogleg.

– Det er ikkje uvanleg at folk ikkje er heime når vi kjem, så vi var ikkje uroa i starten, fortel etatsdirektør for psykisk helse og rustenester i Bergen kommune, Rønnaug Frøiland.

Etatsdirektør for psykisk helse og rustenester i Bergen kommune, Rønnaug Frøiland.

IKKJE UROA: Etatsdirektør for psykisk helse og rustenester i Bergen kommune, Rønnaug Frøiland, fortel at dei ikkje var uroa for kvinna i starten.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Tragisk

Men vekene gjekk, og kommunen fekk framleis ikkje kontakt med kvinna.

– Vi kopla inn hjelpeapparatet, i form av fastlege, verje og pårørande. Dei kontakta deretter politiet, seier Frøiland.

Kvinna i 50-åra var rullestolbrukar fordi ho måtte amputere beina etter ei bilulukke i heimlandet for nokre år sidan.

Trass i at ho var mottakar av kommunale tenester hadde ho reist på lange turar til Brasil fleire gonger dei siste åra. Ifølge kommunen verken skal eller kan dei føre tilsyn i private bustader når leigetakarane er bortreist.

– Dette er ei tragisk sak. Vi stussa ikkje over at ho skulle reise bort. Det var ingenting som tyda på at noko var utanom det vanlege, men vi må gå inn i saka i samarbeid med andre aktørar som ytte henne tenester for å sjå om det er noko vi kan gjere annleis i framtida, seier etatsdirektør Frøiland i Bergen kommune.

Sigrid Sverdrup i Vest politidistrikt

ETTERFORSKA SAKA: Ifølgje Sigrid Sverdrup i Vest politidistrikt, er det ikkje grunn til å tru at kvinna har vore utsett for noko kriminelt.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Politiet starta etterforsking

Heller ikkje naboar eller omgangskrets skal ha reagert.

– Då vi fekk vite kva som hadde skjedd var det ein del som påpeikte at dei hadde merka ei rar lukt. Men det var ingen som tenkte på at det kunne kome frå ein død person, seier ein nabo til NRK.

Ifølgje vennene til kvinna kom meldinga om dødsfallet som eit sjokk.

– Det var ingen som stussa veldig på at ho ikkje tok telefonen. Ho skulle jo reise, seier ei venninne til NRK.

Politiet har etterforska saka. Dei omtalar dødsfallet som mistenkeleg, men det er snakk om ei undersøkingssak og ikkje ei straffesak.

– Det er førebels ingenting som tyder på at det har skjedd noko straffbart, seier Sverdrup i Vest politidistrikt.

Den endelege dødsårsaka vil truleg ikkje vere klar før om eit par månader.