Hopp til innhold

Niels stryk hundrevis av pasientar av lista si: – Det er umogleg å ta unna

Norske fastlegar kuttar pasientlistene fordi dei har fått for mange oppgåver, og fordi folk går oftare til legen enn før. Høgre innrømmer at talet på pasientar per fastlege nok er sett for høgt.

Fastlege Niels Saaby Hansen på legekontoret i Ytrebygda

Fastlege Niels Saaby Hansen kuttar pasientlista fordi papirhaugen har blitt for stor. – Det har blitt mykje meir byråkrati og skjema som må fyllast ut. Løysinga for meg blei færre pasientar.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

På eit legekontor i Ytrebygda i Bergen sit fastlege Niels Saabye Hansen. Hit har pasientar kome til han i 17 år. No vil fleire av dei få beskjed at dei ikkje kan det lenger.

I ein kronikk i Bergens Tidende sa Saabye Hansen unnskyld til dei 200 pasientane på lista hans som vil få beskjed om at dei har fått ein ny fastlege.

Han har til no hatt 1200 pasientar på lista.

– Det er litt trist å sei farvel til 200 pasientar som eg har følgd lenge, nokre av dei i over 10 år. Men eg har for mykje å gjere og har lyst til å jobbe mindre enn 11 timar i døgnet.

Kveldar med papirarbeid

Møte med NAV og legeerklæring til elevar på vidaregåande skule er nokre av oppgåvene Hansen meiner stel for mykje tid.

– «Du sit berre ved datamaskinen, pappa», seier sonen min på tolv år. Eg vil vere meir til stades for han, og løysinga blei å ha færre pasientar.

For kvar pasient på lista får fastlegen 451 kroner i året i basistilskot frå staten. 200 pasientar færre, betyr 90.200 kroner mindre i basisinntekt for Hansen.

– Men eg har høve til å gjere det, eg har ikkje noko særleg lån.

Tom Ole Øren, leder i Allmennlegeforeningen

Leiar i Allmennlegeforeningen, Tom Ole Øren, kjenner til mange fastlegar som kuttar i pasientlistene fordi arbeidsmengda har blitt for stor.

Foto: NRK / NRK

Mange kuttar pasientlistene

Leiaren i Allmennlegeforeningen, Tom Ole Øren, kjenner til mange fastlegar som har kutta listene for å klare å ta seg av alle pasientane.

– Fastlegar går gradvis ned på listelengda fordi har blitt så lange arbeidsdagar og så mange arbeidsoppgåver.

Ifølgje Legeforeningen jobbar 80 prosent av fastlegane meir enn det Arbeidsmiljølova reknar som vanleg arbeidstid.

– Styresmaktene definerer eit årsverk som 1500 pasientar på lista. Det meiner vi er alt for høgt. Gjennomsnittet for fastlegar i Norge i dag er 1100 pasientar, seier Øren.

Det er blant det lågaste som er registrert nokon gong.

Maria Jahrmann Bjerke

Statssekretær Maria Jahrmann Bjerke seier dei skal evaluere om 1500 pasientar per lege er for mykje.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

– 1500 kan vere for mange

Helsepolitisk talsperson i Høgre, Sveinung Stensland, seier dei ofte høyrer legar som klagar over arbeidsbelastninga.

– Mykje tydar på at 1500 pasientar er i overkant, innrømmer han.

Også statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Maria Jahrmann Bjerke, går langt i å antyda at norma med 1500 pasientar per lege er eit tal som må justerast ned.

– Vi tar på alvor tilbakemeldingane vi får frå fastlegar som kjenner på at arbeidsmengda har blitt for stor, seier Bjerke.

Ho viser til at det er sett i gong ei evaluering av fastlegeordninga og at lengda på pasientlista er ein av tinga dei vil sjå på.