Hopp til innhold

Mann funnen død i seglbåt

Ein mann i 60-åra vart funnen død i ein havarert seglbåt vest for Sotra tysdag. Politiet veit ikkje kva som har skjedd.

Mann funnet død i båt ved Løno utenfor Sotra

REDNINGSAKSJON: Mannen blei funnen død i denne båten etter ein større redningsaksjon.

Foto: Politiet

Tysdag klokka 20.19 fekk politiet melding om at ein seglbåt var observert delvis ståande på land ved øya Løno vest for Sotra i Hordaland.

Båten, ein 30 fots seglbåt, slo mot fjæresteinane då redningsmannskapa kom fram, opplyser politiet i ei pressemelding.

– Redningsstyrkane som kom til staden fann ein person om bord. Mannen var diverre livlaus, fortel lensmann i Sotra, Askøy og Øygarden Torgils Lutro.

Kjenner ikkje dødsårsaka

Den døde er i byrjinga av 60-åra. Mannen høyrer heime i Rogaland, og dei pårørande er varsla, opplyser politiet.

– Det er enno ikkje klart kva som har skjedd. Me veit at vedkomande var åleine i båten og på veg nordover. Dødsårsaka kjenner me ikkje, opplyser Lutro.

Mannen er transportert til Gades institutt for obduksjon. Politiet arbeider no med å få klarlagt hendingsgangen og årsaka til dødsfallet. Politiet mistenker ikkje at noko kriminelt har skjedd.

Lutro opplyser at politiet har ein teori om kvar mannen var på veg.

– Det har me ei meining om, men det går me ikkje ut med per no. Første prioritet er no å få svar på kvifor vedkomande døde.

Vil heva båtvraket

Det blei tysdag kveld søkt i sjø- og landområde etter andre personar, men søket blei avslutta same kvelden.

Helikopter, politi og redningsskøyte deltok i redningsaksjonen. Også mannskap frå brannvesenet og Røde Kors deltok.

Båten gjekk seinare ned slik at berre masta er synleg.

– Båten skal hevast for å eventuelt få kartlagd akkurat kva som skjedde om bord, seier lensmannen.

Mann funnet død i seilbåt ved Løno