Hopp til innhold

Nekta å ta imot kvinne som avslørte menneskehandlarar– no snur kommunen

Byrådet i Bergen grip inn etter at NRK omtalte saka.

Tvangsprostituert får likevel komme til Bergen

SNUR: Bergen kommune vil likevel ta imot den tidlegare tvangsprostituerte kvinna frå Nigeria. Ho søkte om å få flytta tilbake til byen der ho blei utnytta, men kommunen avslo.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

I fem månader selde den nigerianske kvinna sex på gata i Bergen. Då ho i 2012 melde bakmannen til politiet, blei ho flytta til ein kommune i Hordaland for å vera trygg,

I fjor, fem år seinare, søkte den no 32 år gamle kvinna om å flytta tilbake til Bergen. Men som NRK fortalde tidlegare denne veka sa kommunen nei.

– Eg reagerer sterkt på at ho, eit offer for kynisk menneskehandel og prostitusjon, blir behandla på lik linje med andre utlendingar som ynskjer seg til Bergen, sa bistandsadvokat Kristine Aarre Hånes.

Snudde etter instruks frå byråden

Sosialbyråd Erlend Horn (V) svara med å be sine byråkratar på rådhuset om å vurdera saka på nytt.

Få dagar seinare stadfestar han at Bergen kommune snur.

– Det er basert på hennar veldig spesielle og tragiske historie, som gjer at det er særleg gode grunnar til at ho bør få lov å koma til Bergen, seier han til NRK.

Erlend Horn, sosialbyråd (V) Bergen

INSTRUERTE: Sosialbyråd Erlend Horn (V) bad byråkratane om

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Sosialbyråden har sjølv instruert sin etat etter å ha sett seg inn i saka.

– Eg har gitt mi politiske vurdering av at det å vera utsett for menneskehandel og ha tilknyting til byen, bør telja inn under regelverket om særskilde behov.

– Ho er svært, svært letta

Bistandsadvokat Hånes har onsdag kveld snakka med 32-åringen. Kvinna er svært takksam for at ho får koma tilbake.

– Ho kan nesten ikkje tru at det er sant. Ho var innstilt på at avslaget var endeleg.

Det er over eit halvt år sidan advokaten for første gong fekk avslag på søknaden.

– Eg er svært glad for at kommunen har snudd. Men dei burde ha tatt dette ansvaret for lenge sidan, seier Hånes.

Oddny Miljeteig

ARG: Gruppeleiar for SV i Bergen bystyre, Oddny Miljeteig.

Foto: Tom Arne Moe / NRK

– Skammeleg

Gruppeleiar for SV i Bergen, Oddny Miljeteig, reagerte sterkt på avslaget. Sjølv etter u-svingen på rådhuset, kallar ho saka ei skandale.

– Eg synest det er heilt uhøyrt og skammeleg. Som ei av svært få menneskehandel-offer har ho tort å gå til politiet. Då skulle det berre mangla at ho skal få koma tilbake til byen der ho har kjende.

No krev den tidlegare SV-nestleiaren at kommunen får på plass nye reglar.

– Kommunen må snu rundt på femøringen og skaffa seg eit regelverk som sikrar desse kvinnene den støtta til busetting som dei treng.

Advokat Kristine Aarre Hånes,

LETTA: 32-åringen sin bistandsadvokat, Kristine Aarre Hånes.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Ikkje redd for å skapa presedens

Bergen kommune fører ein streng praksis i behandlinga av søknader om såkalla sekundærbusettingar.

– Det er viktig at ikkje alle som vil, får flytta til byane. Det ville ha gitt eit uføreseieleg system for integrering i norske kommunar. Men det finst unntak, slik som saka.

Sosialbyråd Horn fryktar ikkje presedens ved å opna for unntak som dette.

– Dette er ei veldig spesiell sak. Eg håpar og trur me ikkje vil få mange slike saker i framtida. No håpar eg kvinna kan få koma vidare i livet på ein god måte.