Hopp til innhold

Nina Grieg er nesten aleine – no skal byen få fleire «kvinnegater»

BERGEN SENTRUM (NRK): – Me bør slutta å kalla opp gater etter menn, meiner Oddny Miljeteig. No får ho bystyret i Bergen med på det.

Oddny Miljeteig i Nina Griegs gate

UNNTAKET: – Du allstyrelse. Jammen er Nina her! Like ved Grieghallen finn Oddny Miljeteig omsider ei «gate» med kvinnenamn.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Lars Hille, Rasmus Meyer, Nils Christie, Olav Kyrre, Ole Bull, Olav V, Herman Foss, Hans Holmboe, John Lund ... Kven var han, eigentleg?

SV sin frontfigur i Bergen, Oddny Miljeteig, har blitt med oss på ei vandring gatelangs i Bergen for å understreka poenget sitt: Det er mann etter mann etter mann i våte bergenske sentrumsgater før ein finn eit skilt med kvinnenamn.

Ein gjennomgang NRK har gjort av namn på alle gater og plassar i Bergen viser 285 mannsnamn og 29 kvinnenamn.

I Bergen sentrum er det berre ei handfull «kvinnegater» mellom Nygårdsbroen, Nordnes og Ladegården: Agnes Mowinckels gate, Magdalenagangen, Margaretastredet, Nina Griegs gate og Torborg Nedreaas' gate.

Og slik er det i alle norske bygater: Historiske og store menn dominerer, medan kvinnene er i solid undertal.

– Kvinner og Frank først

No vil politikarane i Bergen gjera noko med det.

– No får det vera måte på. Det ser ut som at i Bergen og alle andre byar har berre menn gjort noko som gjer det verd at dei kjem på sokkel eller får gater kalla opp etter seg.

Denne veka får ho med seg eit stort bystyrefleirtal i Bergen på å prioritera kvinner. Nye bergensgater skal dei neste åra få kvinnenamn.

Miljeteig ville helst gått enno lenger – at ein dei kommande åra heilt slutta å kalla gater i Bergen opp etter menn. Med eitt unntak:

Hyllest til Frank Aarebrot med gatekunst

MANNEN I GATA: Frank Aarebrot har allereie blitt heidra med graffiti, og Miljeteig meiner han er den einaste mannen som no fortener å få ei bergensgate kalla opp etter seg.

Foto: Newton Streetart

– Frank Aarebrot kallar me gjerne opp med lett hjarta. Men bortsett frå han ser me ikkje nokon menn som fortener å gå framfor nokon damer.

Frp: – Naturleg å heidra menn

Framstegspartiet er det einaste partiet i Bergen bystyre som ikkje vil vera med på Miljeteig sin kvinnedugnad. Gruppeleiar for partiet Tor Woldseth meiner at det er tull å gjera kjønn til eit kriterium når bergensarar og andre skal heidrast.

– Me har ein historie bak oss der menn dominerte for det meste. Kvinnene hadde ei anna rolle enn i dag, og då er det naturleg at det blir slik. Det er innsatsen ein har gjort for byen som skal avgjera om ein får namnet sitt på ei gate. Ikkje om ein er kvinne eller mann.

På runden vår i Bergen sentrum oppdagar Miljeteig til slutt eit unnatak som stadfestar regelen – i ei lita sidegate ved Grieghallen.

– Nina Griegs gate 6! Det har eg aldri sett. Du allstyrelse. Jammen er Nina her, jublar ho.

Kom gjerne med dine eigne forslag, sjå kommentarfeltet under artikkelen.

Vedhenget på gangvegen

Nina Grieg var ikkje berre kusina og ektefellen til Edvard. Ho var ei anerkjend songarinne.

Edvard og Nina Grieg

VEDHENG: Songarinna Nina Grieg var ein anerkjend sopran, men mest kjend som kona til Edvard.

– Men ho er veldig eit vedheng til mannen sin. Det var vel det å ha ein berømt mann som måtte til for å få bli eit gatedamenavn plassert midt i hjarta av Bergen.

Miljeteig er likevel ikkje nøgd med heidringa av Nina Grieg.

– Dette er vel eigentleg ikkje ei gate. Er det ikkje berre ein gangveg?