Hopp til innhold

Fann jerv med kull for første gong – no skal dyra skytast

For første gong i moderne tid er det oppdaga jerv som har ungekull på Sørvestlandet. Styremaktene veit ikkje om jervemora har tatt beitedyr, men skal no avliva ho og kvalpane.

Radiomerket jerv

RADIOMERKA: Jervetispa vart bedøvd og radiomerka då jegarane oppdaga henne. Ho er truleg den første jervemora på Sørvestlandet på mange tiår, og ho og ungane skal no avlivast.

Foto: Statens naturoppsyn

Det var fredag at jegarar frå Statens naturoppsyn (SNO) på oppdrag for Miljødirektoratet felte ein hannjerv som skal ha gjort stor skade på beitedyr i Suldal kommune og i Røldal i Odda kommune dei siste åra.

Jegarar som gjekk i terrenget frå torsdag, fann spor i Vinje i Telemark. Dyret vart deretter skote frå helikopter der.

– Me er ganske sikre på at det er rett dyr som er felt, men svaret får me når DNA-analysen er klar om nokre dagar, seier Lars Bendik Austmo, som er leiar for rovviltseksjonen i SNO.

Skutt jerv

SKOTEN JERV: Denne hannjerven skal ha gjort stor skade på beitedyr i Suldal og Odda dei siste åra. Den vart avliva fredag.

Foto: Statens naturoppsyn

Spesielt funn

Det mest spesielle var likevel at jegarane også kom på sporet av ein annan jerv, som styremaktene ikkje visste var i det same området.

Sidan det no er ynglesesong for jerv, er det fast rutine å bedøva dyret først, for å unngå å avliva eit ho-dyr som har ungar.

Det andre dyret vart skote med bedøvingspil i Bykle i Aust-Agder. I dette tilfellet viste det seg faktisk å vera ei tispe som hadde mjølk, og altså har yngla i år.

Første gong

Derfor monterte jegarane radiosendar på henne. Og no tyder radiosignala på at ho har hi i eit lite tilgjengeleg område i Suldal.

– Dette er så vidt me veit første gong i moderne tid at det er registrert ei tispe med ungar på Sørvestlandet. Det er spesielt at det skjer yngling i eit område så langt unna der ein ønskar ynglande bestandar av jerv, seier Austmo i SNO.

Dei trudde det berre var den store hannjerven i området. SNO reknar med at tispa har kome dit det siste året.

Rovviltnemndene i landet har avgjort at dei sentrale jerveområda er Oppland, Hedmark, Møre og Sør-Trøndelag, og nordover langs grensa til Kirkenes.

Men både hannane og tispene kan vandra langt og dukka opp i nye område. Kvart år blir det felt nokre få individ på Vestlandet, særleg i Sogn, etter vedtak i Miljødirektoratet.

– Det var ei yngling i Sogn og Fjordane i fjor. Det var den første sidan overvåkinga av jerv starta rundt 1990.

SNO kan med stor sikkerheit seia at det er lite truleg at jerv har yngla der dei siste 50 åra.

Vurderer avlivning

I Rogaland og Hordaland kjenner SNO ikkje til andre dyr enn hannen dei skaut sist veke, og kullet i Suldal.

– No har me fått i oppdrag frå direktoratet å følga opp for om mogleg å avliva tispa og ungane, seier han.

Sidan ho er radiomerka, reknar SNO med at dei skal klara å skyta dyra innan kort tid.

– Veit de at også denne tispa har gjort skade på beitedyr?

– Nei, ingen kan sikkert seia at ho har gjort skade, men dette er eit førebyggjande tiltak som direktoratet ønsker for å hindra at det blir skadar i beitesesongen i år, seier Austmo.