Hopp til innhold

Slik er livet på den unike fengselsøya: – Her får vi rett og slett vera menneske

ULVSNESØY (NRK): På den idylliske øya sonar 31 menn og kvinner i ulåste hus blant villsauer og alpakkaar. Dei jublar over at Stortinget har stoppa nedleggingsplanane.

Nina med lamaene på Ulvsnesøy

SJÅ BILETSERIE: Ulvsnesøy husar eit heilt unikt fengsel.

Foto: Leif Rune Løland / NRK
Alle foto: Leif Rune Løland / NRK

– I eit fengsel med lukka soning tenkjer dei innsette på fortida, på det som skjedde. Under open soning, som her, tenkjer ein mest på framtida. Ein legg planar for seg sjølv.

Salar Naqar kjem frå Kurdistan. Han er ein av dei 31 som sonar ein fengselsdom på den vesle øya Ulvsnesøy i Sørfjorden mellom Bergen, Osterøy og Vaksdal.

I fengselet har han lært seg å spela keyboard, og i fritida brukar han mykje tid på musikk.

Det er ein annan kvardag som møter dei innsette her, enn det dei opplever i andre fengsel.

For å koma til den veglause øya, må ein koma i båt. Vel i land, er fengselsportar, gitter og låste rom, bytte ut med grinder, høns og opne dører.

Gisle Havre Ulvsnesøy

STYRAR: Gisle Havre er sjef for eit heilt spesielt fengsel.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ville leggja ned

Ulvsnesøy har ei spesiell historie. I 1881 vart det oppretta ein skuleheim for «slemme» gutar i alderen 10 til 15 år på øya. Sidan 1982 det vore open soning på øya, med husdyr, eigen bondegard og store grøntområde.

I januar avgjorde Kriminalomsorgsdirektoratet at dei ville leggja ned fengselet på Ulvsnesøy, i staden for å pussa det opp for inntil 100 millionar kroner.

Men no har opposisjonspartia på Stortinget sagt nei til nedlegging av det populære fengselet. Dei vil fyrst kartleggja kva soningsplassar ein treng på Vestlandet.

– Å leggja ned eit fengselstilbod som kan visa til så gode resultat, blir feil, sa Ruth Grung (Ap) nyleg til NRK.

Salar Naqar på Ulvsnesøy

SPELER: Salar Naqar har lært seg å spela keyboard i fengsel. No øver han kvar dag.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Får vera menneske

Snuoperasjonen fell i god jord hos dei innsette.

– Dei må ikkje leggja det ned. Det blir eit tap for alle, seier Nina.

Etter 18 månadar på lukka soning i Stavanger, kom ho til Ulvsnesøy. I verkstaden svir ho firmanamnet til eit lokalt ølbryggeri inn i sida på små ølkassar i tre. Plankane er laga av grantre frå øya.

Nina set pris på både jobben, soningsforholda og omgjevnadane. Dei innsette har ansvar for dyra, mellom anna høner, alpakkaer og villsauer.

– Her får vi rett og slett vera menneske, seier ho.

Nina i verkstedet på Ulvsnesøy

VERKSTAD: Nina svir firmanamnet til eit lokalt ølbryggeri inn i sida på små ølkassar i tre.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ein god start på livet etter soning

Fengselsbetjent Svein Idar Dale har jobba på øya i 24 år. Han meiner det unike fengselet gjev dei innsette eit svært godt utgangspunkt for eit normalt liv etter soning.

– Det er noko med at folk senkar skuldrene her ute. Ein er ikkje så på vakt. Det gjev ei heilt annan moglegheit for rehabilitering, meiner Dale.

Men sjølv om stortingsfleirtalet no stoppar nedlegginga, trur ikkje fengselsbetjenten kampen er vunnen.

– Det var eit veldig viktig steg i rett retning, men vi må framleis kjempa for å visa at vi treng slike soningsstader på Vestlandet, seier han.

Kor mykje det vil kosta å rusta opp fengselet, veit han ikkje, men han er likevel sikker på at verdien av det er stor.

– Den samfunnstryggleiken ein får att for å ha slike soningsstader i Noreg, er viktig. Og eg trur denne staden er unik, seier fengselsbetjenten.

Skilt Ulvsnesøy

UNIKT: Det er lite som minner om eit vanleg fengsel på Ulvsnesøy.

Foto: Leif Rune Løland / NRK