Hopp til innhold

Tidlegare tilsette slo alarm – fylkesmannen har opna tilsynssak mot krisesenter

Fleire tilsette ved krisesenteret i Bergen skal ha slutta grunna dårleg arbeidsmiljø. No har Fylkesmannen i Hordaland motteke tre varsel, og oppretta tilsynssak.

Vestfolds krisesenter for menn

TILSYN: Fylkesmannen har fått meldingar frå fleire tidlegare tilsette som er uroa for det faglege tilbodet på Krisesenteret for Bergen og omegn. Bildet er tatt på eit anna krisesenter.

Foto: Linn Løkken / NRK

Krisesenteret for Bergen og omegn skal hjelpe kvinner, menn og barn i 24 kommunar i Hordaland som blir utsette for vald. I fjor hadde senteret 3249 overnattingar.

No slår tidlegare tilsette alarm om tilhøva ved senteret.

– Eg er bekymra for kvaliteten, og trur ikkje Bergen kommune er tett nok på drifta til å vite om tenestene held mål, seier May-Irene Wergeland til NRK.

Ho er ein av fleire tidlegare tilsette som denne våren har sendt Fylkesmannen i Hordaland tre uromeldingar. Meldingane handlar mellom anna om manglande risikovurdering for bebuarane, og det faglege nivået på senteret.

Varlsane har ført til at Fylkesmannen no har oppretta tilsynssak med Bergen kommune, som er ansvarleg for oppfølginga av krisesenteret.

Øystein Breirem Jacobsen, seksjonsleiar ved Fylkesmannen i Hordaland

TILSYN: Fylkesmannen i Hordaland har fått tre meldingar om krisesentertilbodet i Bergen, fortel seksjonsleiar Øystein Breirem Jacobsen.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

NRK har snakka med fleire av dei tidlegare tilsette. Om innhaldet i meldingane frå dei stemmer, er det alvorleg, meiner Øystein Breirem Jacobsen, leiar for Fylkesmannen si helse- og sosialavdeling.

– Dei som bur på krisesenter er ei sårbar gruppe. Dei har behov for gode, forsvarlege tenester, og å bli tatt vare på på ein trygg måte. Det er alvorleg om det sviktar i tenestetilbodet, seier Jacobsen.

Uroa for kvaliteten

Byrådsavdelinga for helse og omsorg i Bergen stadfester at dei jobbar med tilsynssaka.

– Det konkrete innhaldet i varsla vil vere ein del av det kommunen no følgjer opp, og vi er i dialog med krisesenteret om dette, seier seksjonsleiar Benedicte Løseth.

Styreleiar ved Krisesenteret, Nina Monssen, seier dei ikkje kjenner seg att i innhaldet i varsla. Ho vil ikkje kommentere einskilde påstandar.

– Det er ingen konkrete hendingar som har gjort at det blei opna tilsyn no. Men vi er kjent med at det er kome nokre påstandar om drifta ved krisesenteret, som tilsynet no vil undersøke, seier Monssen.

Styreleiar ved Krisesenteret for Bergen og omegn, Nina Monssen.

– GOD KOMPETANSE: Styreleiar Nina Monssen seier dei ikkje kjenner seg att i varsla. – Fagkompetansen ved krisesenteret er god, seier ho.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Fagutdanna sluttar

Varslarane er uroa for den faglege kvaliteten fordi ei rekke fast tilsette med fagutdanning har slutta dei siste åra. Fleire skal ha bytta jobb grunna dårleg arbeidsmiljø, ifølgje dei.

Styreleiaren stadfestar at senteret no berre har éin fast tilsett med fagutdanning på barn.

– Krisesenteret er i forhandlingar om ny kontrakt med Bergen kommune, og då er det ikkje unaturleg at tilsette kan slutte fordi arbeidssituasjonen blir opplevd som usikker, seier Monssen.

Ho legg til at det også er ei viss naturleg utskifting på ein så stor arbeidsplass.

– Vi har vikarar med fagkompetanse som fyller desse stillingane, og fagkompetansen generelt ved krisesenteret er god.

Monssen seier det er trygt på senteret, og viser til ein ekstern gjennomgang av tryggleiken i fjor.

– Vi meiner tryggleiken er god, og vi oppfyller i dag krava i lovverket til tryggleik ved krisesenter.

Seksjonsleiar i byrådsavdelinga for helse og omsorg i Bergen kommune, Benedicte Løseth

– GODT TILBOD: Benedicte Løseth i Bergen kommune meiner tilbodet på krisesenteret Bergen husar er godt.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Tilbodet er godt nok

Bergen kommune har utover dei tre uromeldingane som no blir undersøkte av fylkesmannen, ikkje motteke varsel eller meldingar om krisesenteret dei siste to åra, seier seksjonsleiar Benedicte Løseth.

– Vi har ingen grunn til å tru at tilbodet ikkje er godt nok, eller ikkje er fagleg forsvarleg. Vi meiner innbyggjarar som har behov for krisesentertilbod, har eit godt tilbod i krisesenteret i Bergen, men vi vil sjølvsagt følgje med på kva Fylkesmannen kjem fram til, seier Løseth.