Hopp til innhold

Tiltalt for grovt skadeverk etter Karpe Diem-konsert

4000 måtte evakuerast og store mengder utstyr vart øydelagt då 31-åringen tømde brannsløkkingsapparat frå scena.

Delebilde Karpe Diem

SJÅ VIDEO: Her tømmer mannen brannsløkkingsapparatet midt under konserten. Det kan komme til å koste han dyrt.

Det var under UKEN-konserten med Karpe Diem i mars 2016 at ein då 28 år gamal mann gjekk ut på scena og tømde eit brannsløkkingsapparat.

Pulveret frå apparatet gjorde at over 4000 publikummarar måtte evakuere konsertteltet. Konserten varta avlyst og svært mykje teknisk utstyr vart øydelagt av alt støvet.

Over to år etter konserten er den no 31 år gamle mannen frå Oslo tiltalt for grovt skadeverk.

Pulverapparat utløst på Karpe Diem konsert

PULVERISERT: Det vart ein solid oppryddingsjobb dagen deretter etter at ein mann tømde eit brannsløkkingsapparat under ein konsert med Karpe Diem i Bergen.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

Skader for fleire hundre tusen

«Skadeverket er særlig grovt fordi det særlig legges vekt på at det innebar en svært omfattende ødeleggelse av eigedom eller som har til følge slik ødeleggelse eller nærliggende fare for slike følger», heiter det i tiltalen som er tatt ut av statsadvokat Benedikte Høgseth.

NRK vore i kontakt med fleire av selskapa som leverte teknisk utstyr til konserten. Miksepultar, lysutstyr og instrument fekk ei stri tørn med pulveret då 31-åringen tømde brannsløkkingsapparatet to tredjedelar inn i konserten.

Bright Norway, som stod for lysproduksjonen, fekk sine økonomiske tap dekka inn av sitt forsikringsselskap.

Dei aleine fekk skader på deira tekniske utstyr for fleire hundre tusen kroner.

NRK har snakka med Silje Larsen Borgan, Karpe Diem sin manager, men ho seier dei ikkje vil kommentere saka no.

Karpe Diem-konsert avlyst

FØR AVLYSINGA: Det koka godt under konserten med Karpe Diem på UKEN i 2016.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

Usamd i tiltale

31-åringen viser til sin forsvarar når han snakkar med NRK, og vil ikkje sjølv svare på spørsmål.

Saka går for Bergen tingrett 25. september 2018. Då vil det ha gått to og eit halvt år sidan konserten på Koengen.

– Vi hadde sett for oss at denne saka ville bli lagt vekk. Min klient har forklart seg og vi meiner han ikkje har opptredd grovt aktlaust, seier forsvarar Linda Ellefsen Eide til NRK.

Ho er kritisk til at tiltalen kjem etter så lang tid. Sjølv fekk ho den på bordet måndag morgon.

karpe diem spektrum

BEKLAGA: Karpe Diem, her under ein konsert i Oslo Spektrum, beklaga hendinga ovanfor publikum etter konserten i Bergen i mars 2016.

Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Fekk pusteproblem

Fem av dei over 4000 som var til stades under konserten vart sendt til legevakta med pusteproblem.

Det vart svært kaotisk i konsertteltet etter hendinga.

– Folk begynte å småspringa ut, og det var då eg begynte å få pusteproblem. Eg trur det blacka litt ut for meg, sa student og konsertgjengar Helene Aarestad til NRK om si oppleving.