Hopp til innhold

Ungdomsoppgjer etter varselsaker i Frp: – Siv er for utydeleg

18 tillitsvalde i Framstegspartiets ungdom frå ulike delar av landet skriv i eit opprop at Frp ikkje tek seksuell trakassering på alvor.

Martin Virkesdal Jonsterhaug, Hordaland FpU

TAR OPPGJER: 18 tillitsvalde i FpU har førebels signert det krasse oppropet mot Frp-leiinga frå fylkesleiar FpU i Hordaland, Martin Virkesdal Jonsterhaug.

Foto: Aksel Hansen

Fleire unge tillitsvalde i Framstegspartiets ungdom (FpU) går hardt ut mot partileiinga i eit nytt opprop. Bak oppropet står to partitoppar i FpU i Hordaland: Martin Virkesdal Jonsterhaug og Ingeborg Bjørnevik.

Det skjer etter handteringa av fleire varslingssaker i Frp og ungdomspartiet.

– Me har fått god respons frå fylkeslag og lokallag over heile landet, seier Jonsterhaug om oppropet.

I oppropet skriv dei mellom anna:

«Vi ser med bekymring på at partiapparatet i gjentatte enkeltsaker har vist at de ikkje evner å ta seksuell trakassering på alvor, og derfor ser vi i FpU oss nødt til å ta avstand frå korleis Frp har handtert varslingssaker av seksuell karakter innanfor partiet.»

Reagerer mot mild reaksjon

Oppropet kjem som ein reaksjon etter at ein mann, med posisjonar i Frp og ungdomspartiet, får halde fram i sine verv med ei åtvaring frå organisasjonsutvalet i Frp. Dette skjer sjølv om utvalet har konkludert med at mannen har brote partiet sine etiske retningslinjer.

FpU-er foreslår sex med 14-åring

UETISK: Mannen som har verv og posisjonar i både Frp og ungdomsorganisasjonen FpU sende denne MMS'en til ein 14-åring. Organisasjonsutvalet i Frp har slått fast at mannen har brote partiet sine etiske retningsliner.

Mannen har mellom anna sendt meldingar til ein 14-åring med spørsmål om sex og fekk fleire jenter til å trekke seg unna politikken etter seksuell trakassering. NRK kjenner til minst fire varsel mot han.

Mannen sjølv seier til NRK at sex-førespurnadene var meint som spøk, at han ikkje kjenner seg igjen i fleire av historiene, men ikkje utelukkar upassande oppførsel.

Frp har behandla varselsaker mot til saman ni ulike partimedlemmar.

– Frp set ikkje offeret først

Leiar for organisasjonsutvalet i Frp, Helge André Njåstad, forsvarte måndag avgjerda i Politisk kvarter på NRK.

Etter det har Frp-politikar Mats Ramo i Trondheim i eit avisinnlegg kravd at Njåstad går av som utvalsleiar.

18 Fpu-politikarar og ein Frp-tillitsvalt har signert oppropet som NRK har fått tilgang på. Dei er samde i kritikken mot Njåstad;

«Det er urovekkande at organisasjonsutvalet tilsynelatande ikkje evner til å beskytte unge menneske som ønsker å engasjere seg i ungdomspartiet. Når konklusjonen som ligg føre er at de etiske retningslinjene er brutt, meiner vi at dette bør få reelle konsekvenser».

Fylkesleiaren i Hordaland FpU seier til NRK:

– Me meiner at Framstegspartiet, som vanlegvis pleier å seia at me set offeret først, ikkje gjer det når det gjeld våre eigne.

Siv Jensen ankommer valgvake

– UTYDELEG LEIAR: Partileiar Siv Jensen ikkje er tydeleg nok mot trakassering internt i Framstegspartiet, ifølge fylkesleiaren i Hordaland FpU.

Foto: NRK

– Utydeleg partileiar

Jonsterhaug krev at Siv Jensen blir tydelegare i spørsmål om seksuell trakassering.

– Eg saknar at partileiaren involverer seg i korleis #metoo har påverka norsk politikk. Eg hadde håpa å sjå ein tydelegare Siv Jensen som gav klar og tydeleg beskjed om at dette finn ho seg ikkje i, at dette skal det bli slutt på, og at ho gjekk i bresjen for å ta ansvar der.

Finansministerens politiske rådgjevar, Petter Kvinge Tvedt, seier Siv Jensen ikkje er tilgjengeleg for kommentar og viser til Njåstad.

Njåstad

FÅR KRITIKK: Ungdomspartiet i heimfylket hans gir Helge André Njåstad kraftig kritikk for si handtering av varslarsaker om seksuell trakassering i Frp.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Han ynskjer heller ikkje å kommentere oppropet når NRK tek kontakt.

– Vi har sagt nok, så har ingenting å legge til, seier han.

Ansvarsfråskriving

I Politisk kvarter viste Njåstad til at det var opp til ungdomspartiet å eventuelt ta frå mannen tillitsverva i FpU.

I oppropet kritiserer ungdomane at Njåstad «skyver ansvaret for å fatte en avgjørelse over på FpU»

– Det er ei ansvarsfråskriving. Organisasjonsutvalet skal og bør ta avgjerd i slike saker, seier Jonsterhaug.

Njåstad avviser kritikken til Bergens Tidende, som omtala saka først tysdag.

– Me har fatta ei avgjerd og gitt ei åtvaring, men fann ikkje grunn til å straffa eller ekskludera han. Det FpU skal behandla, er om vedkommande har rett til å ha tillitsverv. Det handlar ikkje om at me skyver ansvaret over på dei.

Han er kritisk til oppropet frå Hordaland FpU.

– Eg meiner dette er ein debatt som må takast internt.

«Det har for lenge vært en kultur for at så lenge man er ansett for å være et såkalt politisk talent så er det fritt frem til å bryte retningslinjer uten reelle konsekvenser. Det må det nå bli en slutt på», skriv FpU-arane vidare i oppropet.