Hopp til innhold

Vil la dagens ferjepassasjerar betale for framtidas gigantbru

Lobbyselskap for ferjefri E39 vil krevje inn bompengar på førehand for å realisere Noregs lengste bru. Det kan gi dyrare ferjebillettar i åtte år.

Hordfast og fergefri E39, nye illustrasjoner

LANG VEG FRAM: Den enorme Hordfast-brua over Bjørnefjorden i Hordaland kjem til å bli unik i verdssamanheng når ho skal byggjast. Men Stortinget må vedta bygginga og løyva milliardar.

Foto: Multiconsult / Statens vegvesen

Med ein berekna kostnad på 35 milliardar kroner er Hordfast ein sentral del av Noregs dyraste vegprosjekt: Ferjefri E39 på Vestlandet.

Medan kritikarane ristar på hovudet over prislappen, jobbar andre knallhardt for å realisere ferjefri europaveg mellom Stavanger og Bergen.

Eitt av forslaga for å sikre rask byggestart av den enorme brua over Bjørnafjorden er å krevje inn bompengar frå bilistane som i dag brukar ferjesambanda i området.

Halhjem-Sanvdvikvåg2

MÅ BETALE: Det kan komme eit bompengepåslag på 34 kroner på ferjebilletten her på Halhjem-Sandvikvåg om Hordfast AS får det som dei vil.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Foreslår 34 og 20 kroner frå neste år

Forslaget blei kommentert av tidlegare stortingspolitikar og samferdslepolitisk talsmann for Høgre, Øyvind Halleraker, under eit møte i Bergen tysdag. Han er no dagleg leiar i Hordfast AS som på vegner av næringslivet jobbar for å få vegen realisert.

Han lufta planane om bompengeinnkrevjing i BA i januar. På eit møte i regi av Bergen Næringsråd tysdag tok Halleraker til orde for at bompengane bør krevjast inn allereie frå 2019.

Det er første gong ein stadfestar når betaling til gigantprosjektet kan starte.

Han skisserte vidare følgjande bomtakstar på ferjene som skal avløysast av ny bru:

  • 34 kroner på ferjebilletten på sambandet Halhjem-Sandvikvåg på dagens E39
  • 20 kroner på ferjebilletten på sambandet Halhjem-Våge

– Då kan vi vere med å sikre byggestart i 2022 og ferdig ferjefri E39 over Bjørnafjorden innan 2027. Vi vel å vera optimistiske, seier Halleraker.

Halleraker påpeikar onsdag overfor NRK at satsane stammar frå eit tidlegare plandokument frå Vegvesenet. Han seier også at det ikkje er fem milliardar som skal krevjast inn, slik NRK skreiv tysdag, men at bompengane skal finansiere rentene til eit lån av denne storleiken.

Møter motbør i eige parti

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) var til stades på møtet der planane blei lanserte, men seier Ap ikkje har diskutert om dei vil stilla seg positive til det. I Halleraker sitt eige parti er ein nokså skeptiske.

– Om eg skal vera heilt ærleg, så synest eg dette er ein veldig krevjande sak. Eg jublar ikkje over forslaget, men forstår kvifor det kjem, seier Silja Ekeland Bjørkly, gruppeleiar for Høgre i Hordaland fylkesting.

Ho seier partiet sine politikarar frå Sunnhordland kjem til å kjempa imot førehandsinnkrevinga.

– Ferjetakstene aukar, og viss desse bompengane kjem på toppen, skjønar eg veldig godt at dei vil ha problem med å akseptera det. Men eg må henta inn fleire innspel før eg kan seia kva partiet konkluderer med, seier Bjørkly.

Alternativ til fjordkryssing Hordfast

MÅ PÅ HØYRING: Dei siste teikningane frå Vegvesenet viser korleis brua kan bli. Ein bompengesøknad må ut på høyring hjå kommunane

Foto: Illustrasjon: Baezeni / Statens vegvesen

350 kroner i 15 år

Viss Hordfast står ferdig i 2027, medfører Halleraker sitt forslag altså at bilistane som tar ferja, må betala bompengar i åtte år på førehand.

Sjølv om ein til dømes i Bergen allereie krev inn førehandsbompengar til vidare utbygging av Bybanen, er Høgre skeptiske til å gjera dette til norma.

– Sjølv om denne typen bompengeinnkrevjing har vore gjort tidlegare, er det krevjande å be ferjepassasjerar betale for eit prosjekt før bygginga er starta. Men så er det jo det at vi ønsker denne vegen så raskt som mogeleg. Men eg håpar vi kan finna ei anna løysing, seier Bjørkly.

Halleraker og Hordfast AS sitt forslag inneber også bompengebetaling i 15 år etter at brua står ferdig. Dei meiner taksten bør ligga på 350 kroner for ein personbil.

Øyvind Halleraker og Anne Gine Hestetun etter frukostmøte med Bergen Næringsråd

DEBATT: Øyvind Halleraker (til venstre) og fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) etter møtet med Bergen Næringsråd.

Foto: Christian Lura / NRK