Hopp til innhold

Svir av milliardar før fylkesekteskapet

Sogn og Fjordane meir enn tredoblar dei årlege investeringane før samanslåinga med Hordaland. – Me er uroa, seier fylkesvaraordføraren i Hordaland.

Nærøyfjorden

LÅNEFEST: Sogn og Fjordane vil sprenga banken før samanslåinga med Hordaland. Bilete viser Nærøyfjorden, nær fylkesgrensa.

Foto: Bengt Roger Kåven / NRK

750 millionar kroner skal det kosta å bygga bru over Ytre Steinsundet.

Jenny Følling og Gunn Åmdal Mongstad klemmer

PENGEDRYSS: Ordførar Gunn Åmdal Mongstad (t.h.) gav fylkesordførar Jenny Følling ein klem då fylkestinget i Sogn og Fjordane rett før jul avgjorde å byggja ei bru til 750 millionar kroner i Solund.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Brua mellom øyane i Solund kommune er berre éi av ei rekkje bygg- og samferdslesatsingar fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane planlegg i åra som kjem.

Totalt vert det planlagt å svi av nesten fem milliardar fram mot 2021. I 2020 skal fylket slåast saman med Hordaland.

– Folk i fylket krev det

– For oss som har mykje pengar, og verdiar som er skapt gjennom hundre år, er det heilt naturleg. Folk i fylket vårt krev at det skal komma oss til gode, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF) i Hordaland, reagerer derimot på planane til naboen i nord.

– Når to personar skal gifta seg, er det krevjande viss den eine parten systematisk satsar på å ordna sin eigne økonomi i forkant.

Planen er å trappa opp dei årlege investeringane til over 1,4 milliardar kroner i 2020 – og endå meir i 2021. Det viser ein gjennomgang NRK har gjort av økonomiplanane til dei to fylka.

Dei siste åra har investeringsbudsjetta til Sogn og Fjordane fylkeskommune til samanlikning vore på 350 og 600 millionar.

Best + verst = sant

Ifølgje kommuneorganisasjonen KS har Sogn og Fjordane i dag den beste fylkesøkonomien i landet. Hordaland har den aller dårlegaste, med ei gjeldsgrad på 113 prosent av driftsbudsjettet og ein nærast tom sparekonto.

Gjelda i Sogn og Fjordane er derimot godt under Riksrevisjonen si tilråding på 75 prosent.

Det er før det planlagde investeringsløftet har starta. Planlagde låneopptak på 1,4 milliardar kroner vil føra til at gjeldsgrada vil stiga til 99 prosent. Langt over det tilrådde. Ved årsskiftet var gjelda til fjordfylket på 2,3 milliardar.

I tillegg er planen å tappa 1,3 milliardar ut av diverse fond.

Signering

SMILET HAR STIVNA: Fylkesvaraordførar i Hordaland, Pål Kårbø (KrF) og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp) signerte samanslåingsavtalen i fjor vinter. No reagerer Kårbø på pengebruken til Følling.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Svekkjer fellesskapet

Fylkesvaraordførar Kårbø fryktar planane til naboen i nord vil forsura samarbeidet.

– Dei køyrer medvite på for å bruka opp verdiane sine. Det kan svekka fellesskapet etter samanslåinga.

Forsking frå Danmark, Sverige og Finland viser at det ikkje er uvanleg at rike veslebrør brukar meir pengar når det nærmar seg samanslåingar.

– Det er heilt vanleg at investeringstakten blir skrudd opp i åra før samanslåinga, seier statsvitar Jan Erling Klausen ved Universitetet i Oslo

Praksisen kan straffa seg når «ekteskapet» er ein realitet.

– Det er risiko for at ein lånar opp for mykje, og at ein ikkje prioriterer dei prosjekta ein aller helst ville tatt om ein tok ei heilskapleg vurdering i den nye, samanslåtte kommunen.

Ikkje uroa for samarbeidsklimaet

Fylkesordføraren i Sogn og Fjordane fryktar ikkje at pengebruken skal gå ut over samarbeidsklimaet.

– Nei. Me meiner me har vore opne om dette heile vegen. Det er naturleg at me vil halda på nokre av verdiane og bruka dei i vårt fylke, seier Følling.

Jenny Følling

FOLKEKRAV: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (Sp) meiner at folk i Sogn og Fjordane krev at fylkeskommunen brukar pengar fram mot samanslåinga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Frå før er det strid fordi Sogn og Fjordane ønskjer å halda verdifulle kraftaksjar utanfor ekteskapsavtalen. No irriterer òg den planlagde pengebruken.

– Dei må forstå at me i Hordaland er uroa. Dette er ei medviten satsing, og det har dei lov til. Men det utfordrar trua på fellesprosjektet, seier Kårbø.