Hopp til innhold

VM skulle få fleire på sykkelsetet – effekten uteblei fullstendig

BERGEN (NRK): Sykkel-VM skulle få fleire bergensarar opp på sykkelsetet. I staden gjekk talet på syklande ned ti prosent i månadene etter VM.

Færre syklister etter sykkel-VM

NEDGANG: Ein gjennomgang av sykkelmålepunkta i Bergen viser sykkel-VM ser ut til å ha hatt null effekt på kvardagssyklinga i byen.

Foto: NRK

Eit løft for idretten og folkehelsa var eitt av argumenta då Bergen i 2013 vedtok å søka om å arrangera sykkel-VM.

– Det er brei politisk einigheit om at Bergen skal bli ein betre sykkelby, og det arbeider me med. Dessutan vil me få fleire til å sykla i kvardagen gjennom dette arrangementet, sa dåverande prosjektleiar Erik Kubon Halvorsen i september 2014, tre dagar før UCI kunngjorde at Bergen fekk meisterskapen.

Ned ti prosent rett etter VM

Tre og eit halvt år seinare har NRK gått gjennom resultata frå sykkelmålepunkta i byen.

Konklusjon? Sykkel-VM ser ut til å ha hatt null effekt på kvardagssyklinga i Bergen. Faktisk var talet på syklistar dei tre månadane etter VM unormalt lågt: 10 prosent lågare enn året før.

– Me har vore gjennom ein veldig hard vinter vêrmessig, men ut frå dei tala klarar eg ikkje peika på kvifor ikkje fleire ønsker å nytta seg av sykkel, seier Helge Stormoen, bystyrerepresentant for Frp og arrangementsansvarleg under sykkel-VM.

Erik Halvorsen og Helge Stormoe

HEILT SJEF: Marknads- og kommunikasjonsdirektør Erik Kubon Halvorsen og arrangementssjef Helge Stormoen i Bergen 2017 forkant av sykkel-VM i fjor haust.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Eitt lyspunkt er VM-månaden september. Då var det 30 prosent fleire sykkelpasseringar samanlikna med året før. Men Stormoen slit med å forklara nedgangen.

– Ser ein isolert sett for september, så ser ein at tala er veldig høge. At byen var i ein innpakking som heitte «sykkel-VM», trur eg førte til at mange brukte sykkel til og frå jobb eller fritidsaktivitetar. Men så ser me jo at dette dør litt bort, seier Stormoen.

Byråden er skuffa

For trass veksten i september, var det likevel totalt færre passeringar i 2017 enn i 2016. I snitt registrerte dei tretten sykkelteljarane til saman 5742 daglege syklistar i 2016. Året etter var talet 5611, ein nedgang på 131 passeringar.

Byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) vedgår at ho er skuffa.

– Det var ei sterk satsing på at ein skulle få draghjelp av sykkel-VM. Mellom anna hadde me sykkelaksjonar i skulane. Men eg tenker at dette nok har å gjera med den lange vinteren me har hatt i år, seier Tryti.

Folkefest på Landås under sykkel-VM

FOLKEFEST: Titusenvis fylgde sykkel-VM frå løypa. Ikkje like mange har blitt inspirert til å ta hjula fatt etter VM-festen.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

For kommunen hadde klare mål om å hausta fleire syklistar etter VM-festen i september i fjor.

I tilleggsnotatet til bystyrevedtaket frå 2013, der politikarane sa ja til å senda VM-søknaden, var ein auke i sykkeltrafikken eit klart mål.

«Det foreligger svært ambisiøse målsettinger i Bergensprogrammet i forhold til å øke andelen som benytter sykkel som transportmiddel. Et Sykkel-VM vil gi en viktig vitamininnsprøyting til dette arbeidet.»

Meiner pengane utelukkande gjekk til VM

Lillian Blom frå SV meiner kommunen ikkje fylgde opp det ein vedtok.

Anna Elisa Tryti

BYRÅD: Byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) vedgår at ho er skuffa over utviklinga, men peikar på ein hard vinter som grunnen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det låg i vedtakspunkta at det skulle bli lagt til rette for sykkel. Det skjedde ikkje. I staden brukte planavdelinga all kapasiteten på å planlegga sjølve sykkel-VM, og ikkje det som kom etterpå.

Byråd Tryti ynskjer velkomen ei evaluering av kor vidt sykkelsatsinga fungerte slik som ho var tenkt.

– Dette er interessant å evaluera. Sidan sykkel-VM blei så vellukka, tenkte me at det nettopp skulle gjera noko med hovuda våre.