Hopp til innhold

Bekreftar «Blurred Lines»-dommen

Ein amerikansk ankedomstol stadfestar dommen frå 2015, som slo fast at storhiten «Blurred Lines» av Pharrell Williams og Robin Thicke var eit plagiat.

Robin Thicke, Marvin Gaye og Pharrell Williams

Robin Thicke (t.v.) og Pharrell Williams (t.h.) må betale erstatning til arvingane til Marvin Gaye etter at ein ankedomstol har slått fast at plagiatdommen frå 2015 står ved lag.

Foto: FREDERIC J. BROWN / Afp

«Blurred Lines» var den store sommarhiten i 2013. Men arvingane til Marvin Gaye meinte han likna for mykje på Gaye-låten «Got to Give It Up» frå 1977. Og i 2015 blei opphavsmennene Pharrell Williams og Robin Thicke dømde for plagiat. Og måtte betale erstatning til arvingane.

Advokaten til Williams og Thicke sa dei ville anke saka fordi dei skulda låtskrivarar over heile verda å sørge for at dommen ikkje blei ståande. Dei meinte også at dommen skapte ei utydeleg linje mellom plagiat og inspirasjon.

– No er det ingen som veit kva som avgjer om ein vinn fram i slike saker eller ikkje. Dette gjer at fryktknappen er skrudd til 11 for folk som meg og Pharrell Williams, sa låtskrivaren Greg Wells, som har skrive låtar saman med blant andre Adele og Katy Perry.

«Blurred Lines»-dommen har fått mange til å peike på skiljet mellom plagiat og inspirasjon kan vere uklart.

Meiner dommen ikkje øydelegg for kreativiteten

Ankedomstolen beheld dommen frå 2015, skriv The New York Times. Dei tre dommarane var splitta i avgjerda, men stadfestar avgjerda om at opphavsmennene skal betale erstatning til arvingane.

Fleirtalet meiner avgjerda ikkje øydelegg for den musikalske kreativiteten.

– Snarare enn å varsle slutten på den musikalske kreativiteten slik vi kjenner han, er avgjerda vår, sjølv når ho blir tolka breitt, ei åtvaring til advokatar som i framtida trur slike saker er snarvegen til suksess, skriv dommarane som utgjorde fleirtalet.

Originaltittelen til «Got to Give It Up» frå 1977 var «Dancing Lady». Gaye skreiv songen som ein parodi på diskomusikken som var populær på den tida.

Dommaren som utgjorde mindretalet, kritiserer dommen og meiner han gir familien Gaye noko ingen andre før dei har hatt: opphavsretten på ein musikkstil.

– Dette dannar ein uheldig presedens som øydelegg for framtidige musikarar og komponistar over heile verda, skriv ho.

Mange plagiatskuldingar

Etter dommen i 2015, har det kome fleire skuldingar om plagiat i musikkverda. Blant dei er Mark Ronson og Bruno Mars som hadde stor suksess med «Uptown Funk» i nettopp 2015.

Dei fekk fleire skuldingar mot seg om at dei har stole strofer frå andre songar. Dei valde også å kreditere The Gap Band som låtskrivarar, etter at dei truga med søksmål fordi dei meinte «Uptown Funk» likna på deira hit «Oops Upside Your Head» frå 1979.

Mark Ronson og Bruno Mars har fått fleire plagiatskuldingar mot seg etter at dei gav ut storhiten «Uptown Funk» i 2015.

Sam Smith brukte same framgangsmåte då «Stay With Me» blei skulda for å likne «I Won't Back Down» av Tom Petty. Medan Led Zeppelin blei frifunne i ei plagiatsak i 2016, men blei nekta erstatning.

Williams og Thicke kan anke saka vidare, men musikkadvokat J. Michael Keyes meiner dei neppe fører fram.

– Det er vanskeleg fordi det er så få saker som går vidare i rettssystemet frå dette stadiet. Så dette er truleg slutten på denne saka, seier han til Billboard.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.