Hopp til innhold
Anmeldelse

Syndig dragning mot andre sine pengar

Dei sju dødssyndene er ikkje eit opplagt utgangspunkt for ein barnebokserie. Men forfattaren Gaute Heivoll, og ikkje minst illustratøren John Kenn Mortensen, har skapt eit passe nifst univers som fenger stor og truleg også liten.

Estragon

ANTIHELT: Rotta Estragon og huseigar herr Glambek

Foto: John Kenn Mortensen / Vigmostad & Bjørke

«Rottefangeren fra Sorø» er første bok ut i serien «Estragons historier». Gjennomgangsfiguren Estragon er ei smart rotte som greier å få jobb som rottefangar i huset til den ikkje fullt så smarte herr Glambek.

Berre overgangen frå truverdig rotte til relativt truverdig rottefangar er ei teikneteknisk bragd, uttrykksfullt utført i svart-kvitt. Teikningane tek oss inn i noko som liknar på 1800-talet, og gravferdsagenten Glambek har openberre fellestrekk med Charles Dickens' gjerrige Uncle Scrooge.

Betre liten og smart enn stor og dum

Skrønemakaren Estragon fortel den dramatiske historia si til rotta og organisten Siful, som fører det heile i pennen. Det tiltrekkjande ved huset til rottehataren Glambek er pengeskrinet hans. Glambek elskar nemleg å spare pengar. Estragon elskar å ete dei. Jo større setlar, jo betre smak. Her har vi altså ein gjerrigknark og ein temmeleg lat fråtsar. Den eine samlar, den andre forbruker.

Og dermed har Heivoll strengt tatt fyrt av heile tre av dei sju dødssyndene: gjerrigskap, latskap og fråtsing.

Rotta Estragon
Foto: John Kenn Mortensen / Vigmostad & Bjørke

At forlaget forklarer at dette er boka om fråtsing skal ein kanskje ikkje ta for bokstavleg, men litt forvirrande er det jo at det er helten og ikkje skurken som inkarnerer hovudsynda i opningsboka.

Eller helt og helt. Vår nye rottevenn Estragon er «helt» på same måten som Karius og Baktus er heltar: Vi heiar på dei sjølv om dei strengt tatt er to små snyltarar som øydelegg tennene til Jens, eit lite barn som ikkje har større synder på samvetet enn vegring mot tannpuss, det eg veit.

Skiljet i boka om rottefangaren går såleis ikkje mellom dei gode og dei vonde, men mellom dei smarte og dei dumme. Syndarar er dei alle, om vi no skal halde oss innanfor den terminologien, der serien med sju dødssynder og sju dygder blei standardisert av teologar rundt år 600.

Skruppellause syndarar

Dette valet er interessant. For nokre generasjonar sidan ville ei bok for barn lagt vel så mykje vekt på dygdene, eller på kampen mellom det gode og det vonde. Boka måtte hatt ein dygdefull helt, eller i det minste ein angrande syndar. Og om det ikkje var anger å spore, måtte det straff til, så det moralske universet kom i vater før siste punktum. Ikkje så her.

Moderne barn må bruke sitt eige moralske kompass i møte med teksten, eller dei kan more seg over krumspringa til den pengeslukande rotta utan å bryne seg for mykje på dødssyndene, som uansett ikkje står sentralt i historia.

Så kan vaksne med hang til slikt filosofere over verdiuniverset mens vi ventar begjærleg på nye eventyr og nye synder.

Vil du lese meir om barnebøker?

Kulturstrøm

  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh
  • Fleire artistar droppar Eurovision-arrangement

    Artistane Dotter og Titiyo skulle opptredd i Eurovision Village, men har no trekt seg. Det melder NTB.

    Eurovision Village er det offisielle festivalområdet knytt til Eurovision i Sverige. Der skal det vere fleire konsertar og arrangement frå 4. til 11. mai. Fleire av dei som skal opptre har trekt seg frå arrangementa.

    Bookingansvarleg for Titiyo skriv at «logistiske årsaker» er årsaka til at artisten ikkje speler. Dotter har fått fleire oppfordringar til å boikotte Eurovision på Instagram, fordi Israel deltek, skriv NTB.