Hopp til innhold
Anmeldelse

Klokt om det moderne begjæret etter alt

Trude Marstein byggjer stor litteratur med bitte små byggjeklossar: ein liten geip, eit solbrunt lår, eit marmorkakestykke, eit hugskott. Kva er det som gjer at vi lesarar gong på gong blir forført av slikt?

Trude Marstein

Trude Marstein skriv i «Så mye hadde jeg» om Monika, som er 13 år i opninga av romanen og godt over 50 mot slutten. Inni henne finst ein stor svolt og ei konstant uro. Eit begjær etter meir, etter alt, skriv Marta Norheim.

Foto: Hilde Bruvik / NRK

«Så mykje hadde eg, så mykje gav eg bort, så mykje har eg igjen.» Mange vil kjenne leiken der ein legg sand i flathanda, som ein deretter snur raskt i lufta. Sjølv den raskaste står att med mindre sand etter å ha «gitt bort». Eit trist bilde på eit liv, men tittelen «Så mye hadde jeg» fører tanken nettopp dit: Den som ofrar noko for andre, står fattigare att. Og allereie her kjem første svar på det innleiande spørsmålet: Vi blir forført av Marsteins tekster fordi ho ser dei store spørsmåla vekse opp frå eit jordsmonn av trivialitetar.

Det er eit langt livsløp denne gongen. Monika er 13 år i opninga av romanen og godt over 50 mot slutten. Rundt henne står ei rekkje andre: familie, vener, kollegaer, kjærastar, elskarar. Inni henne finst ein stor svolt og ei konstant uro. Eit begjær etter meir, etter alt.

Ei moderne uro

Monika har store ambisjonar, men er usikker på kva ho skal satse på. I staden for å arbeide med eit forhold, skaffar ho seg eit nytt. Ho set gode forhold på spel for spenninga. Ho skulkar skuleavslutninga der dottera skal opptre for ein firmafest, og ho droppar dødsleiet til mora fordi ho er sliten. Monika gjer det ho har lyst til fordi ho kan det. Og det ho lystar, er ikkje å gi bort, for å seie det slik.

Nett det gjer derimot mange rundt henne: Der Monika er imponerande konsekvent, er nærområdet fylt med folk som har andre livsstrategiar: Dei kompromissar, ofrar seg, finn seg i ting, dei orkar å høyre på sytinga til mor og banalitetane til svogeren. Slik bind dei tusen usynlege band segimellom. Band som gjer Monika sjalu: Kvifor spør ingen om ho vil bake kake til minnesamveret?

Eit rikt bilde

Dette er ikkje ei banal historie om eit dårleg menneske. Eller historia om den eine konsekvente i havet av folk som bøyer unna og finn seg i altfor mykje. Dette er ein utforskande roman der forfattaren går inn i det dunkle rommet der avgjerder blir tatt: Er det viljen som styrer? Eller har driftene teke over og utmanøvrert vilje og moral og kasta mennesket til lagnaden? Monika heller mot den siste versjonen. Og bak lurer spørsmålet om kanskje manglande offervilje gjer livet mindre.

Marstein har eit uvanleg skarpt, men likevel forståande blikk for alt det som skjer i og mellom folk. Å få fram det store bildet gjennom å setje saman alle dei uendeleg små brikkene, er ei bragd.

Fleire meldingar frå NRK

«Gratis og uforpliktande verdivurdering»
Foto: Samlaget

«Marit Eikemos nye roman 'Gratis og uforplktande verdivurdering' er en litterær prestasjon i et landskap der alt er grønnere på den andre siden.» Les meldinga

Kaspar Colling Nielsen

«Borgarkrig – i Danmark. Kva skal til for at dette går frå luftig fantasi til blodig realitet? Kaspar Colling Nielsen tek saka i denne kunnskapsrike, tankevekkjande og burleske romanen. Dessverre slepper han spørsmålet for tidleg.» Les meldinga

Lina Wolff, De polyglotte elskerne

«'De polyglotte elskerne' utfolder seg som en vill hårlokk på et uregjerlig hode, der kroppen tramper takten og munnen synger med.» Les meldinga

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.