Hopp til innhold
Anmeldelse

Stilfull sjøroman

Tause menn er ein klisjé. Men når dei er så tause som hjå Lønn blir dei interessante. Særleg fordi dei i staden for å snakke, er til stades i verda med alle sansar. Lesaren må svare med å skjerpe eige sanseapparat. Det er bra jobba.

Øystein Lønn

«Det er ikkje handlinga som ber denne romanen», skriv Marta Norheim om Øystein Lønns «Berners datter».

Foto: Svein Sundsdal / NRK

I Lønns erotiske trekantar finst aldri snørr, tårer og tåpelege dramascener. Det mannlege begjæret er intenst, men aldri vulgært skildra. Kvinnene ber på ein mystisk, indre styrke og styrer meir enn dei tek æra for. Alle veit ufatteleg mykje meir enn dei vil ut med. Under den rolege overflata ligg eit kaos vi berre anar. Slik er oppsettet i ein typisk Lønn-roman. Som i sjakk, er variasjonane likevel uendelege.

Historia i «Berners datter» er lagt til ei øy på norskekysten med 32 hus. Folk har nebbtang, ståltråd og gråpapir, men ikkje elektrisitet eller båtmotorar, eg vil tru vi er på 1800-talet ein stad. Ross, ein kar som tener til brødet med å sanke skjel, finn ein dag noko som kan vere ein skatt på sjøbotnen. Han går til venen sin Berner, ein tidlegare sjømann som veit det meste. Berner bestemmer København-tur om tre dagar, for då har den beste skipperen på øya, Allert, kome seg etter siste fylleslaget.

Alt vi ikkje får vite

Mens dagane går, får vi vite om kvinner og sakn og livet på øya. Lønn let dei indre monologane gli over i kvarandre slik at det ikkje er lett å vite kven vi er innom. Det er som i ei kantate av Bach der instrumenta saumlaust overtek meloditema frå kvarandre. Dei er tre og dei er éin og dei vil – ja kva vil dei, eigentleg? Det blir ikkje heilt klart for lesaren og det er ikkje heilt klart for mennene heller.

Brått og umotivert endrar målet for reisa seg, noko som forvirrar både styrmannen og lesaren. Det viser seg at han som skal taksere skatten også sit på annan kunnskap. Om lag her tangerer Lønn grensa mi for kor lite eg synst det er ok å få av informasjon om kva eg er med på. Det hadde ikkje gjort noko om boka hadde vore meir enn 116 sider, og at denne omsnunaden hadde blitt betre motivert.

Tre fascinerande fyrar

Dette er likevel ingen tungtvegande kritikk. Det er ikkje handlinga som ber denne romanen. Rett nok er ho nødvendig for å få mennene i gang, men det som fascinerer, er korleis dei bevegar seg taust, men med opne sansar, rundt dei store ting i livet; kvinner, mat, sosial omgang, døden, og altså skattar frå havbotnen. Ingen greier som Lønn å skape ei uro og ei kjensle av at ting står på spel. Og lesaren listar seg rundt Ross og dei andre med stor respekt og eit ønske om at historia skulle vore lenger.

Passar for deg som

  • har sans for stil
  • taklar at dramaet ligg under og ikkje i teksten

Fleire meldingar frå NRK

Vigdis Hjorth, Å tale og tie

Vigdis Hjorth bryr seg lite om å skille mellom forfatter og verk når hun leser sine yndlingsforfattere. Resultatet er saftige essays fulle av levd liv. Les meldinga

«Gratis og uforpliktande verdivurdering»
Foto: Samlaget

Marit Eikemos nye roman «Gratis og uforplktande verdivurdering» er en litterær prestasjon i et landskap der alt er grønnere på den andre siden. Les meldinga

Arr

Når sjølvmordskandidaten møter krigssona tek ting til å skje, både med den ulukkelege og med dei krigsramma. At islandske Auður Ava Ólafsdóttir er nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen «Arr», er ikkje vanskeleg å forstå. Les meldinga

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober