Skodespelaren Jakob Oftebro fekk alvorlege brannskadar under innspelinga av TV-serien «Hamilton» i Stockholm i mai. Skadane gjorde at han måtte halde seg innandørs, og fleire prosjekt han skulle medverke i, blei sette på vent.
Blant anna skulle han gjenta suksessen frå i fjor, der han spelte «Peer Gynt» saman med faren Nils Ole Oftebro på Gålå. Arrangørane sa i slutten av mai at dei håpa at dei kunne gjennomføre som planlagt, men at skadane gjorde det vanskeleg å få gjennomført prøver som planlagt på dagtid.
Men no melder dei i ei pressemelding at Jakob Oftebro er klar for scenen i august.
– Eg er utruleg glad for at eg får moglegheita til å gjere dette igjen. Eg gler meg til å stå på scenen på Gålå med pappa og alle aktørane ein gong til, seier han.
Letta på Gålå
Også arrangørane er letta over at Oftebro kan gjennomføre rolla som planlagt. Dei arbeidde med alternativ slik at dei likevel kunne gjennomføre om han måtte kaste inn handkledet. Meldinga som kom fredag var difor gode nyheiter for administrerande direktør i Peer Gynt-stemnet, Marit Lien.
– Det hadde vore krevjande å få inn ein ny skodespelar. Både for skodespelaren sjølv, dei andre i ensemblet og regissøren. Regissør Sigrid Strøm Reibo har bygd framsyninga rundt at det er far og son Oftebro som spelar «Peer Gynt». Dersom dei hadde fått inn ein erstattar, måtte vi ha tenkt nytt om dette også.
- Les:
- Les:
Nesten alle billettane var rivne bort då meldinga om ulukka kom. Etter at det blei klart at Oftebro kan gjennomføre rolla på Gålå, er dei siste billettane i ferd med å forsvinne også, seier Lien.
– Det er tydeleg at det var mange som blei usikre då dei fekk høyre om ulukka. Men rett etter at vi sende ut meldinga om at Jakob gjennomfører rolla, sette det fart på billettsalet igjen.
Blir etterforska
Jakob Oftebro fekk brannskadane under innspelinga av TV-serien Hamilton, der han spelar hovudrolla. Ulukka skjedde då Oftebro skulle spele inn ei scene med opptøyar mellom demonstrantar og politi. Han heldt ein molotovcocktail med brennbar væske, som førte til at han fekk alvorlege brannskadar.
Politiet i Stockholm etterforskar hendinga. Dei vil undersøke om det eigentleg skulle ha vore vatn i flaska, fortalde pressetalsperson Kjell Lindgren i Stockholmspolitiet til NRK i byrjinga av juni.
Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Jakob Oftebro.