Hopp til innhold

Lisa Børud handplukka som dansar for Rybak

Nesten heile troppen til Alexander Rybak er bytta ut før den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix.

Et av temaene i kveldens stjernekamp var musikal.

FRÅ STJERNEKAMP TIL LISBOA: Lisa Børud kom på fjerde plass i Stjernekamp i 2017, nå blir ho ein av dansarane til Alexander Rybak i Lisboa.

– Det blir vanvettig stas. Eg trur ikkje eg veit kor stort det eigentleg er før eg kjem dit, seier Lisa Børud.

Ho blei handplukka til å vere ein av dei nye dansarane til Alexander Rybak i delfinalen og truleg den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix i Lisboa laurdag 12. mai.

LES OGSÅ: Fikk mer enn dobbelt så mange stemmer som Rebecca

– Det er ein skikkeleg fengande låt, og eg gler meg til å kore og danse til den, seier Børud.

Stjernekamp 2017

LANG ERFARING: Lisa Børud har dansa sidan ho var 7 år gammal og kom på fjerde plass i Stjernekamp hausten 2017.

Foto: Julia Marie Naglestad / Julia Marie Naglestad/NRK

Lisa Børud, som blei kjent for dei fleste nordmenn gjennom Stjernekamp hausten 2017, har hatt konsertar sidan ho var 5 og dansa sidan ho var 7. I fjor kom ho på 4.-plass i Stjernekamp.

Bytta ut troppen

Til saman fire dansarar og ein korist er med i troppen som Alexander Rybak tek med seg til Lisboa.

I tillegg til til Lisa Børud, er Lene Kokai Flage frå Bergen med som songar og dansar, Jens Jeffry Trinidad som koreograf og dansar, svenske Alvaro Estrella er med som songar og dansar og Frode Vassel som korist.

Lene Kokai Flage

SANGER OG DANSAR: Lene Kokai Flage

Foto: Iselin Merkesdal
Jens Jeffry Trinidad

DANSAR OG KOREOGRAF: Jens Jeffry Trinidad

Foto: Marius Viken
Frode Vassel

KORIST: Frode Vassel

Foto: Marius Viken
Alvaro Estrella

SANGER OG DANSAR: Alvaro Estrella

Foto: Josef Peyre

Nesten heile troppen til Rybak frå den norske Melodi Grand Prix-finalen i Spektrum i februar er bytta ut. Årsaka er andre reglar i den internasjonale finalen.

I den norske MGP-finalen er all koringa på tape, og på scenen er dei sterkaste dansarane. I den internasjonale finalen er reglane annleis, og all vokal må vere live.

– Eit soleklart val

I den internasjonale finalen må troppen til Alexander Rybak bestå av folk som er gode både til å danse og synge. Det er ikkje så mange som er gode til begge deler, seier MGP-general Stig Karlsen.

– Vi hadde ein ny audition-runde og har landa ein kremgjeng, seier Karlsen.

Lisa Børud fekk derimot jobben utan å gå gjennom ein audition-runde. Ho sa først nei fordi ho ikkje kunne komme på audition, men blei trygla om å bli med likevel.

Stig Karlsen

MGP-general: Stig Karlsen tok over jobben som musikkansvarleg i MGP etter at Jan Fredrik Karlsen gjekk av i fjor.

Foto: NRK

– Henne kjenner vi så godt frå før gjennom alt ho har gjort, så det var ganske soleklart at vi ville ha henne med. Vi er veldig glade for å ha henne på laget, seier Karlsen.

– Pusten den største utfordringa

Saman med Lene Kokai Flage og Alvaro Estrella skal Lisa Børud både synge og danse under den internasjonale finalen i Lisboa.

– Den største utfordringa blir å ha nok pust. Eg skal øve mykje på å disponere pusten dei neste vekene, slik at eg veit kor eg skal puste og kor mykje energi eg skal bruke på å synge og på å danse. Det og all teksten er kanskje det eg gruer meg mest til, seier Børud.

– Løfta nummeret mitt

Alexander Rybak er for tida i Lisboa og filmar promo til den internasjonale MGP-finalen.

I ei melding til NRK skriv han at han er nøgd med dansetroppen som nå er valt ut til å bli med i nummeret hans i finalen i Lisboa.

Alexander Rybak vinner MGP 2018

I SPEKTRUM: Alexander Rybak vant den norske MGP-finalen i mars med nesten dobbelt så mange stemmer som nummer to. Nå er han klar for den internasjonale finalen for andre gang.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Dansarane var skreddarsydd til Spektrum kor ein ikkje måtte kore. Dei løfta nummeret mitt. Nå skreddarsyr vi til Lisboa, seier Alexander Rybak til NRK.

Han trur det blir kjempegøy med live koristar.

– Vi har hatt lange auditions, og nå har vi funne fem sprudlande entertainerar, som er fantastiske til å både synge og danse, seier Rybak.

Norge er første land ut i den andre delfinalen torsdag 10. mai.

Alexander Rybak vant Melodi Grand Prix i Oslo Spektrum i kveld med låten «That’s How You Write a Song»

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters