Hopp til innhold

Rapport: NRK hindrar ikkje mediemangfaldet

Medietilsynet meiner NRK sitt digitale tilbod påverkar mediemangfaldet positivt. Det kjem fram i ein rapport tilsynet presenterte tysdag morgon. Samtidig peikar dei på at dei kommersielle aktørane er inne i ein krevjande økonomisk situasjon.

Trine Skei Grande og Mari Velsand

Kulturminister Trine Skei Grande (V) fekk overlevert Medietilsynet sin rapport om korleis NRK bidreg til mediemangfaldet av direktør Mari Velsand (t.h.)

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Kulturminister Trine Skei Grande (V) fekk tysdag Medietilsynet sin rapport om korleis NRK bidreg til det norske mediemangfaldet. Tilsynet fekk oppdraget av dåverande kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) i oktober i fjor.

Direktør i Medietilsynet, Mari Velsand, seier dei meiner NRK bidreg positivt.

– Ser vi på det samla tilbodet til publikum, bidreg NRK positivt. Det ser vi særleg gjennom distriktsverksemda.

Ifølge rapporten er det ikkje nokon samanheng mellom nettilbodet til NRK og betalingsvilje på digitale nyheiter.

– Faktorar som påverkar betalingsviljen er generelle nyheitssvaner, tidlegare betaling for papiraviser, bruk av smarttelefon og nettbrett, utdanning og alder, seier Velsand.

Ber om tiltak for kommersielle aktørar

Medietilsynet meiner også at nettilbodet til NRK heller ikkje er med å avgrense konkurransen i dei marknadane dei har analysert.

Nasjonalt er dei kommersielle aktørane er større konkurrentar for kvarandre enn NRK, viser analysar som er gjort i samband med rapporten. Unntaket er Aftenposten som har NRK og VG som sine argaste konkurrentar.

Samtidig peikar rapporten på at dei kommersielle aktørane er inne i ein krevjande omstillingsperiode, der annonseinntektene har gått ned. Ein av grunnane er at dei også har møtt konkurranse om pengane frå internasjonale selskap som Google og Facebook.

Linda Hofstad Helleland og Knut Olav Åmås

I mars i fjor fekk dåverande kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) overlevert Mediemangfoldsutvalget sin NOU av utvalsleiar Knut Olav Åmås. Medietilsynet rår Kulturdepartementet hente tiltak frå dette dokumentet for å styrke dei private aktørane som er midt i ein krevjande omstillingsprosess no.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Medietilsynet meiner difor det er viktig at det blir sett i verk tiltak retta mot denne delen av den norske mediemarknaden.

– Vi meiner ein bør sjå på forslaga frå Mediemangfoldsutvalget. Men det er viktig at dei tiltaka som blir retta inn mot lokale og regionale aviser, som vi meiner har det mest krevjande, ikkje skal gå ut over NRK. Grunnen er at både NRK og dei kommersielle bidreg positivt til det totale biletet.

– Viktig dokument

Kulturminister Trine Skei Grande seier rapporten blir ein viktig rapport i utmeislinga av den norske mediepolitikken framover.

– Rapporten er også viktig for å kunne vurdere korleis NRK følger ansvaret sitt til å bidra til mediemangfaldet. I tillegg er det eit viktig kunnskapsgrunnlag når vi skal fastsette eit fireårig styringssignal for NRK, seier kulturministeren.

Kulturminister Trine Skei Grande

Kulturminister Trine Skei Grande (V) seier rapporten frå Medietilsynet blir eit viktig dokument når ein skal vurdere korleis NRK oppfyller ansvaret sitt til å bidra med mediemangfald i framtida.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Samtidig ønsker ho eit medieforlik for å sikre ein god mediepolitikk for framtida.

– Dei frie media er viktig for demokratiet. Og då treng vi prinsipp i botn og langsiktige mål. Difor meiner eg det er viktig at vi får til eit medieforlik.

Kritisk til rapporten

Bakgrunnen for at Medietilsynet fekk oppdraget, var at fleire mediehus meinte NRK på nett er for lik dei kommersielle aktørane. Ansvarleg redaktør i Dagbladet, John Arne Markussen, sa til Klassekampen at dette var med å svekke mediemangfaldet.

Einar Hålien

Schibsted-redaktør Einar Hålien er sterkt kritisk til rapporten Medietilsynet har levert om NRK og mediemangfald.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

– Vi ser at NRK har nokre finansielle musklar som gjer at dei kan satse nesten uavgrensa på det digitale innhaldet.

Men konklusjonane Medietilsynet har kome fram til, møter kritikk. Redaktør i Schibsted, Einar Hålien, seier til VG at han er sterkt kritisk til rapporten.

– Maken til meir einsidig framstilling er det lenge sidan eg har sett. Dette er ei blankofullmakt til NRK å halde fram som dei gjer no.

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.