Hopp til innhold

Slottet stiller ut dei kongelege bunadene

I sommar blir bunadene og dei samiske draktene til kongefamilien stilte ut i Dronning Sonja Kunststall, i ei utstilling som skal vise den norske kulturarven i dei kongelege samlingane.

Pressevisning Dronning Sonja KunstStall, utstillingen "Tradisjon og inspirasjon"

Under opninga hadde dronning Sonja og kronprinsesse Mette Marit på seg bunader som etter kvart skal bli ein del av utstillinga «Tradisjon og inspirasjon: Norsk kulturarv i de kongelige samlinger».

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Dei kongelege har fleire bunader kvar, som ofte blir brukte i offentlege samanhengar. Bunaden er blant anna festantrekk for kvinnene under jubileum. Fleire av draktene har gått i arv i kongefamilien, medan andre er gåver.

I sommar kan publikum sjå bunadene og dei samiske draktene til kongefamilien stilte ut saman med kunstverk og kulturhistoriske skattar i kunststallen dronning Sonja fekk i gåve av kong Harald då ho fylte 80 år.

Pressevisning Dronning Sonja KunstStall, utstillingen "Tradisjon og inspirasjon"

I tillegg til vaksenbunader, blir det også stilt ut barnebunader som har vore brukt i to generasjonar i kongefamilien.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Blant bunadene som er stilte ut er Hardangerbunaden, Rondastakk og Askerbunaden. Under opninga tysdag, kom både dronning Sonja og kronprinsesse Mette Marit i bunader som seinare skal bli ein del av utstillinga.

Favorittdrakta

Dronning Sonja har fått fleire bunader i gåve opp gjennom tida. Ho fekk Rondastakk gåve frå kommunane i Oppland då ho fylte 50 år, og Namdalsbunad då besøkte Nord-Trøndelag i 1987. Men favoritten hennar er bunaden frå Aust-Telemark.

– Raudtrøyebunaden frå Aust-Telemark er liksom mest min bunad. Den fekk eg av mora mi i samband med bryllaupet vårt. Familien min kjem frå Telemark, og då synest eg det var naturleg for meg å velje denne bunaden, har ho sagt.

Dronning Sonja i bunad fra Øst-Telemark

Bunaden frå Aust-Telemark er favoritten til dronning Sonja. Ho fekk bunaden i gåve frå mora då ho gifte seg med dåverande kronprins Harald.

Foto: orm Kallestad / Scanpix

Prinsesse Märtha Louise har bunad frå Aust-Telemark. Ho fekk ein bunad som tidlegare hadde tilhøyrt kronprinsesse Märtha i konfirmasjonsgåve.

Pressevisning Dronning Sonja KunstStall, utstillingen "Tradisjon og inspirasjon"

Det er mykje som høyrer til ein bunad med sølv og handbroderte skjorter. Her er samlinga av kongelege bunadsknivar.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

I opningstalen snakka dronninga om korleis mange har identiteten knytt til ein bunad:

– Bunaden fortel vanlegvis kvar ein kjem frå. Det er eit vakkert identitetsmerke. I vår familie er vi så heldige å ha bunader, drakter og kofter i vårt eige, som gjer at vi kan vere «heime» i mange delar av landet.

Klesskifte skapte reaksjonar

Kronprinsesse Mette Marit har sju bunader, blant anna frå Hardanger, Rogaland og Asker, som ho vekslar mellom. Ho har blant anna ein Rogalandsbunad som mormora frå Jæren hadde brodert i konfirmasjonsgåve og ein Hardangerbunad ho fekk i bryllaupsgåve i 2001.

17. mai på Skaugum

Det har blitt ein tradisjon at heile kronprinsfamilien er iført bunader når dei helsar barnetoget på Skaugum i Asker.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Kronprinsparet har også fått Askerbunad frå Husfliden og Asker kommune. Sidan 2007 har kronprinsfamilien helsa barnetoget i Asker i bunad.

I 2016 helsa Mette Marit toget i Asker med ein Rogalandsbunad. Men då ho seinare på dagen helsa barnetoget på Slottsplassen, hadde ho bytta til Hardangerbunad. Det hadde ikkje NRK sin kommentator fått med seg, og det skapte reaksjonar, melde Dagbladet.

Sonja og Harald i samedrakt i 1969

Dåverande kronprinsesse Sonja og kronprins Harald fekk samiske drakter i gåve då dei besøkte Karasjok i 1969. Seinare har også dagens kronprinspar fått samiske drakter i gåve. Draktene blir også stilte ut i sommar.

Foto: Jan Dahl / NTB scanpix

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.