Hopp til innhold

Stjernefotograf til NRK: Kameraet er ikkje viktig

Oslo (NRK): Den anerkjende motefotografen Paolo Roversi (70) røper kva som må til for å bli ein god fotograf.

Natalia, Paris 2003

NATALIA, PARIS 2003: Paolo Roversi sine bilde er kalla opp etter modellen, byen bildet er tatt i, og årstalet.

Foto: Paolo Roversi

Motemagasinet Vogue kallar han ein av dei største fotografane i vår tid. Han har vore ein ruvande skikkelse i moteverda heilt sidan 80-talet, og har fotografert store modellar som Kate Moss, Natalia Vodianova, Gisele Bündchen og Rihanna.

Sjå nokre av dei mest ikoniske bilda hans her:

Paolo Roversi

GUDFAR: – Eg vil helst ikkje ta av meg solbrillene. Då ser eg meir ut som «The Godfather», seier italienaren til NRKs fotograf.

Foto: Javier Auris / NRK

NRK møter den elegante italienaren på Shoot Gallery i Oslo. Han er i Noreg for første gong, og tar ein liten runde i lokala for å inspisere si eiga utstilling. Nokre av motebilda er henta frå ei stor utstilling han hadde i Milano i fjor vinter. Mange av bilda er tekne av nakne kvinner.

– For meg er aktfotografering den mest elegante måten å portrettere ei kvinne. Fullstendig tidlaust, utan referansar. Det er berre venleik. Sjå berre på dette portrettet av Natalia, seier Roversi.

Han peiker på det ikoniske bilde han tok av den russiske supermodellen Natalia Vodianova, heime hos seg sjølv i Paris, 2003.

– Eg kunne ha tatt på ho ei skjorte, men det hadde ikkje vore det same. No kan bildet vere både frå attenhundretalet eller 2030.

Kunsten i kameraet

Paolo Roversi vaks opp i Ravenna i Nord-Italia, men flytta etter kvart til Paris for å følgje fotografdraumen. I over 30 år har han tatt bilda sine med eit digert polaroidkamera, men no blir det ikkje lenger laga filmar for slike kamera.

– Dei er ei katastrofe, seier meisterfotografen som no har gått over til digitale fotografiapparat, sjølv om han framleis har nokre gamle filmrullar på lager, til spesielle høve.

Paolo Roversi med Kate Moss i bakgrunnen

EI OPENBERRING: For meg er ikkje fotografiet berre ein presentasjon av røyndomen, men meir ei openberring av noko nytt, seier Paolo Roversi med 18 år gamle Kate Moss i bakgrunnen.

Foto: Javier Auris / NRK

Er kameraet viktig for å ta gode bilde?

– Nei, svarar han kontant.

– Du kan bruke ein iPhone og framleis vere ein god fotograf. Det einaste du treng er hjartet. Du må legge kunsten i kameraet, noko av deg sjølv; draumar, kjensler eller minner. Om ikkje er det berre eit kamera. Det finst milliardar av kamera i verda i dag, men veldig få gode fotografar, konkluderer Roversi.

– Ein lysmeister av rang

Etter eit par dagar i Oslo skal Paolo Roversi vidare til Kristiansund og fotofestivalen Nordic Light. Der skal han førelese om eigne tankar og erfaringar som fotograf, og kreativ leiar Morten Krogvold gler seg stort.

Morten Krogvold

INSPIRERT: Fotograf Morten Krogvold kallar Paolo Roversi ein av verdas største kunstnarar, og meiner bilda hans også vil bli sett på om 100 år.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

– Det er ingen tvil om at han er blant topp tre fotografar i verda. Han er ein lysmeister av rang og ein fabelaktiv handverkar, seier Krogvold som sjølv har blitt ein veteran i norske fotokretsar.

Sjølv om Roversi ofte blir omtala som motefotograf, meiner Krogvold italienaren først og fremst er ein stor kunstnar.

– Moteverda er så utruleg overflatisk, med mange kule unge folk som gjer mykje forskjellig. Men så kjem Roversi, med ein heilt annan kulturell kapital enn 99 prosent av dei andre. Han er ikkje den kule. Han er den djupe kunstnaren, konkluderer Krogvold.

Eva, Paris 2002

Eva, Paris 2002.

Foto: Paolo Roversi
Guinevere with Guapi, Paris 1996

Guinevere with Guapi, Paris 1996.

Foto: Paolo Roversi
Kate, London 2015

Kate, London 2015.

Foto: Paolo Roversi
Clementine, Paris 2014

Clementine, Paris 2014.

Foto: Paolo Roversi
Natalia, Paris 2003

Natalia, Paris 2003.

Foto: Paolo Roversi
Anna, Paris 2015

Anna, Paris 2015

Foto: Paolo Roversi
Molly, Paris 2015

Molly, Paris 2015.

Foto: Paolo Roversi
Paolo Roversi

SJØLVFIE: Sjølvportrett av Paolo Roversi

Foto: Paolo Roversi

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)