Hopp til innhold

Weinstein-selskap slår seg konkurs og fritek tilsette frå teieplikta

Styret i The Weinstein Company seier dei vil oppheve teieplikta til dei tilsette for å gi rettferd til dei som har blitt utsett for overgrep av grunnleggaren Harvey Weinstein.

Harvey Weinstein

Harvey Weinstein fekk sparken frå sitt eige selskap etter at han blei skulda for seksuelle overgrep mot fleire kjende skodespelarar. No har The Weinstein Company oppheva teieplikta til dei tilsette for at dei skal kunne fortelje dersom dei har opplevd eller vore vitne til seksuell trakassering på arbeidsplassen.

Foto: Chris Pizzello / AP

I eit forsøk på å redde The Weinstein Company etter overgrepsskuldingane mot tidlegare styreleiar og grunnleggar Harvey Weinstein, slår selskapet seg konkurs. Det er allereie klart at eit investeringsselskap ønsker å overta buet, skriv The New York Times.

Selskapet prøvde også å slå seg konkurs tidlegare i månaden, men den gongen lukkast dei ikkje med operasjonen.

No seier styret også at dei fritek tilsette frå teieplikta i selskapet, slik at dei som har opplevd eller har vore vitne til seksuell trakassering og overgrep, skal kunne fortelje dette.

– Ingen skal vere redde for å snakke eller bli pressa til å teie. Selskapet takkar alle dei modige menneska som allereie har sått fram. Stemmene dykkar har inspirert til endring over heile landet og i verda, skriv selskapet i ei kunngjering.

Eit vendepunkt

I februar saksøkte statsadvokaten i New York, Eric Schneiderman, The Weinstein Company for ikkje å ha beskytta dei tilsette mot seksuell trakassering, trugsmål og diskriminering. Han saksøkte selskapet for oppreising og erstatning til ofra, og kravde at dei skulle få pengar om selskapet blei seld.

Han er glad for at selskapet no lettar på avtalane om hemmeleghald, som vil gjere det lettare for folk å fortelje det dei veit.

Laster Twitter-innhold

– Dette er eit vendepunkt i arbeidet mot dei øydeleggande effekten av seksuell trakassering på arbeidsplassen. Opphevinga av teieplikta i The Weinstein Company gjer det mogleg for dei som lenge har hatt munnkorg, kan stå fram, skriv han i ei melding.

Han legg samtidig til at søksmålet og etterforskinga mot selskapet og grunnleggarane Bob og Harvey Weinstein vil halde fram.

Nektar straffskuld

Over 70 kvinner har skulda Harvey Weinstein for seksuell trakassering, overgrep og valdtekt. Weinstein var ein av dei mektigaste i Hollywood, og står bak storfilmar som «Shakespeare In Love», «Ringenes Herre» og «Kill Bill». Men etter at skandalen sprakk i New York Times i oktober i fjor, fekk han sparken frå sitt eige selskap.

FILES-ENTERTAINMENT-US-FILM-ASSAULT

Uma Thurman samarbeidde med Harvey Weinstein i sju filmar. Blant dei var Quentin Tarantino-filmane «Pulp Fiction» og «Kill Bill». Under ein diskusjon om eit manus på eit hotellrom i London, skal Weinstein ha angripe Thurman. Det tette samarbeidet mellom Weinstein og Tarantino skal også ha øydelagt forholdet Thurman hadde med regissøren.

Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / AFP

Blant kvinnene som har kome med skuldingar mot den tidlegare filmmogulen er Salma Hayek, Uma Thurman og den norske skodespelaren Natassia Malthe. Weinstein har ved fleire høve nekta for at han har gjort noko straffbart.

Men skuldingane har ført til eit auka fokus på seksuelle overgrep. Og over heile verda har folk fortalt sine historier. Skandalen sette nyleg også preg på Oscar-utdelinga.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.