Flaggermushus

Flaggermushuset. Tilbygget er teikna av arkitektane Einar Bjarki Malmquist og Liv Aimée Halvorsen.

Foto: Javier Auris / NRK

Huset for dei utskjelte

NITTEDAL (NRK): Arkitekten trudde først det var ein fleip, men flaggermusforskaren ønska seg eit hus heilt utanom det vanlege.

Har du hatt eit dårleg år? Det kunne vore enda verre.

Du kunne til dømes blitt skulda for å starte ein pandemi, skape fullstendig kaos på jorda, og ta livet av over 1 million menneske. Folk kunne prøvd å fange deg og brenne deg levande.

2020 har vore eit slikt år for flaggermusa.

Då pandemien braut ut, vart ho utpeikt som den store syndebukken. I land som India, Cuba, Rwanda og Peru begynte folk å jakte på ho med faklar og vasskanonar. I Noreg har det gått fredelegare for seg, men flaggermusforskar Jeroen van der Kooij har fått fleire spørsmål frå bekymra nordmenn.

Jeroen van der Kooij

BIOLOG: Jeroen van der Kooij sjekkar ei av flaggermuskassene sine. Som du ser på t-skjorta, så interesserer forskaren seg også for bjørkemus.

Foto: Javier Auris / NRK

Men er vi sikre på at koronaviruset kjem frå flaggermusa?

– Viruset kan ha kome frå flaggermus, men det må i så fall ha skjedd for fleire tiår sidan, og hoppa over til andre dyr først. Vi kan ikkje seie sikkert kvar det kjem frå, men vi treng i alle fall ikkje å vere redd for å få virus direkte frå norske flaggermus, seier Jeroen.

Vi er på besøk hos den nederlandske forskaren i Nittedal. Jeroen er ikkje redd for dyra. Han bur i eit spesialdesigna hus, teikna av arkitektane Einar Bjarki Malmquist og Liv Aimée Halvorsen.

Huset er heilt unikt i norsk arkitektur. Det har nemleg eigne rom i veggane for flaggermus. Og i dag skal Jeroen få ein ny innflyttar.

På døra har det kome ei lita eske med små pustehol i loket.

Jeroen van der Kooijs hus, teikna av Einar Bjarki Malmquist

FLAGGERMUSHUS: Ved første augekast kan det sjå ut som eit ganske vanleg hus. Men inni veggane av massivtre skjuler det seg eigne rom for flaggermus. Huset er teikna av arkitektane Einar Bjarki Malmquist og Liv Aimée Halvorsen.

Foto: Ivan Brodey

Lillemann

– Sjå så fin han er, seier Jeroen. Heilt nydeleg!

I botnen av eska ligg ein hårete liten krabat og ser opp på den nye matfaren sin. Flaggermusa heiter Lillemann og vart funnen på Nordmøre i sommar.

Lillemann i handa til Jeroen van der Kooij

LØVETANNBARN: Lillemann var berre ein dag gammal då han vart funne på ein veranda, forlaten av mora si. Alle dei tolv flaggermusartane i Noreg er freda. Halvparten av dei er trua.

Foto: Javier Auris / NRK

– Når eg får flaggermus utanfrå, lar eg finnaren bestemme namnet. Men eg har veto mot namn som Batman og Dracula. Dyr som blir født hos meg blir kalla opp etter kjente og mindre kjente flaggermusforskarar.

Jeroen van der Kooij flytta til Noreg i 1995. På grunn av naturen. I dag forskar han på flaggermus, smågnagarar og spissmus. I tillegg driftar han eit mottak for skada og forlatne flaggermus i sin eigen heim.

Det er tydeleg at Jeroen har eit svært nært forhold til dei flygande pattedyra. Det heng dokker og bilde av dei overalt.

Jeroen van der Kooij

KJÆRLEIK: Ifølge Jeroen finst det mange grunnar til å elske flaggermusa. Ho er svært intelligent, brukar ultralyd til å navigere og er i tillegg svært tillitsfull. Ei vill flaggermus kan i løpet av ti minutt lære seg å ete av handa di. Så skadar det heller ikkje at ho kan ete opp mot 3000 mygg om natta.

Foto: Javier Auris / NRK

I vinter skal Lillemann bu hos Jeroen. Han skal gå i dvale i eit overvintringsrom, før han forhåpentlegvis blir klar for eit liv i det fri til våren. Men aller først må Jeroen gjere ein grundig sjekk av sin nye hybelbuar. Han tar på seg munnbind og gummihanskar.

Men vent no litt. Eg trudde du ikkje var redd for flaggermus i Noreg?

– Eg vil jo vise at dei ikkje er farlege for oss, men så er vi farlege for dei. Vi kan smitte covid-19 over på flaggermus, og då kjem dei iallfall i eit dårleg lys. Det blir det motsette av kva folk tenkjer.

Jeroen målar vekta (12,7 gram) og lengda på underarmen (36 mm). I tillegg tar han bilde av vengen, som fungerer som eit slags fingeravtrykk for flaggermus.

Flaggermus

VENGEAVTRYKK: Jeroen har eit register med fleire hundre flaggermus. Alle har fått sitt eige namn og vengebilde. Nokre av dei har blitt gamle vennar av forskaren. Ei flaggermus kan leve i opp til 40 år.

Foto: Javier Auris / NRK

Lillemann er ei nordflaggermus, som er den vanlegaste av dei tolv artane vi har i Noreg. Mykje tydar likevel på at arten har gått kraftig tilbake.

I Sverige har nordflaggermusa kome på lista over trua dyreartar. No trur forskaren at det same kan skje i Noreg. Tendensen er klar: Levekåra for flaggermus blir stadig dårlegare.

Mysteriet flaggermus

Det finst over 1400 ulike artar flaggermus i verda, noko som gjer ho til den nest største ordenen av pattedyr (etter gnagarar). Likevel kviler det framleis ein mystisk aura over dyret. I den vestlege verda har ho blitt sett på som satan sjølv.

Sidan mellomalderen har kunstnarar teikna flaggermusvenger på demonar. Dracula er heller ikkje ein utprega triveleg fyr, og når ungane dine kler på seg flaggermuskostyme på Halloween, så er det ikkje for å sjå søte ut.

Le Songe de Tartini par Louis-Léopold Boilly 1824

SATAN: Har du lagt merke til at mørke krefter ofte blir teikna med flaggermusvenger? Over kan de sjå Louis-Léopold Boillys måleri «Tartinis draum» frå 1824.

Foto: Wikimedia Commons

Så må vi ikkje gløyme rockaren Ozzy Osbourne, som beit av hovudet på ei død flaggermus under ein konsert i 1982.

Om flaggermusa har eit dårleg rykte i Vesten, er stoda likevel noko heilt anna på den austlege halvkula.

– I Kina betyr flaggermus lykke. Ein kjenning av meg hadde med seg ei flaggermus på kinarestaurant. Då servitørane oppdaga det, vart dei så begeistra at han enda opp med å få måltidet gratis, fortel Jeroen.

Nye hus truar flaggermus

Samanlikna med mange andre dyr, er flaggermusa svært lite forska på. Fram til slutten av 1600-talet trudde vi faktisk at flaggermusa var ein fugl.

Kunnskapen i 2020 er framleis avgrensa. Til dømes har vi inga aning om kvar flaggermusene i Noreg blir av om vinteren.

– Vi sjekkar gruver og festningsanlegg. Då finn vi nokre dyr, men det er ikkje ein gong 1 promille av kor mange som flyg rundt om sommaren.

Ingen veit kvar dei blir av?

– Nei, eigentleg ikkje. Det er difor eg har hunden her, som eg lærer å snuse opp flaggermus.

Ein har også prøvd å merke enkelte dyr med radiosendarar, men det kan verke som flaggermusene ikkje trivst i område med dekning. For når vinteren kjem, forsvinn signala.

Mysteriet skapar bekymring hos flaggermusforskarane. Når ein ikkje veit kvar dyra er, blir det vanskelegare å beskytte leveområda frå øydelegging.

Jeroen van der Kooij og hunden Jippi

FLAGGERMUSHUND: Jippi er namnet på Jeroens halvtanna år gamle engelsk springer spaniel. Forskaren trenar hunden til å snuse opp flaggermus.

Foto: Javier Auris / NRK

Det finst fleire grunnar til at det blir færre flaggermus i Noreg: intensivering av jordbruket, nedbygging av leveområde og lysforureining. Det blir færre insekt og mindre gammal skog. (Dyra trivst godt i hole trestammer, men på grunn av flatehogst blir det færre gamle tre i skogen.)

Men skal vi tru Jeroen, så ligg ein av dei viktigaste årsakene i arkitekturen.

– I dag er dei aller fleste artane i Noreg avhengige av bygningar. Det har vore eit samliv mellom menneske og flaggermus. Men når vi lagar hus i dag, så stenger vi alt ute, slik at det ikkje finst holrom for flaggermusa å bu i.

På sommarhalvåret vil flaggermusa ha det godt og varmt. Loft, løer og kyrkjespir har difor vore perfekte bustadar for pattedyret. Men moderne bygningar er tette og godt isolerte. Det har difor blitt mykje vanskelegare for flaggermusa å kome på besøk.

Jeroen har likevel ikkje gitt opp håpet. Han drøymer om ei verd der menneske og flaggermus igjen kan leve side om side. Då han skulle bygge eit tilbygg til tømmerhuset sitt i 2013, kontakta han arkitektane Einar Bjarki Malmquist og Liv Aimée Halvorsen.

Oppgåva var å skape eit hus der menneske og flaggermus kunne bu saman.

Flaggermushuset

– Jeroen spurde om vi kunne lage eigne rom i huset for flaggermus. Først trudde eg det var fleip, mimrar arkitekt Malmquist på telefon.

Men forskaren var 100 prosent alvorleg. Arkitekten teikna difor to utsparingar i veggane av massivtre.

– Så teikna vi eit bitte lite hol i panelet på utsida. Vi sat eit vindauge på innsida, slik at det gjekk an å observere flaggermus frå stova og laboratoriet. Det var kjempefasinerande. Kor tett kan naturen vere på oss i dag?

Svaret er: ganske tett. Det tok ikkje lange tida før den første flaggermusa busette seg i veggen. Gjennom vindauget kan Jeroen observere åtferda til dyra.

Teikning av hus

FASADEN: Tilbygget er teikna av Einar Bjarki Malmquist i samarbeid med Liv Aimée Halvorsen. Det har to rom for flaggermus i furuveggane. Panelet er av osp.

Teikning av hus

FLAGGERMUSROM: Dyra kjem gjennom eit lite hol på utsida av huset.

Hol i vegg

INNGANG: Ein liten netting gir høve for å stenge dyr inne og ute.

Lillemann

NYINNFLYTTA: Flaggermusa Lillemann testar ut rommet i veggen til Jeroen. Han klatrar automatisk mot toppen for å finne den varmaste plassen. I vinter skal han overvintra i eit større rom i garasjen.

– Eg vil gjerne vite kva som er den optimale temperaturen deira. Om sommaren når det er veldig varmt, så ser eg at dei sit nede i rommet. Eg samlar også avføringa deira kvar morgon. Ut frå vekta kan eg seie noko om kor rik natta har vore, forklarar Jeroen.

Det har seg også slik, at arkitekturen ikkje alltid blir brukt som ein har planlagt. Arkitekt Malmquist kallar det «rom som er opne for bruk». Naturen viser seg å vere veldig open for bruk av Jeroen sine gjesterom. For kva er det som kravlar innanfor glaset i det eine flaggermusrommet?

– Du må ikkje opne vindauget! seier forskaren lettare nervøst.

Vi hadde ikkje tenkt å opne vindauget, altså. For på andre sida av glaset kan vi sjå eit bol med hundrevis av veps.

– Sjå, der kjem ei dronning!

Jeroen van der Kooij

VEPSEBOL: Jeroen forskar ikkje i utgangspunktet på vepsar. Men når dei flyttar inn i veggen hans, er det klart han blir interessert.

Foto: Javier Auris / NRK

Jeroen forklarar med stor entusiasme forskjellen på dei ulike vepsane: arbeidarar, dronar og dronningar. I tillegg til veps har han også hatt bier og ulike fuglar buande i flaggermusromma. Til stor glede for han og resten av familien. Men tilbake til flaggermusene. Jeroen ønskjer å inspirere fleire til å sleppe flaggermusene inn i varmen.

I 2010 sende han eit brev til kronprinsparet.

Kan flaggermus redde menneska?

– Historisk sett har Skaugum vore eit rikt område for flaggermus, så eg ønskja å blåse liv i denne tradisjonen.

Kronprinsparet likte ideen, og Jeroen fekk lov til å henge opp 70 flaggermuskasser på eigedomen i Asker. Han kjem på besøk kvart år for å sjekke stoda. I dag bur det dyr i nesten alle kassene på sommarhalvåret.

Video FLAGGERMUS-290911-SN

KONGELEG FLAGGERMUS: Prins Sverre Magnus, Marius Borg Høiby, flaggermusa Lille Trille, prinsesse Ingrid Alexandra og flaggermusforskar Jeroen van der Kooij på Skaugum i 2011.

Foto: NRK

– Kor vanskeleg kan det vere å bygge inn slike kasser i skulebygg? Tenk kor stort utbytte elevane kan få med å følgje med på dyra, seier Jeroen.

Ein skule i Nittedal har fått fuglekasser på utsida av fasaden. Ein ny skule i Ås ønskjer å bygge kasser inn i veggane. Kanskje kan flaggermus i skuleveggane bidra til meir kunnskap om dei mystiske pattedyra?

– Flaggermus klarer å leve med virus mykje betre enn oss menneske. Dei har eit mykje betre immunsystem. Dei klarer også å ta knekken på kreftceller som ikkje vi kan. Så her er det mykje forsking å hente.

Om få dagar går Lillemann i dvale heime hos Jeroen. Når han ein gong vaknar ut på våren, skal han tilbake til Nordmøre for å leve i det fri. Forhåpentlegvis blir 2021 eit betre år.

PS: Mange lesarar har spurt om korleis dei kan lage sine eigne flaggermuskasser. Naturvernforbundet har laga ei oppskrift for små kasser som de kan lese her. Om de ønskjer å lage større kasser som kan huse ynglekoloniar, finst det ei oppskrift på engelsk i «The Bat House Builder’s Handbook» frå s. 11 til 13.

Ta kontakt!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! Sjekk gjerne ut sakene eg skreiv om Villa Stenersen og St. Hallvard kirke

Anbefalt vidare lesing: