St. Hallvard kirke
Foto: Javier Auris / NRK

Opp-ned-kyrkja

OSLO (NRK): St. Hallvard kirke fekk arkitekten til å gråte og dei besøkjande til å svime av.

Kvart år kjem arkitektar og pilegrimar frå heile verda til Tøyen i Oslo.

Ein etter ein går dei inn i eit hus, som med første augekast kan sjå ut som ei ganske ordinær mursteinsbygning. Men blir du med inn i mørkeret, skjønar du at dette er noko heilt utanom det vanlege.

St. Hallvard kirke og kloster ligg godt gøymd mellom høgblokkene på Enerhaugen. Ho har vunne ei rekke internasjonale prisar, og dukkar jamleg opp i store arkitekturtidsskrift over heile verda.

St. Hallvard kirke

FASADE: Den vesle balkongen på austveggen høyrer til klosterdelen av kyrkja.

St. Hallvard kirke

INNGANGSPARTI: Sollyset trengjer inn i kyrkjerommet gjennom tre spalter i den kvadratiske mursteinsbygninga.

St. Hallvard kirke

SAKRISTI: Ei nonne vandrar gjennom omkledingsrommet for prestane bak kyrkjerommet.

St. Hallvard kirke

LILLESALEN: I andre etasje blir det feira messe med gresk-katolsk liturgi på ukrainsk.

Då kyrkja stod ferdig i 1966, braut ho dei fleste reglar for korleis ei kyrkje skulle sjå ut. Om vi ser litt nærmare på arkitekten, så var det kanskje ikkje så rart. På denne tida var han nemleg mest kjend for å skrive og synge barnesongar som «Junglesang» og «Kan du spille på slurva».

Kjell Lund har saman med partnaren Nils Slaatto teikna nokre av dei mest kjende bygga i Noreg, som til dømes Chateau Neuf og Norges Bank. Men som fersk arkitekt på 50-talet var han framleis mest kjend som ei varm og lun stemme i «Barnetimen for de minste» på NRK.

Nils Slaatto og Kjell Lund

ARKITEKTDUO: Nils Slaatto (1923–2001) og Kjell Lund (1927–2013) frå Lillehammer teikna fleire av Noregs mest kjende bygg. Lund & Slaatto er framleis eit anerkjend arkitektbyrå i Oslo.

Foto: Lund+Slaatto Arkitekter

På eit seminar om heilag arkitektur skulle dette endre seg. Her fann han nemleg tonen med den nederlandske presten Johan Castricum, som var på utkik etter nokon til å teikne ei ny kyrkje for fransiskanarordenen (katolsk munkeorden stifta av den heilage Frans av Assisi) i Oslo.

Den unge arkitekten takka ja til utfordringa, men trong meir kunnskap. Lund og Castricum drog difor på pilegrimsferd saman nedover Europa. Hovudmålet for turen var eit merkeleg nybygd kyrkje, på ein åskam i ein lauvskog utanfor den vesle landsbyen Ronchamp i Frankrike.

Kyrkja Notre-Dame du Haut (nei, ikkje den same som brann i Paris) var teikna av den superberømte arkitekten Le Corbusier. Sveitsaren var mest kjend for å teikne stilreine funkisbygg, men på sine eldre dagar braut han totalt med sine gamle metodar, og teikna eit heilt crazy byggverk.

Notre dame du haut

NOTRE DAME DU HAUT: «Eg ønska å skape ein plass for stilla, for bøn, for fred og indre glede.» – Le Corbusier / arkitekt.

Foto: Erich Lessing / AKG-images

Kyrkja i skogen er som tatt rett ut frå eit eventyr, med tjukke bogeforma murveggar og eit tak forma som eit segl som bølgjer seg i vinden. Vindauga ser ut som dei har blitt kasta vilkårleg opp på veggen, og skapar eit heilt spesielt lysspel inne i rommet.

Det er ikkje godt å vite kva Lund tenkte då han såg denne kyrkja, men antakeleg tenkte han at om Le Corbusier kunne gjere dette, så kunne han sjølv gjere kva som helst.

Inspirert av russisk kosmonaut

Tilbake i Noreg begynte Lund å teikne den nye kyrkja. Han såg for seg eit rundt kyrkjerom, omslutta av ei kubisk mursteinsbygning. To former han eksperimenterte mykje med gjennom karrieren, der kvadratet representerte det maskuline, og sirkelen det feminine.

Entreprenørane begynte å bygge golv og veggar i 1958. Dei la stein på stein, men då dei kom opp til murkrona, sa det stopp.

Lund hadde nemleg ikkje funne ut korleis taket skulle sjå ut.

På denne tida skulle kyrkjetak anten ha spir eller kuppel. Men Lund var motstandar av denne tanken. Mykje på grunn av ein sovjetisk kosmonaut, som nyleg hadde blitt den første personen i verdsrommet.

Då Jurij Gagarin kom tilbake til jorda i 1961, skal han ha sagt til den sovjetiske statsleiaren Nikita Khrusjtsjov:

«Eg har vore i himmelen, men såg ingen gud.»

KAZAKHSTAN-BAIKONUR-GAGARIN

KOSMONAUT: Jurij Gagarin vart det første mennesket til å flyge i bane rundt jorda med romfartøyet Vostok i 1961.

Foto: - / AFP

– Utforskinga av verdsrommet punkterte førestillinga om at himmelen over oss er den same som i det religiøse omgrepet «himmel». Alle kyrkjetårn og kuplar strevar opp mot denne naturalistiske himmelen, men her mellom høgblokkene ville dette vore ein tom formal gest, sa Lund då han vart intervjua av NRK i 1997.

Men om ikkje kyrkja skulle ha verken spir eller kuppel, korleis skulle taket sjå ut da?

Det var sommar, men Lund kunne enda ikkje ta ferie. Han sende familien til hytta, og vart sjølv verande igjen på kontoret. Framfor seg hadde han ein modell av kyrkja.

– I rein desperasjon laga eg ein kuppel og la han oppå modellen. Eg sat og såg på den helvetes kuppelen, så plutseleg tok eg og snudde han opp ned, slik at han låg ned mellom veggane, sa Lund. Og då, då brast eg i gråt.

Knyttneven frå himmelen

St. Hallvard kirke

DEN OMVENDE KUPPELEN: Det hengande taket i St. Hallvard kirke består av eit 8 cm tjukt armert betongskal.

Foto: Javier Auris / NRK

Lund var ingen kyrkjegjengar, men fekk likevel ei slags religiøs oppleving med å snu kuppelen opp ned. Ei så enkel handling, men likevel fullstendig banebrytande. Ikkje berre for norsk arkitektur, men for heile verda.

Huset vart det første i Noreg til å delvis bli teikna digitalt. Først for hand, og deretter rekna ut gjennom ei enorm datamaskin med hjelp av doktoringeniør Tore Christoffersen. Slik klarte dei å finne brennpunktet for den merkelege parabelen i taket.

Mange ville nok gått den enkle vegen, og berre lagt eit flatt tak oppå den omvende kuppelen. Det var jo trass alt berre fuglar, pilotar og bebuarar i toppen av høgblokkene som ville få glede av han frå utsida. For Lund var det derimot viktig at fasaden skulle vere tru mot korleis huset såg ut inne.

St. Hallvard kirke

FUGLEPERSPEKTIV: St. Hallvard kirke sett frå ei av høgblokkene i Enerhaugen borettslag på Tøyen i Oslo.

Foto: Javier Auris / NRK

Dette bydde på utfordringar, for kva skulle han gjere med alt regnvatnet som samla seg i bassenget på taket?

– Vi måtte føre vatnet ned gjennom eit stort røyr, og det kunne jo ikkje stå nakent i kyrkjerommet. Eg skjerma det difor med ei teglsteinskube, som romma noko så prosaisk som eit bøttekott, forklarte Lund.

Det er ikkje mange heilage bygg som har eit bøttekott midt i kyrkjerommet. På kraftige regnversdagar kan kyrkjelyden høyre vatnet fosse ned i utslagsvasken i kottet, som har blitt eit slags spir som er opp ned frå kuppelen ned i rommet.

St. Hallvard kirke

DET OMVENDE SPIRET: Vatnet frå taket blir ført ned gjennom eit bøttekott i kyrkjerommet og endar opp i ein utslagsvask.

Foto: Javier Auris / NRK

– Taket er som eit knyttneveslag frå himmelen. Lund skulle utforske det mystiske, og vi ser at det er det mystiske han har klart å bygge, seier arkitekt og professor Aina Dahle.

Professoren meiner kyrkja har gått inn i rekkja av nemneverdige hus i verdsarkitekturen, og at arkitektane Lund og Slaatto har bidratt vesentleg til at norsk arkitektur har fått merksemd i utlandet. Dahle meiner også at eit bygg som dette aldri kunne blitt bygd i Noreg i dag.

– Dette var ei tid då det frie initiativ vart sett stor pris på. Arkitekturen var ikkje like prega av EUs arkitektsdirektiv og konkurransar. I dag har Noreg blitt den «flinkaste» guten i klassa, seier Dahle.

Einar Dahle

PROFESSOR: Aina Dahle er professor emeritus ved Arkitekthøgskolen i Oslo. Ho meiner St. Hallvard kirke er ein høydare innan norsk arkitektur.

Foto: Arkitektur- og deisgnhøgskolen i Oslo

Fagfolket stiller seg i kø for å rose St. Hallvard kirke. Men korleis er det eigentleg for presten å jobbe i ho? Er det så praktisk å gå under eit hengande tak som nesten snittar hårsveisen kvar dag?

– Folk svima av i kyrkjerommet

– Presten som jobba her tidlegare var redd for at taket skulle dette ned kvar gong han feira messe, seier den vietnamesiske presten Carlo Borromeo Le Hong Phuc.

Han har jobba og budd i St. Hallvard kirke i seks år, og har tatt imot tusenvis av turistar og pilegrimar. Han har sjølv blitt vant til det hengande taket, men legg ikkje skjul på at han også har opplevd fleire utfordringar med den eksperimentelle arkitekturen.

Carlo Borromeo Le Hong Phuc

KLATREPREST: Carlo Borromeo Le Hong Phuc viser fotografen den hemmelege vegen opp til taket.

Foto: Javier Auris / NRK

– Vi brukar mykje røykjelse, og ventilasjonen har vore dårleg. I fjor sommar var det frykteleg varmt, og då var det fleire som svima av i kyrkjerommet. Det har vore lite lys, så det har vore vanskeleg å lese teksten. Lyden har også vore låg, så folk har klaga og sagt: «Eg høyrer ingenting!»

I år har kyrkja blitt renovert, og fått fleire oppgraderingar: Ventilasjonsanlegg, lydanlegg, og fleire lyskjelder i kyrkjerommet. Men det finst store avgrensingar for kva som er lov til å gjere med bygget. Kyrkja vart nemleg freda av Riksantikvaren i 2012.

Det er uansett ikkje først og fremst funksjonaliteten som har gitt kyrkja legendestatus.

Båtflyktningane si trygge hamn

Carlo og tusenvis av andre vietnamesarar kom til Noreg som båtflyktningar på 70-, 80- og 90-talet. Det same gjorde katolikkar frå blant anna Eritrea og Sri Lanka. Mange av dei enda opp i den merkelege kyrkja på Tøyen.

St. Hallvard kirke

STORE KONTRASTAR: St. Hallvard er vesentleg mørkare og enklare i stilen enn dei fleste andre katolske kyrkjer.

Foto: Javier Auris / NRK

– Eg trur mange kom til kyrkja, ikkje berre for bøn, men også for ro og avkopling. For ei slags indre læking. Ikkje berre på grunn av arkitekturen, men også på grunn av munkane som var opptatt av å hjelpe dei fattige, seier Carlo.

Presten seier bruken av St. Hallvard kirke skil seg ut frå dei fleste andre kyrkjer.

– Det vanlege er jo at folk kjem til kyrkja for gudstenester på søndag. Men hit kjem alle slags folk kvar dag for å berre sitje i bygget.

Carlo Borromeo Le Hong Phuc

PREST: Carlo Borromeo Le Hong Phuc leiar den største katolske kyrkjelyden i Oslo. St. Hallvard har 15.500 medlemmar frå 120 nasjonalitetar.

Foto: Javier Auris / NRK

Det er noko forhistorisk med det sirkulære kyrkjerommet, heilt utan akse og retning. Her finn vi tilbake til eit av våre mest grunnleggjande behov – å samlast rundt eit fast punkt, eit sentrum. På same måten som menneskeslekta har samla seg rundt eldstaden i tusenvis av år.

Kjell Lund valde å låne Ibsens ord frå teaterstykket «Brand» for å skildre kva slags kyrkje han hadde tekna:

«Innad; innad! Det er ordet! Dit går veien, der er sporet. Eget hjerte, – det er kloden, nyskapt og for Gudsliv moden; der skal viljegribben dødes, der den nye Adam fødes.»

– Og det er vel det det til sjuande og sist dreier seg om i heilage rom, konkluderte Lund.

PS: St. Hallvard kirke og kloster er open kvar dag gjennom sommaren, og ligg ca. fem minutts gange frå Tøyen T-banestasjon i Oslo.

Kjelder:
Bok: St. Hallvard kirke og kloster, 1997.
Bok: Lund & Slaatto, 1988.
Bok: Kirker i Norge, Bind 6, 2008.
Artikkel: Ved kildene (Christian Norberg-Schulz), 1966.
Dokumentar: Arkitekt Kjell Lund: Sakral strukturalist, 1997.

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel!

Anbefalt vidare lesing: