I København er prisane 34 prosent lågare enn i Oslo. Å kjøpe ei leilegheit i Stockholm er 10 prosent billigare.
– Dette skuldast at Norge er eit rikare land, seier sjeføkonom i Danske Bank Las Olsen.
Christan Dreyer i Eiendom Norge understrekar at dette ikkje er noko å juble over. Mange nordmenn har ei veldig høg gjeld, og difor hadde det vore ønskeleg at prisoppgangen på bustader hadde vore meir dempa.
– Vi har ei høg kjøpekraft, og det har vore stor etterspurnad og mangel på tilbod i Oslo, forklar Dreyer.
- Test deg sjølv:
Krise i Danmark
På starten av 2000-talet trona København på toppen av statistikken, men finanskrisa gjorde at bustadprisane nærast kollapsa.
Ei stund var det faktisk dobbelt så dyrt å kjøpe leilegheit i Oslo som i København, syner tal frå Bjørn-Erik Øye i Prognosesenteret.
– I Danmark har krisa vore svært djup, seier Las Olsen i Danske Bank. Eit anna moment som har bidratt til låge prisar, har vore svært god plass i København til å bygge nytt, sjølv i dei beste havneområda.
Stockholm har også tradisjonelt sett vore dyrare enn Oslo, men etter mange heftige bodrundar i den norske hovudstaden i 2016, gjekk Oslo heilt til topps i Skandinavia.
- Les meir:
Oslo kan auke forspranget
– Eg trur at København og Stockholm i år vil komme tettare på kvarandre i pris. Men ser vi eit par år fram i tid er det nok risiko for eit nytt fall i København, seier Olsen.
Årsaka til risiko for prisfall i København, er stor tilgang på nye leilegheiter i den danske hovudstaden. Og frå 2021 vil mange leilegheiter få høgare eigedomsskatt.
Bjørn-Erik Øye i Prognosesenteret meiner difor at Oslo kjem til å auke forspranget i åra som kjem.
– Vi forventa ein vekst på tre til fire prosent i dei kommande åra i Oslo.
I og med at den norske økonomien og kjøpekrafta i Norge er større enn hjå vore naboar, vil ei renteauke ha mindre å sei for norske huskjøparar.
– Vi må hugse på at ei renteauke er eit sunnheitsteikn og at arbeidsløysa då går ned. Men det er klart at det kan ha ein viss psykologisk effekt på bustadmarknaden, seier Øye.
Dei nest største byane, Bergen og Göteborg, er i ferd med å bli like dyre som den danske hovudstaden. Billigast er det i Aarhus.