Slinningsbålet 2018

Ungdomane står trinnvis oppover den bratte bålsida. Bygginga av det verdskjente Slinningsbålet i Ålesund er ingeniørkunst som går i arv over generasjonar.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Du er med på noko større enn deg sjølv

Å bygge sankthansbål i Ålesund er ikkje for dei med høgdeskrekk. Byggekunsten er nedarva gjennom generasjonar.

Høgt over bakken på Slinningsholmen i Ålesund tek eit av verdas største sankthansbål form. Frå toppen av det stupbratte byggverket er det over 30 meter rett ned. Ungdomane står trinnvis med beina plassert like over hovudet til nestemann. Berre ein sele sikrar at dei står trygt i den bratte bålsida. Med ei fast rytme blir pallar av tre sendt opp til toppen.

Slinningsbålet 2018

Ungdomane sender byggematerialet opp til toppen av bålet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Arbeidet flyt så naturleg at det nesten ser lett ut. Men det er langt frå sanninga. Alt blir gjort med handmakt. Det krev presisjon, samarbeid og nøye planlegging. For det er ikkje kva som helst slags bål dei er i gang med å bygge. Slinningsbålet har vore ein tradisjon i årerekker, og samlar store og små til dugnad kvart år. Det rekordhøge bålet har også blitt kjent langt utanfor Norges grenser.

– Du er med på noko som er større enn deg sjølv. Det er ein del av kulturen og historia vår, seier Andreas Dahle Bekjorden (19), som er ein av årets tre bålsjefar.

Nedarva tradisjonar

For det er nettopp den sterke dugnadsånda som er noko av suksessen bak den årelange tradisjonen. Oskar Hessen (15) har vakse opp eit steinkast frå Slinningsodden. Så lenge han kan huske har han følgt med på bålbygginga. No er han ein del av bålgjengen for andre året.

Oskar Hessen

Oskar Hessen vil vere med å bygge Slinningsbålet i mange år framover.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Både far min og to av onklane mine har vore bålsjefar og bålbyggarar. For meg betyr det mykje å vidareføre familietradisjonen og å vere ein del av fellesskapen, seier han.

Dei fleste av ungdomane som deltek i bygginga er frå området rundt Slinningen. Men dei kjem også frå andre delar av Ålesund.

Mange er gutar, men det finst også nokre jenter. Kvart år kjem nye til, medan andre sluttar. Slik har det vore i alle dei år. Å lære opp nye generasjonar er ein viktig del av prosessen. Også kunnskap og byggemåte har blitt nedarva gjennom fleire generasjonar. Tusenvis av pallar blir stabla oppå kvarandre og spikra saman. Godt samarbeid sikrar at byggematerialet når toppen. Alt blir gjort for hand. I løpet av åra har dei gjort seg erfaring og tilpassa måten dei bygger på. Mellom anna er fundamentet på bålet blitt betre.

– Vi har utvikla ein heilt eigen teknikk som gjer at vi kan bygge så høge og stabile bål som vi gjer. Alle blir godt integrert og får lære ein byggestil som har blitt utvikla over fleire år, seier Hessen.

Oskar Hessen

Både faren og to av onklane til Oskar Hessen har vore bålsjefar og bålbyggarar på Slinningsbålet. For han har det vore viktig å kunne vidareføre tradisjonane.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fellesskap og samhald

Både Hessen og bålsjefen vektlegg det sterke samhaldet som noko av det beste med bygginga av Slinningsbålet. Bekjorden deltok i bygginga av Slinningsbålet for første gong i 2015, og skjønte raskt at dette var eit fellesskap han ville vere ein del av.

– Vi hadde jobba heile den siste natta. På morgonen såg vi sola komme opp over byfjellet Aksla. Det samhaldet eg opplevde og den kjensla eg fekk då var heilt fantastisk. Vi skapar vårt eige miljø, noko som gjer samhaldet så sterkt.

Som ein del av dette fellesskapet er det minst like viktig å lære nye medlem korleis dei best sikrar seg for å unngå skader, fortel Bekjorden.

– Du skal ikkje dette mange meterane før du blir skadd. Dersom du mister ein av trepallane frå 20 meter så kan det også gjere stor skade. Difor har vi mykje fokus på sikkerheit og bruk av rett utstyr. Heldigvis har vi greidd å unngå alvorlege skader opp gjennom åra, og det vil vi halde fram med.

Slinningsbålet 2018

Slinningsbålet i Ålesund er blant dei høgste sankthansbåla i verda.

Foto: Remi Sagen / NRK

Sterke båltradisjonar

Brenning av bål på sankthansaftan starta allereie på midten av 1800-talet i Noreg. Rundt 1950–60 stod båltradisjonane sterkt i Ålesund, og det var vanleg at kvar bydel eller gate hadde sitt eige bål. Båla blei laga av tønner og kasser som blei fylte med ved, kleder og anna brennbart materiale.

– Båltradisjonane i Ålesund er heilt spesielle. Både når det gjeld storleiken og talet på bål. Nærleiken til sjøen gjorde det mogleg å bygge store bål, og det blei ei konkurranse, fortel byhistorikar Harald Grytten, som også har skrive bok om sankthansbål og båltradisjonar i Ålesund.

Dette opptaket viser bål ulike stadar i Ålesund i 1965, mellom anna eit av dei tidlegare båla på Slinningen.

Slinningsbålet held stand

Men frå 1960-70-talet begynte det å minke med bål. I alle fall når det gjaldt storleiken på båla. Strukturane i korleis folk budde endra seg, og med det forsvann også noko av båltradisjonane og identiteten som hadde vore knytt til dei ulike bydelane og gatene, forklarar Grytten.

Harald Grytten

Byhistorikar Harald Grytten meiner at båltradisjonane i Ålesund er heilt unike.

Foto: Terje Reite / NRK

På 1990-talet var det i hovudsak berre Slinningsbålet og Skjervabålet som konkurrerte om å bygge det høgste bålet i Ålesund. No er det berre Slinningsbålet igjen. Byhistorikaren trur det er fleire årsaker til at tradisjonane på Slinningen har overlevd tidas tann medan andre store bål har gått tapt.

– Dette området har framleis mykje av dei same bustrukturane som før. I tillegg har dei greidd å halde rekrutteringa ved like. Bålet ligg også spektakulært til ute på holmen. Det er ei fryd å sjå på den teknikken dei brukar når dei bygg, seier Grytten.

Han trur også at merksemda bålet har fått opp igjennom åra har vore ein viktig faktor.

– Kvart år kjem folk kjem langvegs frå for å sjå bålet. Du ser på oppmøtet at det er viktig for identiteten og at det betyr noko for folk. Det er klart det gir nøring til dei som bygg bålet, seier Grytten.

I 2001 var Slinningsbålet det einaste store bålet i Ålesund.

Frå Ålesund til verda

I 2016 fekk Slinningsbålet internasjonal merksemd då dei blei verdas høgste bål. Rekorden på 47,396 meter bestod av mellom 35-40.000 pallar og blei godkjent av Guinness World Records. Videoar av rekordbålet spreidde seg raskt over heile verda, og bålgjengen blir stadig kontakta av folk som let seg imponere av jobben dei gjer.

– Vi blir stadig kontakta av folk frå utlandet som har sett videoar av bålet og har lyst å kome hit, seier Bekjorden.

Videoen frå bygginga av rekordbålet kan du sjå her:

Usikker framtid

Trass i verdsrekordar og stor merksemd både heime og internasjonalt, opplever også Slinningsbålet vanskar med å rekruttere nye medlemmer. Særleg dei siste åra har det blitt eit aukande problem.

Andreas Dahle Bekjorden

Bålsjef Andreas Dahle Bekjorden ser fram til å tenne Slinningsbålet.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Kvart år får vi spørsmålet; blir det bål i år? Det spørsmålet har aldri stått så sterkt som no, held han fram.

Men det er likevel ei stund før han treng å uroe seg for neste års rekruttering. Før den tid skal han og resten av bålgjengen feire etter ei lang natt med intensiv jobbing. Og ikkje minst, dei skal sjå på medan månader med hardt arbeid går opp i røyk. Når bålet blir tent klokka 21.00 laurdag kveld, veit bålsjefen at det blir ein del kjensler. Det er både trist og gøy, fortel han.

– Mest av alt er det herleg å sjå bålet brenne. Det blir sånn når du har ofra så mange timar og jobba med noko så lenge, smiler Bekjorden.