Hopp til innhold

– Fornuftig at Borten Moe tek pause

Fleire fylkesleiar i Senterpartiet meiner det er rett av Ola Borten Moe å ta ei pause frå vervet som nestleiar i partiet.

Tove Henøen

Fylkesleiar i Møre og Romsdal Senterparti, Tove Henøen, gjekk i helga ut og bad den skuldige stå fram. Ho meiner det er rett av nestleiar Ola Borten Moe å fråtre til saka er løyst.

Foto: Trond Vestre / NRK

Måndag ettermiddag kom nyheita om at Ola Borten Moe fråtrer som nestleiar inntil saka om meldinga til Liv Signe Navarsete er løyst. Det er forsvarleg og fornuftig, meiner Tove Henøen, fylkesleiar i Møre og Romsdal Senterparti.

– Så lenge ingen står fram og innrømmer å ha sendt SMS-en så vil tilliten til alle ti som var til stades vere svekka. Det er vakse gjort av Borten Moe å fråtre til den skuldige står fram, seier ho.

Fylkesleiarar støttar avgjerda

«Vi har lyst på fitta di» stod det i meldinga som vart sendt til Navarsete på ein fest under ein hyttetur for to år sidan. Alle dei ti mennene som var på turen har nekta for å ha sendt meldinga, til trass for oppfordringar om at den skuldige bør stå fram. Åtte av dei ti har tillitsverv i Senterpartiet.

Senterpartiets landsmøte 2017.

Partileiar Trygve Slagsvold Vedum har varsla at han vil gå til politiet dersom ingen innrømmer å ha sendt meldinga.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Fredag gjekk tidlegare Sp-leiar Åslaug Haga ut og bad partiet suspendere nestleiar Ola Borten Moe og dei andre som var med på hytteturen, for å tvinge fram sanninga. Om ingen tek ansvar for meldinga, har partileiar Trygve Slagsvold Vedum varsla at han vil gå til politiet.

Ola Borten Moe meiner saka har skapt så mykje tvil, usikkerheit og rykte at det er umogleg for han å fungere som nestleiar.

Svein Leiros

Svein Leiros, fylkesleiar i Troms, meiner det er på høg tid at den som har skrive meldinga står fram.

Foto: Jørn Inge Johansen / NRK

Fylkesleiar i Telemark, Olav Urbø, seier til NRK at avgjerda til Ola Borten Moe verkar fornuftig.

– Dette er både ansvarleg og ryddig av Ola, seier Urbø.

Svein Leiros, fylkesleiar i Troms, støttar opp om avgjerda som Borten Moe har tatt med å ta ein pause frå nestleiarvervet.

– Eg støttar han i denne avgjerda. No er det på høg tid at den som sende meldinga er vaksen nok til å stå fram, seier han.

– Kan skade partiet

Sigurd Reksnes, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Sp, håper at avgjerda til Borten Moe no legg så sterkt press på den som har sendt meldinga, at dei står fram.

Sigurd Reksnes

Sigurd Reksnes, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Sp, synest det er klokt av Borten Moe å ta ei pause.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Nokon må jo sitte med dårleg samvit. Når ein nestleiar går til det steget at han fråtrer, så viser det kor alvorleg saka er, seier han.

Fleire av fylkesleiarane håper no at den som har sendt meldinga vil stå fram og be om unnskyldning.

– Eg håper at vi får avslutta dette no. Det er ikkje bra å ha dette gåande over lengre tid, seier Reksnes.

Tove Henøen fryktar at saka kan vere med på å svekke partiet, dersom den dreg ut.

– Vi ønsker å ha fokus på politikken, og det er vanskeleg så lenge ein ikkje får lagt denne saka død, seier Henøen.