Historia rundt det omdiskuterte sjukehuset for Nordmøre og Romsdal tok ei ny og overraskande vending 13. juni då Helse Møre og Romsdal og Sykehusbygg på kort varsel stoppa heile anbodsprosessen.
I eit til no hemmeleghalde dokument blir det hevda at det kunne ha lønt seg å halde fram forhandlingane med entreprenørane.
Dokumentet som NRK har fått tilgang til er ei juridisk utgreiing frå advokatfirmaet Wiersholm. Utgreiinga er bestilt av Skanska Norge. Dokumentet blei sendt til Sykehusbygg kvelden før det avgjerande styremøtet og til styreleiaren i Helse Møre og Romsdal om morgonen dagen etter.
Styret i Helse Møre og Romsdal gjorde vedtak utan at den juridiske vurderinga blei gjort kjent under møtet.
– Vi er forundra over at Sykehusbygg og Helse Møre og Romsdal har sagt nei til å bruke eit handlingsrom til å gå i dialog med entreprenørane, seier kommunikasjonsdirektør i Skanska, Audun Lågøyr.
– Fleire hundre millionar i innsparingar
Lågøyr seier at Skanska har kome med konkrete innsparingsforslag til prosjektet. Av omsyn til anbodsprosessen ønskjer han ikkje å gå i detalj. Men innsparingane kan, ifølgje Lågøyr, vere på fleirfoldige hundre millionar kroner.
– Det dreiar seg om eit stort tresifra milliontal, altså fleire hundre millionar kroner. Det kan eg trygt seie. Og dette er Sykehusbygg klar over, seier Lågøyr.
– Realitetsbehandlar ikkje slike notat
Prosjektleiar Helle Jensen i Sykehusbygg stadfestar overfor NRK at ho mottok eit notat frå Skanska 12. juni, kvelden før styremøtet i Helse Møre og Romsdal.
– Vi registrerte at vi mottok det, men realitetsbehandlar ikkje slike notat. Administrerande direktør Espen Remme blei orientert om det. Men vår vurdering var at dette ikkje på nokon måte påverka vår vurdering i dette, seier Helle Jensen til NRK.
Jensen seier til NRK at det ville vere i strid med lov om offentlege anskaffelsar å offentleggjere notatet for styret.
– Riktig konklusjon
Styreleiar i Helse Møre og Romsdal, Ingve Theodorsen, fekk dokumentet om morgonen den 13. juni, altså same dag som styret i helseføretaket vedtok å avlyse anbodsrunden. Han seier at han ikkje fekk tid til å lese dokumentet, men at det neppe hadde endra noko som helst.
– Vi meiner at den konklusjonen som er gjort, er riktig. Det var umogleg å halde fram forhandlingane, seier styreleiaren. Han viser til informasjon han har fått frå Sjukehusbygg om at det ikkje var mogleg å komme ned på den prisen dei ynskja.
– Trudde dette var ein seriøs prosess
Kommunikasjonsdirektør Audun Lågøyr seier at Skanska opplevde dialogen med Sykehusbygg som god lenge.
– Vi trudde dei var ute etter å få den best moglege løysinga til riktig pris. Vi klarte å gjennomføre ein slik prosess i Tønsberg og trudde dette var mogleg også i Møre og Romsdal. Det er pussig at dei bryt prosessen før dei ser det endelege tilbodet frå vår side. Då må det vere noko anna som uroar helseføretaket. Vi trudde dette var ein seriøs prosess frå Sykehusbygg og helseføretaket si side. No ser vi på kva vi vil krevje av erstatning, seier Lågøyr.